Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Johan Peter Andersson frå Stenkyrka socken i Bohuslän - fødd 1854 - ei svensk utfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I følgjande tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/219784-martha-eriksdotter-høgi-fødd-i-hafslo-1831-gift-med-zacharias-andersson-frå-røst-værøy-ho-levde-då-far-hennar-døydde-i-bergen-1881-men-kvar-vart-det-av-dei-troms-eller-amerika/

 

er det gjennom denne vigsli på Bakklandet ved Trondheim 3.4.1881 dukka opp ei utfordring med svensk «tilsnitt»:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/3034/31

 

Brudgommen er steinhoggar Johan Peter Andersson, fødd i Stenkyrka socken i Bohuslän i 1854 som son av innerst Anders Pehrson!

 

Er det mogeleg å få hjelp til å finna ut:

 

* Nøyaktig dato og stad for fødsli til Johan Peter?

 

* Fulle namn på foreldri hans med yrkestitel på far og opphavi til både far og mor?

 

* Eventuelle opplysningar om levnadsløpet til Johan Peter?  (Eg finn ikkje dette parfolket att i norske kjelder etter 1881...)

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Født i Stenkyrka,Gøteborg og Bohuslän.Født 26/7 1854, døpt Johan Petter.

Foreldre: Anders Pehrsson og hustru Britta Johanna Nilsdtr.. Bosted ved fødsel Krosskärr i Stenkyrka.

 

Legger ved husforhør 1856-1862 med familien på Krosskärr.

 

Hilsen Kari

Stenkyrka-O-AI-25-1856-1862-Bild-132-Sida-128.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Pehrsson født i Stenkyrka 14/9 1831, foreldre torparen Pehr Andersson og hustru Christina Simonsdtr., Budahlemyr.

 

Brita Johanna født 8/3 1829 i Stenkyrka, foreldre åboen Nils Olsson og hustru Malena Jonsdtr., Kollekärr.

 

Hilsen Kari

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kari og Lars W. for spennande og nyttige innlegg!

 

Med dette er opphavet til Johan Pet(t)er Andsersson klarlagt, og me får greie på at hamna i Amerika!

 

No er spørsmålet: Let det seg gjera følgja foreldri Anders Pehrsson og Britta Johanna Nilsdotter i Sverige for å finna eventuelle ervingar etter dei?  Eg har søkt «på kross og tvers» i Amerika etter Johan Peter, men finn ingen som høver med omsyn til kona og born med norskfødd mor!

 

Eller er det mogeleg å finna utvandringi hans, eventuelt ei passasjerliste?  Eg finn han ikkje som utvandra over Trondheim!  Sjå eller «hovudtråden»...

 

Nok ein kjempetakk for framifrå bistand med oppklaring av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget!

 

Som du kanskje no har oppdaga, har eg greidd å spora opp Johan Peter og huslyden hans i Minneapolis, MN (sjå «hovudtråden»), og soleis er dette problemet heilt løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av denne svenske huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.