Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Magnus Nilsson (1864) og Ellen Marie Harstad (1867) - utvandra kring 1902/1903 til Bottineau Co., ND med fleire born, inkl. dotteri Sina, fødd 1889 - men kvar i Noreg kom denne huslyden ifrå?


Recommended Posts

Eg har hjå ancestry.com finne eit family tree for denne huslyden:

 

Magnus Nelson og Mary Ellen Harstad: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/44647511/person/6232732910/facts

 

men slektstreet fortel oss ikkje noko om KVAR i Noreg dei kom ifrå!

 

Eg har finne dødsattestane til parfolket som syner:

 

Magnus Nelson, fødd 4.3.1864

 

Ellen Marie Nelson, f. Harstad, fødd 20.4.1867

 

Dotter deira Sina skal vera fødd 4.10.1889.

 

Dei utvandra til Amerika i 1903, eller kan henda i 1902.

 

Eg er interessert i å få greie på/stadfesta følgjande:

 

** Fullt namn til dotteri Sina?

 

** Dato og stad for fødsli til Sina?

 

** Utvandringsåret?

 

** Kva yrke hadde Magnus i Noreg og kvar budde dei?

 

** Føde og oppvekststad for Magnus Nilsson?

 

** Føde og oppvekststad for Ellen Marie f. Harstad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Dåp nummer 37 kan være Sina

 

Nord-Trøndelag fylke, Inderøy (Sakshaug) i Inderøy, Ministerialbok nr. 730A10 (1879-1914), Fødte og døpte 1890, Side 70
Permanent bilde-ID: kb20060210030196
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060210030196
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060210030196.jpg
 

Utvandring nummer 21-29 i 1903

 

Nord-Trøndelag fylke, Inderøy (Sakshaug) i Inderøy, Ministerialbok nr. 730A10 (1879-1914), Utflyttede 1902-1904, Side 460
Permanent bilde-ID: kb20060210030566
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060210030566
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060210030566.jpg
 

Hjarteleg takk til Sven for kjappe svar med kjempefine opplysningar!

 

No har eg òg finne vigsli til Magnus og Ellen Marie i Inderøy 30.10.1891 som syner at Ellen Marie var frå Herstad: https://media.digitalarkivet.no/view/715/307

 

so då er dette problemet heilt løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppdatering av denne biografien!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.