Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Kva slags båt er det snakk om her? Og kva slags tilbehør høyrer med til båten?

Det gjeld den sjette siste oppføringa i spalta lengst til venstre på fol. 203 b, den med vberdi 1 rdl 3 mark: En ....ringsbaad .... med ...

her:

https://www.digitalarkivet.no/sk20090220630572

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/223328-b%C3%A5ttype/
Del på andre sider

3 timer siden, Remi skrev:

Søk på ordet åttring på Google så kommer der flust av bilder og forklarende sider.

jau... det er nok rett;  eg tenkjer både Knut og Else anar kva ein åttring er.

Men det er ikkje ein båt i skiftet. Det er heller utstyr (reide) til båten.

Det som gjer det uvisst er saum og "rør". Det høyrest ikkje ut som vanleg utrustning for fiske.

Kanskje utstyr for vedlikehald eller reparasjon?

Verdien 1-3-0 er den same som for to gryter (først i "Jernfang" på sida framom).

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/223328-b%C3%A5ttype/#findComment-1890800
Del på andre sider

Åttringen kjenner eg, det er ein storbåt for lofotfisket; hakket mindre enn fembøringen. Men eg kjende han ikkje att i skrift før Else las for meg, ein krøll frå linja over lurte med til å tru at ein annan bokstav enn O var førstebokstaven. Eg trur Elses bokstavkyndighet er viktigare her enn min eventuelle båtkyndighet!

 

Men så gir Ivar meg noko å tenkje på. Er det ikkje ein båt det er snakk om? Prisen treng ikkje forhindre det. I eit skifte frå Hagfors 1716 er "En gl ottring med sejel" verdsett til 3 rdl. https://www.digitalarkivet.no/sk20110401610120

Og seglet kan ha vore like verdifullt som båten.

 

Nå står det rett nok ikkje at båten i skiftet mitt, frå Åneset 1720, var gammal. Men han var  reed med tilslagen Jernsøm og Rør. 

Herifrå gjeld det å få meining i orda

-- "reed" les eg som "parat, klar" (jf. rede i bokmålsordboka)

-- "tilslagen jernsøm og rør" les eg som nyoppklinka - jernsaumen er båtspikar, mens ro  (fleire rør) er desse jernplatene som saumen klinkast fast i. Rør var eit ukjent ord for meg, men eg har heldigvis Norsk Ordbok i bokhylla! http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi?soek=ro#ariadne=[[|314247|,0,|ro|]]

 

Lågt verdsett var han kanskje, åttringen, men slik eg ser det no, har eg ikkje betre tolkning enn at det var "ein grei oppklinka åttring" Ånes-folket hadde.

Endret av Knut Skorpen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/223328-b%C3%A5ttype/#findComment-1891372
Del på andre sider

PS. Nedst til høgre på fol. 204, der verdiane er fordelte, ser eg at sonen Ole Ingebrigtsen fekk utlagt "en ottringsbaad red med søm tilsamen for 1-3-0. Eg spekulerte ein augneblink på om det kunne vere "ved", altså ved og saum til ein ottring, men ut frå drøftinga ovanfor held eg på lesninga til Else og tolkinga eg har gjort.

 

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/223328-b%C3%A5ttype/#findComment-1891374
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.