Gå til innhold
Arkivverket

Veg til ny tomt


Anni Hågøy
 Del

Recommended Posts

Hei. Me har fått løyve til å skilja ut ei tomt frå ein større eigedom, må difor ta stilling til kva vegrettar og vedlikehaldsplikter  den nye tomta bør få.  Eg  treng vita kva vegrettar/vedlikehaldsplikter som kviler på den store eigedomen og tilstøtande eigedomar.  Dette greier eg ikkje med dei tinglyste dokumenta eg har, avdi skrifta er vanskeleg å tyda, vegrettane står innimellom eit vell av andre opplysningar, og dokumentsamlinga mi er heilt sikkert ikkje komplett.  Korleis skal eg finna ut om tinglyste vegrettar/ vedlikehaldsplikter på g.nr 32, bnr 1,2,3,6,9,10 i Meland kommune på ein overkommeleg måte?  Helsing Anni Hågøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om eigedomsmaterialet som er lagt ut i Digitalarkivet finn du meir informasjon her:

https://www.digitalarkivet.no/content/start-properties

 

Dette materialet omfattar dei tinglyste eigedomsdokumenta fram t.o.m. 1950. For å finne rettar og plikter kan du ta utgangspunkt i det manuelle grunnboksbladet( https://media.digitalarkivet.no/self-service/grbb ) som viser oversikta over det som er tinglese på det enkelte bruk. Ver spesielt obs på skylddelingar og utskiftingar.

 

Om du ikkje klarer å tyde skrifta og treng dette til rettsleg bruk kan du tinge avskrift frå Arkivverket til 250, - kr pr avskriftsside( https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-avskrift#!/form/0 ). Statsarkivet har også ei avskriftssamling der vi har teke vare på avskrifter som er foretekne tidlegare. Om du er heldig kan det vere at nokre av dokumenta du finn vanskelege å lese allereie fins i denne avskriftssamlinga. I så tilfelle betaler du kun vanleg kopipris.

 

Statsarkivet i Bergen har open lesesal på kvardagar 09:00-15:00. Då kan du komme og få hjelp til å leite i papira.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.