Gå til innhold
Arkivverket

Endre Nilsson (1602-1675) - gift med futedotteri Cecilia Andersdotter frå Fuhr - gardbrukarar på Rebni og sidan på Mørkrid i Luster - men kvar vart det av denne greini av den sokalla «Heiberg»-ætti?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Futen Anders Larsson på Fuhr i Luster (1565-1630), som på «folkemunne» i lag med broren Søren Larsson på Talle (1575-1653) vert referert til som stamfedrar til Heiberg-ætti i Sogn, var gift med Maren Trudesdotter (1575-1653) og fekk ti born, mellom anna denne dotteri:

 

* Cecilia Andersdotter, truleg fødd i Luster kring 1610, gifte seg kring 1636 med Endre Nilsson frå Ottum i Luster, fødd kring 1602.  Desse var ei tid gardbrukarar på Rebni i Luster, men flytte tidleg på 1650-talet til nabogarden Mørkrid der Endre truleg døydde kring 1675.  Endre og Cecilia hadde minst tre søner, som alle budde heime i 1665:

 

** Anders Endreson, fødd kring 1641, nemnd som soldat

 

** Jacob Endreson, fødd kring 1647

 

** Nils Endreson, fødd kring 1649

 

Medan futen Anders Larsson var mellom dei rikaste innbuarane i heile Sogn, ser det ut til at Cecilia og Endre ikkje greidde å halda på den arven som dei eventuelt fekk, og huslyden forsvinn.  Ingen av sønene tok over garden, og dei er rett og slett «borte vekk»!  Eg ser ikkje noko til nokon av dei i Luster i 1701!

 

Kanskje er det nokon som har forska på denne sokalla Heiberg-ætti, og som kan vita kvar det vart av desse gutane og eventuelt andre born etter Endre og Cecilia?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Eg har i dag motteke ein kommentar frå Terje Tandsæther som gjeld denne huslyden.  Han har tidlegare gjort meg merksam på ein fjerde son i denne huslyden:

 

** Hans Endreson, fødd kring 1639, som vart husmann på Kalbakken under Skagen i Luster.  Han var gift med ei Martha Pedersdotter (og laut betala «ektebøter» med ho i 1666).  Dei hadde fleire born i Luster.

 

Men når det gjeld dei tre brørne som er nemnde i innlegg #1, seier han følgjande:

 

«Ingen av dem bodde i Sogn 1701. Så har jeg sett på om de kunne ha sønner nevnt i 1701 (Anders Endresen med mulig sønn Endre Andersen, Jacob Endresen med mulig sønn Endre Jacobsen og Nils Endresen med mulig sønn Endre Nilsen) uten at jeg ble noe klokere. Har også sjekket skifteregisteret for Indre og Ytre Sogn som du sikkert har gjort før, uten å finne noe.»

 

No veir me at mori Cecilia, dotter av futen Anders Larsson på Fuhr i Luster, hadde ei stor slekt, mellom anna i Bergen, so det er kanskje eit spørsmål om ein eller fleire av desse sønene til Endre og Cecilia kan ha hamna der??

 

Det hadde vore heile kjempe om me kunne greidd å komma på spor etter desse gutane frå Mørkrid, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.