Gå til innhold
Arkivverket

Christopher (1677) og Lars (1685) Arnessøner, husmannssøner frå Sande i Luster som flytte austafjells, men kvar vart det av dei? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Arne Larsson, fødd kring 1647, truleg ein svigerson av Christopher Halvorson på Steiog i Luster (1622-1682), kom som usmann til Hammarehn under gardehj Sande i Luster ein gong på 1680-talet og budde truleg der til framimot 1720.  Det finst ikkje noko skifte etter korkje han eller kona hans, men me kjenner til at deiu minst dferkk to søner:

 

* Christopher Arneson, fødd i Luster kring 1677, er nemnd i manntalet frå 1701 som tenar «syndenfjelds», og det ville den gongen seia at han oppheldt seg anten i Valdres, kan henda i Aurdal, eller i Hallingdal, mest truleg på Gol eller i Nes.

 

* Lars Arneson, fødd i Luster kring 1685, er ikkje nemnd i 1701, men er derimot nemnd i ei rekruttliste frå 1711, visstnok fråverande, som godt kan tyda at ogso han då var austafjells.

 

Ingen av desse brørne ser me noko meir til i Luster, og den store utfordringi her er følgjande:

 

** Ser ein noko til Christopher Arneson eller Lars Arneson i Valdres eller Hallingdal tidleg på 1700-talet, eventuelt med tilnamnet «nordmann» (d.v.s. frå det «nordafjeldske»)?

 

Eg hadde vorte kjempeglad om nokon greidde å finna spor etter dei og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.