Gå til innhold
Arkivverket

Ole Johnson Offerdahl (1793-1836) - opphavet hans frå Rinde i Feios (Leikanger), samt lagnaden til yngste dotteri Aaste, fødd 1835?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg ønskjer i kveld å henta fram ein huslyd som eg jobba ein del med på 1980-talet, men som eg først no med tilgong på «moderne hjelpemiddel» har voren i stand til å utgreia meir eller mindre fullstendig.  Dette er ætti til den katolske biskopen Olav Offerdahl (1857-1930)!

 

Eg står no i hovudsak fast på to saker:

 

** Opphavet til Ole Johnson Offerdahl frå Rinde i Feios og foreldri hans?

 

** Lagnaden til yngste dotteri Aaste Olsdotter Offerdahl, fødd i Årdal 1835?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript med utgongspunkt i andre kona til Ole Offerdahl, Sophia Ingebrigtsdotter frå Sande i Luster 1799-1850):

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Sophia Ingebrigtsdotter {Sande}, døypt {i Luster} 13.3.1799,

Sophia Ingebrigtsdotter flytte 1822 til Leikanger, og der gifte ho seg 5.1.1823 med enkjemannen Ole Johnson frå Rinde i Feios, Leikanger.  Han var son av

 

##### (yrkestitel? – John kalla innerst 1801!)

 

John Erikson på Rinde og kona Synneva Olsdotter frå Bergeim

 

##### (sjekka opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Leikanger 2.2.1793.  Han gifte seg første gongen i Leikanger 24.6.1817 med Randi Olsdotter, òg frå Rinde.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Sjurson på Rinde, og andre kona Gjertrud Endresdotter frå Nokken i Vik,

 

##### (sjekka opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Leikanger 24.6.1785.  Men Randi vart gravlagd frå Rinde alt 16.11.1817.  Sophia og Ole budde nokre år som plassfolk på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Rinde i Feios, men flytte kring 1827 flytte til Årdal, der me finn dei att som husmannsfolk på Grønehaugen under Offerdalen.  Ole Johnson var jekteskipper og d. av kolera på sjukehuset i Bergen 5.3.1836, medan Sophia d. som husmannskone i Offerdalen 29.10.1850.  Ole Johnson fekk i alt sju born, eitt frå første ekteskapet og seks frå det andre:

a. Ole Olson, døypt i Leikanger 10.8.1817, vart spedalsk og d. ugift på St. Jørgens hospital i Bergen 21.11.1837.

b. Randi Olsdotter, f. i Leikanger 12.6.1823, d. på Hovland i Årdal 6.10.1911.  Ho gifte seg i Årdal 19.5.1844 med Baard Svendson frå Resnes under Tangen i Årdal, f. i Borgund, Lærdal 17.8.1817.  Han d. som husmann på Tangen i Årdal 16.6.1870.  Randi og Baard tok over som husmannsfolk på heimeplassen hans på Resnes under Tangen i Årdal og fekk ti born i lag.

c. Christi Olsdotter, f. i Leikanger 3.9.1825, d. under opphald på Høyeim i Luster 19.4.1909.  Christi gifte seg i Årdal 30.5.1858 med Thomas Helgeson frå Naustehagen under Ve i Årdal, f. i Årdal 14.9.1826.  Han d. som husmann i Offerda­len 31.3.1877.  Christi og Thomas var husmannsfolk på Kleivi under Offerdalen i Årdal og fekk seks born i lag {mellom anna biskop Olav Offerdahl 1857-1930}.

d. Iver Olson Offerdahl, f. i Årdal 24.2.1828, d. som smed på Alvøen, Askøy 18.3.1879.  Iver flytte i 1849 til Alverstraumen i Alversund og gifte seg der 16.5.1858 med Johanna Knutsdotter frå Fosse indre i Alversund, f. i Alversund 8.6.1835.  Iver Offerdahl var smedsvein og sidan smed, og han og Johanna bude på Haugen, Alvøen i dåverande Askøy.  Som enkje utvandra Johanna Offerdahl i 1886 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Ho budde sidan òg ei tid i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men flytte etter hundreårsskiftet til Seattle, Wash. der ho d. 25.1.1908.  Dei fekk åtte born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Olaf, f. Alvøen 28.11.1858 – n. 1865/1875 – til Amerika 1884

            * Emilie Sofie «Mella», f. Hosanger 7.4.1861 – n. 1865/1875 – til Amerika 1884

            * Johanne Margrethe «Grethe», f. Alvøen 19.2.1864 – n. 1865/1875 – til Amerika 1886

            * Karen Serenne, f. Alvøen 11.1.1866, d. kort etter

            * Kristoffer, f. Alvøen 17.6.1867 – n. 1875 – til Amerika 1886

            * Johanne Berntine, f. Alvøen 25.10.1869 – n. 1875 – til Ameriika 1886

            * Marie, f. Alvøen, Askøy 6.11.1872 – n. 1875 – til Amerika 1886

            * Ingolf Johan, f. Alvøen, Askøy 28.2.1878 – til Amerika 1886)

 

e. Synneva Olsdotter Offerdahl, f. i Årdal 3.1.1831, d. ugift på ein sjukeheim i Bergen 21.7.1918.  Synneva flytte i ung alder som tenestejente til Bergen der ho vart buande levetidi ut.

f. John Olson, f. i Årdal 26.1.1834, d. på ein pleieheim i Bergen 19.7.1916.  John flytte i ung alder til Tansøy i Kinn, men gifte seg på Askøy 19.6.1859 med Agatha Johannesdotter frå Tveitevåg på Askøy, f. på Askøy 16.10.1830.  Ho d. i Bergen 20.4.1894.  John Offerdahl var for det meste dagarbeidar og budde ulike stadar i Svanøy og Eikefjorden sokner i Kinn.  Kring 1868 flytte dei so til Tveitevågen på Askøy der John var skøyteførar til dei på 1870-talet busette seg i Bergen.  John og Agatha fekk fire søner i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Samson Olai (Tansø) Offerdahl, f. Svanø, Kinn 1.10.1861 – snikkarsvein – med kona Synneva, f. Sogndal 1860 – han til Amerika som gift snikkar 1888! – Synneva følgde året etter med dotter Aagot!

            * Johannes Bertinius Offerdahl, f. Svanø, Kinn 22.10.1863 –n. 1891 ug. fyrbøtar ved sjukehus

            * Jacob Tobias Offerdahl, f. Eikefjorden, Kinn 16.12.1866 – n. 1885 reipslagarsvein

            * John Andreas Offerdahl, f. Askøy 10.7.1870 – n. 1885 steinhoggarlærling – til Amerika 1890)

 

g. Aasta Olsdotter, f. i Årdal 6.11.1835,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå roter jeg sikkert innlegget ditt til igjen, men har en Offerdahl som det sikkert er mange av i indre Sogn som avdød i Nedrerland.

image.thumb.png.3773977b4888484bbe207df610b7565f.png

 

NameOlav Offerdahl

Event TypeDeath

Event Date07 Oct 1930

Event PlaceBussum, Noord-Holland, Netherlands

Event Place (Original)Bussum

GenderMale

Age72

Birth Year (Estimated)1858

BirthplaceAardal (Noorwegen)

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Grethe for interessante og nyttige innlegg!

 

Olav Offerdal som døydde i Nederland i 1930, er faktisk biskopen som eg nemnde i innleiingi som son av Christi Olsdotter og Thomas Helgeson i Offerdalen!  Står det ikkje «apostolisch vicaris» under beroep?

 

Elles er det interessant å slå fast at Aasta Olsdotter i alle fall levde i 1850, då ho vart konfirmert.  Ho er ikkje registrert avlidi i Årdal, men eg finn ho heller ikkje nokon stad i landet i 1865!  Kan ho ha «lurt seg» til Amerika?  Eit mysterium!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.