Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Tyding av bustad i skifte frå Bergen 1859


Recommended Posts

Frå Statsarkivet i Bergen har eg motteke ein kopi av eit skifte frå Bergen frå 1859 som strekkjer seg over to sider!

 

Tredje linje på side 2 har omtale av sonen Elias, «søefarende men det er ikke hørt noget fra ham paa 5 Aar...»

 

So er spørsmålet:  Kva står det på neste linje, linje 5??

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Elling Bringe 1.jpg

Elling Bringe 2.jpg

Endret av Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Else for kjapt svar!  Eg hadde ein mistanke om at det var Holland det stod, men det kunne òg ha vore Hetland eller noko liknande...  No fekk eg det stadfest, og då kan eg senda ballen vidare til «Hollandseksperten» vår, Ivar Moe...

 

Problemet er med dette løyst, og eg er kjempenøgd!

Spekulasjon: Reint logisk tenker eg  at "da foer han fra Holland." verkar som det rette, det er snakk om kva som var utgangspunktet/heimstaden som han sigla frå. "Farer fra England, Farer fra Holland/ osv.", ikkje frå stader som Hetland, i så fall var det vel meir nærliggande å skriva "da foer han fra Stavanger"? 

Hjarteleg takk til Else og Richard for nye kommentarar om denne teksttolkingi!

 

Eg må seia meg samd med Richard når det gjeld bruken av Hetland som heimstad.  Det verkar svært ulogisk...

 

Eg har lagt saki fram for Ivar Moe, som har lovt å sjå på dette ved høve.  Kanskje får me ei løysing der..

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.