Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Trondheim 1706 – var «Madamme Mantzins» også kjend som «Lucia»?


Recommended Posts

Ved skifteutlegg 29. januar 1706 (skifte etter Christen Povelsen) fekk «Madamme Mantzins» lagt ut mindre partar i gardane Nord-Heggdal og Jendem i Romsdal (skifteprotokollen 26a).

https://www.digitalarkivet.no/sk20090203410028

Denne «Madamme Mantzins» må ha vore enka etter Jochum Mantzin som døydde i 1704, og ho gifta seg på nytt 31. mai 1707 med Hans C. Hagerup. Namnet hennar var Lydia, og ho var dotter av Thomas Hammond, jf. WikiStrinda.

 

http://www.strindahistorielag.no/wiki/index.php?title=Hans_Christian_Hagerup

Dei gardpartane som «Madamme Mantzins» fekk lagd ut på skiftet i 1706, vart av ektemannen Hans Hagerup ved skøyte 31. mars 1712 selde til Christen Stabel (pantebok 1706-1724 for Romsdal, folio 61b – 62a):

https://www.digitalarkivet.no/tl20081001650064

So langt eg maktar å tolke det som er skrive i panteboka folio 61b (7. og 8. line ovanfrå), les eg det slik:

«..hans hustrue og arvinger et min hustrue Lucia hamond paa skifftet effter hans Sl. Wærfa(der)..».

 

 

Om det siterte frå panteboka er rett, har eg spørsmålet om Lydia Hammond også var kjent som Lucia, eller om det innførte i panteboka må reknast som skrivefeil. På førehand takk for hjelp til oppklaring av dette spørsmålet.

 

For ordens skuld kan nemnast at førenamnet Lydia vart brukt m.a. i forlovarfråsegna 27. mai 1707 ("Vidue Lydia Hammond").

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070920660479

 

Endret av Erling Hagerup

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.