Gå til innhold
Arkivverket

Kvar var Ole Johannesson i 1900?


Alf Strand
 Del

Recommended Posts

Ole Johannesson Holmås vart fødd i Lindås 27/6 1881 av foreldre Johannes Nilsson og Sygni Olsdtr. I 1906 gifter han seg og buset seg i Masfjorden. Men kvar budde han i folketeljinga 1900? Du var foreldra paktarar på høyland, men Ole var ikkje der. Nokon somm kan finna han?

 

Med takksam helsing Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er heilt sikkert rett person. Ole J. Holmaas hadde tittelen sersjant då han gifte seg i 1906. Då er det nok her han har fått si utdanning. Takk skal du ha.

 

Mvh Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje noko med denne Ole å gjera - ikkje noko slektskap (trur eg 🙂).

Men eg vart nysjerrig og fann vigsla - 8. juli 1906 i Sandnes sokn i Masfjorden.

SAB, Masfjorden Soknepresembete, Klokkerbok nr. B 1, 1892-1913, s. 185
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070102660183

 

Du skriv at han var sersjant - her står det "kontorist i Bergen".

Nok om det.

 

Men står det om slektskap - heilt til høgre - at dei var "næstsøskendebørn"?.

Er det det som me kallar for tremenningar - altså eit felles sett med oldeforeldre?

Eg har aldri sett det før.

 

Mvh Jostein

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 minutter siden, Jostein Stokke skrev:

Men står det om slektskap - heilt til høgre - at dei var "næstsøskendebørn"?.

Er det det som me kallar for tremenningar - altså eit felles sett med oldeforeldre?

Eg har aldri sett det før.

 

"Næstsøskendebarn" er dansk for tremenning, ja.

(søkjer du her i forumet, finn du ein del tilslag)

 

https://ordnet.dk/ods/ordbog?aselect=Næstsøskendebarn&query=næstsøskendebørn

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg var ikkje klar over at Ola Holmaas og Johanna Isaksdtr. var i slekt før du nemnde det. Men no har eg sjekka at det stemmer:Oline Steffensdtr. Elvik, farmor til Ole J.Holmaas, var søster til Johannes Steffenson Elvik, morfar til Johanna Isaksdtr. Så brurfolket var tremenningar. Då Ole gifter seg på nytt i 1918 er han titulert bonde og sersjant.

Takk fpr hjelp.

Mvh Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er som sagt alltid nysjerrig og endeleg var det nokon som kviskra med i øyra at skulen Ola og alle dei andre gjekk på, var Underoffisersskolen - Kvarven Fort.

Takk for meg i denne tråden!

 

Mvh Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.