Gå til innhold
Arkivverket

Opphavet til Anne Torgrimsdotter Steinsrud Bråtådokk i Tinn, fødd om lag 1824–1827


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Det gjeld opphavet til Anne Torgrimsdotter i Tinn. Eg finn henne ikkje i kjeldene. 

 

Ho blei 9. juni 1857 gift med Jon Brynjulvsson Kjeringkåse Bråtådokk i Mæl i Tinn, dotter av «Torgrim Stensrud». 

 

Sjå paret M10 nest nedst på sida:

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20061128350223

 

Ved vigsla er ho oppgjeven å vera 30 år , d.v.s. fødd om lag 1827. Han er oppgjeven til å vera 26 år, dvs fødd om lag 1831. Dåpsinnføringa viser at han er fødd 5. mars 1831 på Plassen under garden Rollag, døypt 23. april 1831 i Mæl.

 

Tinnsoga skriv under Steinsrud (plass under Dale i Dal sokn) om ekteparet Torgrim Gunnleiksson og Birgit Tovsdotter og huslyden deira. Dei er førte med seks born fødde i perioden 1793 til 1807. Denne Torgrim Gunnleiksson er fødd i Hovin sokn i Tinn i 1757, Birgit Tovsdotter er fødd om lag 1767. Ho ville altså vera om lag 60 år når ei mogleg dotter Anne Torgrimsdotter blei fødd i 1827. Eg ser derfor bort frå dette paret som foreldre til Anne Torgrimsdotter.

 

Men paret har ein son Torgrim Torgrimsson fødd i 1802, døypt i mai 1802 i Dal sokn. Han er ein mogeleg farskandidat til ei dotter Anne fødd i 1820-åra. Men Anne er ikkje å finne. Torgrim Torgrimsson er elles registrert utflutt frå Dal sokn i Tinn til Uvdal sokn i Rollag prestegjeld som Torgrim Torgrimsson Steinsrud i 1826, «løskarl», 24 år gamal. Broren Tov Torgrimsson Steinsrud, 27 år, er registrert utflutt til Uvdal på same tid.

 

I folketeljinga 1865 er Anne Torgrimsdotter og mannen Jon Brynjulvsson busette i «Natevig» (feilaktig transkribert for Notevik) i Mæl sokn. Der er Anne opplyst å vera fødd i «Sillejords Prestegjeld».

 

https://www.digitalarkivet.no/census/rural-residence/bf01038142002523

 

Vidare er alderen hennar oppgjeven til 42 år, sju år eldre enn ektemannen. Det vil seia at ho kan vera fødd om lag 1824 i Seljord. Men der er ingen spor å finne i kyrkjebøkene i tidsperioden 1823–1828.

 

I folketeljinga 1875 er Anne og ektemannen busett i Bråtådokk, plass under Grønskei i Mæl sokn. Anne er no opplyst å vera fødd i «Seuvde» i 1824. Men i Sauherad finn eg inga Anne Torgrimsdotter døypt eller konfirmert som passar. 

 

https://www.digitalarkivet.no/ft20110223320110

 

Opplysningane om Annes opphav sprikar altså for å seia det mildt.

 

For å leggje til enda meir sprik kan eg nemne formuleringa frå Tinnsoga under Bråtådokk: «… kom Jon Brynjulvsson Kjeringkåse som husmann til Bråtådokk. Han vart som nemnt gift i 1857 med Anne Torgrimsdotter Steinsrud i Gransherad.»

 

I Gransherad er det eit Steinsrud u. øvre Bøen, jamvel ein Torgrim Kjetilsson f. 1793, jf. side 154-155 i Gransheradsoga. Han er gift i 1825 med Ingebjørg Olsdotter frå Heddal og berre to søner er nemnde: Ola f. 1826 på Flåten i Lisleherad og Kjetil fødd på Steinsrud i 1830. Inga Anne Torgrimsdotter har eg funne i kyrkjeboka for Gransherad i aktuelt tidsrom.

 

I Hovin sokn i Tinn er det også eit Steinrud. Men der finst ingen spor av Anne Torgrimsdotter.

 

Anne og ektemann Jon og dei to døtrene Aslaug f. 1858 og Alis f. 1863 emigrerte til Red Wing i Minnesota 8. juli 1882. 

 

Er Anne Torgrimsdotters opphav å finne?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur konfirmasjonen må vere den nedst til høgre her:

SAKO, Tinn kirkebøker, F/Fb/L0001: Ministerialbok nr. II 1, 1815-1843, s. 254
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051005020714
 

Eg har vanskar med å tyde alt, men det ser ut til at det er snakk om fødsel i 1823 og dåp i Åmotsdal i Seljord.

Ugift mor: Aslaug Halvorsdtr.

Endret av Torodd Kinn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg hoppa høgt i stolen i skuggen under markisa, og trur du fann henne! Gjorde ein grovtranskripsjon som eg skal sjå på seinare i kveld, og den blir lagt ut her for korrektur etterkvart! Takk så langt!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forsøksvis transkripsjon frå høvesvis ministerial- og klokkarbok (noko ulikt oppsett, men så godt som identisk tekst så langt eg ser):

 

Mini nr. II 1, 1815–1843 side 254

 

Konfirmasjon i Atrå 13. oktober 1839, jenter frå Mæl sokn

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20051005020714

 

2. Anne Torgrimsd. 

Haatved

 

M: Pige Asloug 

Halvorsd., Fader

en vis Torgrim

 

Skal være født

1823, 5 Uger

efter ….stid, 

efter Moderens 

Opgivelse, og 

efter Vidnesbyrd 

af Ragnhild Za-

cariasd. Dalen 

af Aamodtsdal 

i Sillejord er hun hjemmedøbt af dennes 

Fader Zacariass Thoresen, og Hjem-

meDaaben confirmeret i Aamodtsdals 

Kirke, da Helge Aamodt, nu afdød, bar 

Barnet. Dette Vidnesbyrd er 

skriftligen …  den 

29de Septb. 1839, i Nærværelse 

af Pastor Thønnesen i Sillejord 

og 2de Vidner.

 

 

 

 

Klokkarbok nr. II 1/1 1815–1850 s. 250

 

Konfirmasjon i Atrå 13. oktober 1839, jenter frå Mæl sokn

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20061211350286

 

2. Anne Torgrimsd. Haatved

 

M: Pige Asloug Halvorsd., Fade-

ren en vis 

Torgrim

 

Skal være født

1823, 5 Uger efter

….stid, efter Moderens Opgivelse, og efter Vidnesbyrd af

Ragnhild Zacariasd. Dalen af Aamodtsdal i Sillejord

er hun hjemmedøbt af dennes Fader Zacariass Thoresen,

og HjemmeDaaben confirmeret i Aamodtsdals Kirke, da Helge Aamodt, nu afdød,

bar Barnet. Dette Vidnesbyrd er skriftligen …  den 29de Sept. 1839

i Nærværelse af Pastor Thønnesen i Sillejord og 2de Vidner.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Torodd Kinn skrev:

Dette er vel heimedøyparen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058315002483

med dottera som vitnar om heimedåpen. 

 

At slik vitneførsel var nødvendig, betyr gjerne at dåpen ikkje har blitt registrert? Eg kan ikkje finne noko i kyrkjebøkene for Seljord.

 

Dåpen er openberrt ikkje kyrkjebokført i Åmotsdal i Seljord i 1823, og det var derfor naudsynt å dokumentere han før jenta kunne konfirmerast i Tinn i 1839. Ein får jo da seia at dokumentasjonen blei gjort på ein særs grundig måte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Torodd Kinn skrev:

??? Ein Torgrim Steensrud, fadder i Dal i Tinn 1820:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010429535

 

Torgrim Gunnleiksson Steinsrud 1757–1844 eller sonen Torgrim Torgrimsson Steinsrud 1802–?. Sonen er berre 18 år så han er kanskje for ung.

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er gjerne slik at ein transkripsjon med uløyste ord har godt av å liggje nokre timar. Da går alt så mykje betre:

 

Mini nr. II 1, 1815–1843 side 254

 

Konfirmasjon i Atrå 13. oktober 1839, jenter frå Mæl sokn

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20051005020714

 

2. Anne Torgrimsd. 

Haatved

 

M: Pige Asloug 

Halvorsd., Fader

en vis Torgrim

 

Skal være født

1823, 5 Uger

efter St Hanstid, 

efter Moderens 

Opgivelse, og 

efter Vidnesbyrd 

af Ragnhild Za-

cariasd. Dalen 

af Aamodtsdal 

i Sillejord er hun hjemmedøbt af dennes 

Fader Zacariass Thoresen, og Hjem-

meDaaben confirmeret i Aamodtsdals 

Kirke, da Helge Aamodt, nu afdød, bar 

Barnet. Dette Vidnesbyrd er 

skriftligen meddelt den 

29de Septb. 1839, i Nærværelse 

af Pastor Thønnesen i Sillejord 

og 2de Vidner.

 

 

 

 

Klokkarbok nr. II 1/1 1815–1850 s. 250

 

Konfirmasjon i Atrå 13. oktober 1839, jenter frå Mæl sokn

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20061211350286

 

2. Anne Torgrimsd. Haatved

 

M: Pige Asloug Halvorsd., Fade-

ren en vis 

Torgrim

 

Skal være født

1823, 5 Uger efter

St. Hanstid, efter Moderens Opgivelse, og efter Vidnesbyrd af

Ragnhild Zacariasd. Dalen af Aamodtsdal i Sillejord

er hun hjemmedøbt af dennes Fader Zacariass Thoresen,

og HjemmeDaaben confirmeret i Aamodtsdals Kirke, da Helge Aamodt, nu afdød,

bar Barnet. Dette Vidnesbyrd er skriftligen meddelt den 29de Sept. 1839

i Nærværelse af Pastor Thønnesen i Sillejord og 2de Vidner.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fyrst: Torodd Kinn fortener stor takk for avgjerande assistanse i går!

 

Eg gjer opp ein aldri så liten status i saka:

 

Anne Torgrimsdotter er fødd i Åmotsdal i «1823, 5 Uger efter St. Hanstider» av Aslaug Halvordotter og ein «vis Torgrim». 

 

Eg har funne to aktuelle kandidatar til Aslaug Halvorsdotter i folketeljing for Seljord 1801:

A. 22 år gamal ugift tenestejente på Nordre Dyrland i Åmotsdal, fødd om lag 1779.

B. 23 år gamal tenestejente på Bringa i Flatdal, fødd om lag 1778.

Folketeljing for Seljord 1815: to 35 år gamle ugifte tenestejenter på høvesvis Bekkhus i Flatdal og Åsen i Flatdal, truleg dei same som A og B i 1801.

Da Anne Torgrimsdotter blei fødd i 1823 ville altså desse to morskandidatane begge vera i fyrste halvdel av førtiåra når dei fødde. Det er mykje mogeleg, men uråd å seia visst utan å fylgje livsløpet til dei begge. 

 

Om farsemnet Torgrim er identisk med Torgrim Torgrimsson Steinsrud i Tinn f. 1802 let seg nok aldri prove. Men den endeframme farsoppgåva «Torgrim Stensrud» ved vigsla til Anne Torgrimsdotter i Mæl i 1857 peikar tydeleg mot ein kjent og namngjeven person i lokalsamfunnet. Det er berre éin aktuell kandidat. Torgrim Torgrimsson Steinsrud f. 1802. Han flutte ut av Tinn til Uvdal i 1826, men eit allment kjent farskap var nok framleis ikkje gløymt i 1857. 

Far til Torgrim Torgrimsson f. 1802, Torgrim Gunnleiksson Steinsrud (1757–1844) ser eg så godt som bort frå som far til Anne Torgrimsdotter i Åmotsdal i 1823. Om alderen i seg sjølv ikkje talar imot farskapet, så krev det ungdommeleg styrke og pågangsmot å vandre bygdemellom over skog, hei, dalar og fjell mellom Tinn og Åmotsdal. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.