Gå til innhold
Arkivverket

Torkild Monsson Prestegaard (1724-1792) - militær sersjant - frå Luster til Ullensvang i Hardanger - huslyden til sonen Lars i Ullensvang?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det var ikkje so mange som flytte frå indre Sogn til Hardanger på 1700-talet, men sersjant Torkild Monsson Præstegaard (1724-1792) var ein av dei.  Han flytte frå kona si i Luster alt i 1754 og følgde med Knagenhjelm til Ullensvang der han etter kvart busette seg på Lofthus.  Eine sonen hans følgde etter til Ullensvang, og nettopp huslyden til denne sonen gjev opphav til fleire store utfordringar, i første rekke:

 

** Dødsfallet hans?

 

** Lagnaden til sonen Torkild?

 

** Lagnaden til sonen Tore?

 

** Dessutan manglar me ein del plassnamn og opphav?

 

Her følgjer eit manuskript for denne huslyden pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Torkild Monsson Præstegaard, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. {i Luster} kring 1724 og gifte seg 19.1.1747 med Guri Eriksdotter frå Rønneisøyri under Rønnei, òg f. {i Luster} kring 1724.  Torkild og Guri vart buande her på Prestegard nokre år etter at dei gifte seg, men det er ikkje skrive noko om dei var innerstfolk eller dreiv noko av garden, for alt i 1754 flytte Torkild frå kona si.  Guri vart buande i Gaupne, visstnok som legdelem, og vart gravlagd her 23.3.1794.

Torkild Monsson vart derimot sersjant ved Knagenhjelms kompani og flytte til Hardanger.  Han busette seg på garden Lofthus i Ullensvang der han d. 27.3.1792.

Torkild og Guri fekk fire born i lag:

 1. Siri Torkildsdotter (1747-1747).

 2. Ingeborg Torkildsdotter (1748-1749).

 3. Torbjørn Torkildson (1750-1835), vart husmann på Tvingeborg under Sandviki.

 4. Lars Torkildson, døypt {i Luster} 21.3.1753, tente på Rønnei ved konfirmasjonen i 1772.

Midt i 1770-åri flytte Lars Torkildson til far sin i Hardanger, og 28.12.1784 gifte han seg første gongen i Ullensvang med Martha Thoresdotter frå Oppedal i Ullensvang.  Ho var dotter av gardbrukar Thore Østenson på Oppedal, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Gyri Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og var f. i Ullensvang 12.10.1750.  Lars og Martha flytte til ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under garden Audneland i Ulvik der Martha d. 3.1.1796.  Lars vart so trulova (vigselsdatoen vantar) andre gongen i Ulvik 23.10.1796 med enkja Guro Iversdotter, opphavleg frå Børseim i Ulvik.  Ho var dotter av gardbrukar Iver Magnusson på Børseim, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Synneva Sjursdotter frå Sponeim i Ulvik og vart døypt der 23.2.1723.  Ho gifte seg første gongen i Ulvik

 

##### (vigselsdatoen? – 1743?)

 

med Ole Magnusson frå Hagestad i Ulvik.  Han var son av gardbrukar Magnus Anveson på Hagestad, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Siri Aamundsdotter frå Varberg i Eidfjord og vart døypt i Ulvik 2.2.1709.  Ole og Guro var visstnok ei tid gardbrukarar på Lekve i Ulvik, men flytte sidan til Børseim i Ulvik der Ole d. 17.6.1786.  Guro flytte inn hjå Lars på plassen hans under Audneland i Ulvik, men ho d. på Børseim i Ulvik 23.3.1807. 

 

##### (kor mange born hadde Guro frå første ekteskapet sitt?)

 

Lars Torkildson d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Lars fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet:

a. Torkild Larsson, f. i Ullensvang 14.3.1785,

 

     ##### (budde 1801 på Audneland i Ulvik – lagnaden hans?)

 

b. Thore Larsson, f. i Ullensvang 16.8.1788,

 

     ##### (budde 1801 på Audneland i Ulvik – lagnaden hans?)

 

c. Gyri Larsdotter, f. i Ulvik 20.8.1793, vart oppali hjå morbroren Østen Thoreson på Oppedal i Ullensvang og d. som legdelem på Oppedal 8.3.1866.  Gyri gifte seg i Ullensvang 21.6.1821 med John Erikson frå

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Espe i Ullensvang.  John var f. i  Ullensvang 8.4.1777 og d. som legdelem på Oppedal 20.9.1847.  John var skomakar, og han og Gyri fekk slå seg ned som husmannsfolk på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Oppedal i Ullensvang der dei budde levetidi ut.  Dei fekk fire døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje kan lokale bygdebøker for Ullensvang og Ulvik hjelpa til med svar på ein del av desse utfordringane?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 hours ago, Lars E. Øyane said:

gifte han seg første gongen i Ullensvang med Martha Thoresdotter frå Oppedal i Ullensvang.

 Lars - legg merke til at garden heiter Opedal - slett ikkje Oppedal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Midt i 1770-åri flytte Lars Torkildson til far sin i Hardanger, og 28.12.1784 gifte han seg første gongen i Ullensvang med Martha Thoresdotter frå Oppedal i Ullensvang. 

 

Hordaland fylke, Ullensvang i Ullensvang (Kinsarvik), Ministerialbok nr. A 6 /1 (1758-1788), Offentlige skriftemål (publice absolverede) 1758-1766, Viede 1785, Side 252
https://media.digitalarkivet.no/view/11714/157

 

14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Martha Thoresdotter frå Oppedal i Ullensvang.  Ho var dotter av gardbrukar Thore Østenson på Oppedal, opphavleg frå

##### (opphavet hans?)

og kona Gyri Olsdotter frå

##### (opphavet hennar?)

og var f. i Ullensvang 12.10.1750.

 

Hordaland fylke, Ullensvang i Ullensvang (Kinsarvik), Ministerialbok nr. A 4 /1 (1732-1758), Fødte og døpte 1751
https://media.digitalarkivet.no/view/11712/45

 

Østen, 1741

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VW22-MG4

 

Guro, 1744

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VW2K-GB5

 

Det ser ut som Tore og Gyri giftet seg 6.12.1740. Begge står med gårdsnavnet Oppedal: 

Hordaland fylke, Ullensvang i Ullensvang (Kinsarvik), Ministerialbok nr. A 4 /1 (1732-1758), Viede 1739-1741
https://media.digitalarkivet.no/view/11712/107

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Jostein for interessante innlegg frå i går!

 

Når det gjeld skrivemåten av Oppedal - Opedal, so ser eg at namnet konsekvent vart skrive Oppedal på den tidi som me arbeider i, og eg trur vel kanskje at Opedal er ei «moderne» form.  Uansett, om me skriv Oppedal, so skjønnar folk, ogso lokalt, kva for ein gard me meiner.  (Me har fleire døme på gardsnamn i Luster som vert skrivne på eit «moderne» vis, men som til dagleg vert kalla noko heilt anna, men faren med slike «moderne» stavemåtar er at talespråket vert endra deretter - ein U-TING spør du meg!)

 

Elles ser eg at interessante detaljar kjem fram i Ulvik-boki som var ukjende for meg, mellom anna dette med soldat-tenesta til dei to sønene Torkild og Tore Larssøner.  Eit stort «mysterium» er det likevel kvar det vart av dei, på same vis som far deira.  Dei kan no vel ikkje berre «forsvinna» so heilt utan å setja spor etter seg?

 

Utifrå vigsli til Thore Østenson og Gyri Olsdotter frå 1740, høyrest det ut som om dei båe var frå ulike bruk på Oppedal, men kanskje kan bygdeboki for Ullensvang gjera meir greie for dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 hours ago, Lars E. Øyane said:

Me har fleire døme på gardsnamn i Luster som vert skrivne på eit «moderne» vis, men som til dagleg vert kalla noko heilt anna, men faren med slike «moderne» stavemåtar er at talespråket vert endra deretter - ein U-TING spør du meg!)

 

Dei seier altså Ååååååååpedal  🙂

Trur du dei sa Oppppedal i dansketida?

 

Mvh Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jostein for eit språkleg interessant innlegg!

 

No er eg ikkje lokalkjend i Hardanger, men dersom det er so at dei seier «Åpedal» lokalt, so forundrer det meg svært mykje at me ikkje finn skrivemåten «Aapedal» eller «Aabedal» i «dansketidi».

 

Me har i Jostedalen garden Ormberg med uttale «Årmberg», og dette namnet vart ofte skrive «Arremberg» på 1700-talet.  Etter mi erfaring vart å-lyden i dansketidi svært ofte skrive med «aa».  Til og med personnamn som Bottolf og Rolf har danskane greidd å skriva Baattaalf og Raalf...

 

Elles har me i Gaupne eit grelt døme med gardsnamnet Rønnei, som lokalt vert (i alle fall vart) uttala «ronnei» eller sogar «rånnei».  Dette namnet greidde «språkekspertane» å «fornorska» til Røneid, som mange nolevande òg seier, til tross for at gardsnamnet ikkje har noko med -eid å gjera, men derimot med -øy («Rønnøyadn»)...

 

Nei, språket vårt skal so visst ikkje vera so enkelt å handtera...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.