Gå til innhold
Arkivverket

Bønedag mellom 1. og 2. sundag etter påske? (1746)


Ivar S. Ertesvåg
 Del

Recommended Posts

Eg kom tilbake til eit lite datoproblem her...

Volda MINI 511A02, 1741-1760, s. 39 https://www.digitalarkivet.no/kb20070829650531

 

Spørsmålet gjeld dagen øvst til venstre:   Kva står det (eigentleg), kva tyder det, og når var det?

 

Eg tyder det som "Die Præc. pro bratis" (evt. utan mellomrom ".... probratis")

"Die" er dag.

"Præc." (eller "Prec.") reknar eg med er frå "precatio": bøn.

Altså ein eller annan bønedag.

 

Før nokon hoppar direkte på og seier "store bededag"....

Nedst på sida framom er "Dom. 1 post Pasc." - altså 1. sundag etter påske

Innførsle nr. 2 og 3 på denne sida er 2. og 3. s. e. påske.

Så kjem "Die Prec. sen Litana". Dette høver med store bønedag, 4. fredag etter påske; 

og 4. s. e. påske kjem dinest.

 

Dagen eg spør om er tydelegvis ei gudsteneste; med 125 nattverdgjestar i Volda kyrkje (156 på 1.s.e.på og 168 på 2.s.e.på).

Men det er ikkje ei ordinær gudsteneste. Hovudregelen var at det var to i (hovudsoknet) Volda og så éi i (annekset) Ørsta (t.d. 1. og 2. påskedag i Volda,

3. på.d. i Ørsta; 1. og 2. s.e.på. i Volda, 3.s.e.på i Ørsta, osv). Det var avvik frå dette på høgtider og "viktige" hendingar (som alltid var i Volda);  og det

gjeld her: det er tre på rad i Volda.

 

Eg kjenner til at det i særlege tilfelle vart lyst ut særskilde bønedagar (også etter at dei mange bønedagane vart samla i "store bededag" på slutten av 1600-talet).

Er det nokon som kjenner til ei slik utlysing i 1746?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Helge Fæhn: Gudstjenestelivet i Den norske kirke, 2. utg. 1994, s. 94 om ekstraordinære bededager: "Disse ble holdt på tre hverdager i trekk og vanligvis én gang hvert år. Denne type bededager ser ut til å være forordnet i Danmark-Norge fra 1538, muligens etter tyske forbilder, og de synes å ha vært årvisse inntil 1684..... Inntil 1664 var det gjerne tre sammenhengende bededager: i reformasjonsårhundret vanligvis mandag, tirsdag og onsdag, i 1600-årene mest onsdag, torsdag og fredag; nå ble også botspreget sterkere understreket, sammen med fasten. Datoene var ofte forskjellige i de to land, og i Norge inntil 1666 kom de gjerne på ettervinteren mellom kyndelsmesse (2. februar) og påske."

 

Kanskje passa det best dette året etter påske?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Jon for eit nyttig innspel - det førte til løysinga.

 

Akkurat teksten du siterer las eg i går (men ikkje i Fæhn si bok - anten han har kopiert nokon eller omvendt). Dette skildrar stoda før 1686.

Men boka er tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket og har eit informativt avsnitt s. 233:

https://www.nb.no/items/51f8bba2ad08e39a4ff55b942738a8fa?page=233&searchText=Gudstjenestelivet i Den norske kirke

 

Det vart lyst ut  særskilde bønedagar i visse tilfelle, anten for landet eller for eit stift.

Når eg ser i kyrkjeboka for Borgund, finn eg i bolken for innleiingar 1746 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070903610008

mellom 1. og 2. s.e.på ei innleiing

"Den extraordinaire almindelige Bededag, holden d. 22 April"

og ei notatside fremst:

https://www.digitalarkivet.no/kb20070831640580

"Ao 1746 d 22 Aprilis blev den Extraordinaire almin

delig Bededag, som af vor allernaadigste Konge, Kong

Cristian den 6te, var anordnet at holdes i Norge

d. 18 Martii  (i anledning ad den i Danmark grasseren

de qvæg-Syge) holden over alt i dette Provstie, eftter

den berammede, som af Provsten, Hr Hans Jacob Hiort

skeede, af aarsage at Biskopelig ordre om den satte

dags helligholde ey fremkom i rette tid. Kirke-

tienisten blev samme dag holden i Borgen Kirke

af Sognepræsten og i Watne Annex Kirke af

Capellanen.

 

I Ørskog  https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610507

finn vi

"d. 22 Aprilis blev holdet Bededag om Qvægsygens afvendelse

da forrettet Gudstieneste af mig paa Ørschoug...."

 

I Herøy er kyrkjeboka ufullstendig ført i 1746, så der er ikkje noko om dette.

 

(Volda, Borgund, Ørskog og Herøy var dei fire hovudkyrkjene på Sunnmøre.)

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.