Jump to content
Arkivverket

LØYST: Finst det ein datakspert som kan hjelpa meg?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Det har i kveld skjedd noko merkeleg på min MAC.  Eg køyrer Windows under MAC, og brått er alle lagra e-postar, mellom anna ættetavlar av alle slag, som eg hadde sortert i ulike underfiler, borte vekk.  I staden er det komme opp ein tom «Archive» boks som ser ut som ein kartotekskuff med undertitel «On My Mac».  Eg skjønner ikkje bæret!  Det er vel knapt 14 dagar sidan eg oppdaterte min MAC til siste verson, og eg veit dei stadig vekk driv og send oppgraderingsprogram, men dei kan no vel ikkje ha sendt noko som tek knekken på heile arkivet mitt?

 

Eg vil tru det må vera ei eller anna innstilling i mailprogrammet, men kva for ein?

 

Eg vonar at nokon har gode tips å komma med og takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Leif for kommentar og medkjensle!

 

Det er neiggu ikkje so lett når ein er slik ein analfabet når det gjeld data.  Eg sat fleire timer og grubla på dette i aftes, og når eg no prøvde att i føremiddag med nye variantar, fann eg løysingi; det var, som eg hadde ein mistanke om, ei innstilling i programmet.  Kanskje er eg i «vanvare» kome borti ein feil knapp, men uansett.  No fungerer systemet som det skal, og problemet er som sagt løyst!

  • Like 5
Link to comment
Share on other sites

Det er bra at dette ordna seg, men det er også ei påminning om kor viktig det er at ein har backup av alt som ein ikkje ynskjer å miste.

Link to comment
Share on other sites

Jau, backup er alltid viktig.  Eg har lært meg å ta regelmessige tryggleikskopiar av manuskripti mine, og dei fleste mailane har eg òg i to eksemplar (på to ulike PC'ar, men mailane er vanskelegare å følgja opp på grunn av dei lange trådane...  Tja, den som hadde vore datakunnig i desse ulvetider...

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.