Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Kva for ein norsk matrett er «suvlet»?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå Amerika er det dukka opp eit nytt spørsmål, som eg ikkje greier forklara:

 

I ei norsk bygdebok (det vert ikkje sagt kva for ei) førekjem denne setningi:

 

«Suvlet, kjøt og fisk, åt dei for the meste salta og røykt.»

 

Kan nokon forklara kva suvlet er for noko?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ordet «suvl» og forma «sovvel»

 

I boka Viddens herrer av Jacob B. Bull kom eg over ordet sovvel. Eg finn ikkje dette i ordbøkene. Kva tyder det?

SVAR

Ordet blir i normert norsk skrive suvl eller sul, og tyder oftast ‘feit mat som ein et attåt suppe, graut, brød eller anna’.

Ordet har normert form suvl eller sul, jamfør artikkelen suvl i Nynorskordboka. Her er det oppgjeve to tydingar:

1 feit, kraftig mat (til å ete attåt suppe, graut, brød og liknande)
2 (sur)mjølk til graut eller brød

Norsk Ordbok har ein lengre artikkel om suvl, med fleire tydingar. Her finn ein òg målføreforma sovvel, som er registrert i fleire område både i Sør- og Nord-Noreg. På Østlandet hieter det fleire stader sugl eller sugel, som i Husmannsvisa.

Ordet har vore viktig, for suvlet (i tyding 1) kosta etter måten meir før enn no. Det var råflott å eta suvlet bert.

Endret av Anfinn Bernaas
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anfinn for kjapt og godt svar.

 

Eg har alt sendt svaret vidare til Amerika, so får me vona dei vert nøgde...

 

Probelejt er løyst og eg takkar oå ny for framifrå bistand!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.