Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Margit Torjusdotter Slettetvedt (1846-1940) - frå Mo i Telemark til Amerika - kven var foreldri hennar og kva år utvandra dei til Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet tek utgongspunkt i følgjande barnedåp registrert i Mo i Telemark for:

 

Margit, fødd 29.7.1846 og døypt 30.8.1846 av foreldri Torjus Vetleson og Margit Iversdotter, gardfolk på Slettetvedt i Mo: https://media.digitalarkivet.no/view/1388/23

 

Og her finn me vigsli til foreldri i Mo 8.2.1837, Torjus Vetleson Haatvedt 25 og Margit Iversdotter Haatvedt 22: https://media.digitalarkivet.no/view/8006/140

 

Margit «Margaret Wilson» gifte seg i Dane Co., WI 18.4.1867 med Ole Monsson Lamhagen frå Luster, fødd 1839, utvandra 1861, men vart enkje i 1897 og flytte sidan til Milwaukee, WI og derifrå til Los Angeles, CA.  Utvandringsåret hennar er i 1900 oppgjeve til 1861:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LSS-DVJ

 

medan seinare teljingar gjev oss 1869 og 1872 som utvandringsår, som me veit må vera feil, men so var Margaret òg ganske so «flink» til å ljuga på alderen sin...!

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Mo i Telemark, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok, som kan hjelpa meg finna ut:

 

** Frå kva gard/plass hadde Torjus Vetleson opphavet sitt?

 

** Frå kva gard/plass hadde Margit Iversdotter opphavet sitt?

 

** Kva år utvandra denne huslyden, og særleg Margit, til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Mo bygdebok, gard og ætt. 1. Mo sokn,  under plasset Øyane, side 228:

Torjus Vetleson N. Håveit (1810 - 1858) gifte seg i 1837 med Margit Ivarsdotter Håtveit (1811 - ) frå Langeli.

 

Margit Ivarsdotter emigrerte ifølge bygdeboka til Amerika i 1859 med barna Hege (1839 - ), Vetle (1842 -), Olav (1844 -) og Margit (1846 -).

 

Utflyttingen i ministerialboken:

https://media.digitalarkivet.no/view/1388/366

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit nytt spennande innlegg!

 

Men innlegget reiser samstundes nye spørsmål:

 

** Er det so å forstå at Torjus Vetleson var frå GARDEN Nedre (eller Nordre?) Håtveit, medan Margit var frå GARDEN Langeli?

 

** Og under kva for ein gard ligg denne plassen Øyane som dei utvandra ifrå - kan henda under Slettetveit?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det jeg finner ved å lese i bygdeboka er dette:

 

Øyane var et plass under garden Nedre Håtveit, foreldrene er nevnt på s.223 i bygdeboka som husfolk på Håtveit.

Langeli Øvre (søndre) var et plass under garden Nordre Midjås.

 

Torjus og Margit kjøpte for øvrig Slettetveit, som da var utskilt fra garden Haugland, i 1846, men solgte igjen i 1852.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit nytt interessant og delvis avklarande innlegg.

 

Øyane er altso husmannplass under Nedre Håtveit, men eg stussar nok framleis på opphavi til foreldri hennar:

 

* Torjus Vetleson er fødd i 1810 og vart konfirmert i 1828, men då heiter både han og foreldri AASE: https://media.digitalarkivet.no/view/8006/162

 

* Margit Iversdotter er fødd i 1811 og vart konfirmert i 1829, og då heiter foreldri Langelie: https://media.digitalarkivet.no/view/8006/163

 

** Skal me tolka dette slik som at Åse var namnet på husmannsplassen under Nedre Håtveit der Torjus Vetleson var fødd og oppvaksen?

 

** Og at Langelie øvre (eller søndre) varnamnet på husmannsplassen under Midjås nordre der Margit Iversdotter var fødd og oppvaksi?

 

Eg seier meg lei for «pirkete» spørsmål, men eg finst ikkje kjend i Mo i Telemark, so her lyt nok bygdeboki trå til igjen...?  Eg ønskjer å gje ei korrekt framstilling av denne huslyden i manuskriptet mitt.  Slik ser no dette manuskriptet ut....

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye avklarande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Jeg er heller ikke kjent i dette området....

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8004/70

Torjus var født på Midbøe, der foreldrene også bodde i 1801 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058318000046

(Aase var egen gard, så det er mulig at familien har bodd der uten at bygdebokforfatteren har fått det med seg - jeg kan i alle fall ikke se at det er nevnt der). I bygdeboka står det bare at Vetle og Hege var gardsfolk og husfolk på Midbøe i mange år og senere kom de til Nedre Håtveit.

 

Når det gjelder Margit så gir ikke bygdeboka noen annen informasjon enn at hun vokste opp på plasset Langelie under garden Nordre Midjås.

Legger for ordens skyld inn lenke til dåpen hennes https://media.digitalarkivet.no/view/8004/74

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget!

 

Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt dette, men dersom foreldri til Torjus, Vetle Torjusson og Hæge Olsdotter, som i 1801 var plassfolk under Midbøe, IKKJE er nemnde som GARDFOLK på Håtveit nedre, må dei ha hamna der som PLASSFOLK, og då er jo spørsmålet kva for ein Håtveit-plass dei kan ha hatt...  Kanskje budde ogso dei på Øyane under Håtveit nedre??  Er det oppgjeve dødsår for Vetle og/eller Hæge, so kan ein jo sjå kva yrkestitel (og bustad) som er oppgjeve der...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vetle Torjussen og Hege Olsdatter giftet i alle fall i 1794:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000062439

 

I bygdeboka for Mo står det at Vetle Torjussen døde i 1818, mens kona Hege døde i 1844.

 

Telemark fylke, Mo i Mo, Ministerialbok nr. I 4 (1814-1844), Døde og begravede 1819, Side 97
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104650011.jpg 

 

Telemark fylke, Mo i Mo, Ministerialbok nr. I 4 (1814-1844), Døde og begravede 1844, Side 120
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104650036.jpg 

 

Det står vel husmann på Vetle ved dødsfallet i 1818, mens det står husmannsenke på Hege Olsdatter. 

 

Bygdeboka nevner for øvrig 11 barn etter ekteparet. 

 

Torjus Vetlesen døde i 1858, året før enken og barna utvandret:

 

Telemark fylke, Mo, Skafså i Mo, Ministerialbok nr. I 5 (1844-1864), Døde og begravede 1858, Side 339
Permanent bilde-ID: kb20051007010824
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051007010824
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051007010824.jpg 

 

Så vidt jeg kan se, druknet Torjus og to andre under tømmerfløtning. 
 


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Konfirmasjonen til Margit - datter av Iver Iversen og Margit Olsdatter Langlie - se h side, nr. 4

Telemark fylke, Mo i Mo, Ministerialbok nr. I 4 (1814-1844), Konfirmerte 1829, Side 263
https://media.digitalarkivet.no/view/8006/163

 

Det står heller ikke noe dødsår på Margit bygdeboka for Mo, Mo sokn. 

 

Margit hadde en eldre søster Hege, som ble konfirmert i 1828:

Telemark fylke, Mo i Mo, Ministerialbok nr. I 4 (1814-1844), Konfirmerte 1828, Side 261

https://media.digitalarkivet.no/view/8006/161

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ivar og Margit giftet seg 28.12.1806:

Telemark fylke, Skafså, Mo i Mo, Ministerialbok nr. I 3 (1800-1814), Kronologisk liste 1807, Side 47
Permanent bilde-ID: kb20061214340291
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061214340291
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061214340291.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye avklarande innlegg om opphavet til Margit Torjusdotter og foreldri hennar!

 

Eg ser at Hæge Olsdotter døydde som husmannsenkje i Øyane under Håtveit nedre, og då er saki fordovidt ganske so «klar» i mine auge.  Det må ha vore heimeplassen i Øyane under Håtveit nedre Torjus Vetleson tok over og budde på!

 

Her er då eit oppdatert manuskript (erstatning for manuskriptet i innlegg #5) der eg no berre manglar nokre detaljar frå Amerika...:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Monsson {Lamhagen}, f. {i Luster} 29.6.1839,

Ole M. Lamhagen utvandra til Amerika i 1861 og gifte seg i Dane Co., Wis. 18.4.1867 med Margit Torjusdotter frå Håtveit nedre i Mo, Telemark, i Amerika kjend som Margaret Wilson.  Ho var dotter av husmann Torjus Vetleson på Øyane under Håtveit nedre og kona Margit Iversdotter frå Langeli øvre under Midjås nordre og f. i Mo i Telemark 29.7.1846, men utvandra til Amerika med mor si i 1859.  Ole og Margaret Lamhagen vart buande i Madison, Dane Co., Wis. der Ole livnærte seg som barvert («saloon keeper»).  Han d. i Madison, Wis. 12.1.1897, og kring 1903 flytte Margaret Lamhagen som enkje til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. der ho livnærte seg som vaskeriarbeidar og hushaldar («laundress and housekeeper»).  På 1920-talet flytte ho so til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. der ho d. 14.11.1940.  Dei fekk tre born i lag:

a. Oliver G.

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     Lamhagen, f. i Dane Co., Wis. 24.1.1872, d. i Madison, Wis. 1.2.1872.

b. Amanda Olivia, kjend som Olive Lamhagen, f. i Dane Co., Wis. 30.5.1873, d. i Los Angeles, Cal. 10.1.1944.  Olive gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 8.1.1893 med Joseph Grant, kjend som Grant Doolittle, f. i Rock Co., Wis. 13.1.1869.  Han d. under ei vitjing i Winnebago, Minn. 5.8.1901.  Grant Doolittle var butikkmann («clothing store clerk»), og han og Olive budde i Madison, Dane Co., Wis.  Kring 1903 flytte Olive med mor si til Milwaukee, Wis., men 18.6.1908 gifte ho seg att i Chicago, Ill. med Clarence Albert Brigham, f. i Milwaukee Co., Wis. 23.9.1875.  Han d.

 

 

     ##### (exact place of his death? – in Curry Co., OR!)

 

 

     22.7.1947.  Clarence Brigham var jarnbanefunksjonær («railroad clerk»), og han og Olive busette seg i Armstead, Beaverhead Co., Mont., men vart skilde kring 1920.  Clarence, som òg hadde vore gift ein gong før, gifte seg tredje gongen og busette seg i Salt Lake City, Utah der han livnærte seg som  bokhaldar («bookkeeper»), men tidleg på 1930-talet flytte han vidare til Pt. Orford, Curry Co., Ore. 

 

 

     ##### (3rd wife Johanna G., born Norway 1887, em. 1889 – died 1952)

 

 

     Olive flytte kring 1922 til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. der ho arbeidde som butikkdame («dress shop sales lady») til ho 27.7.1936 gifte seg tredje gongen i Los Angeles, Cal. med Roy Logsdon Bevans, f. i Henry Co., Ia. 21.9.1876.  Han d. i Los Angeles, Cal. 14.11.1955.  Roy var frisør («barber») og hadde òg vore gift før.  Han og Olive budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Amanda fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Grant Doolittle.

c. Theodore Alfred, kjend som Alfred T. Lamhagen, f. i Dane Co., Wis.

 

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

 

     .11.1876, d. i Milwaukee, Wis. 16.6.1921.  Alfred var heisførar («elevator operator») og budde i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis., men var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Problemet i Mo i Telemark er løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand i denne saki!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.