Gå til innhold
Arkivverket

Sadie Mathilda Ausen (1892-1977), gift tre gongar i Amerika, men eg greier ikkje finna første og tredje vigslene hennar og heller ikkje første vigsli til tredje mann hennar eller mellomnamnet til første kona til andre mann hennar - help, please?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I samband med det føreståande siste bandet i bygdebokserien for Luster slit eg med fleire enskildbiografiar.  Ein av desse gjeld eldste dotter til Ingebrigt Pederson frå Åsen i Kinsedalen, Hafslo (1861-1936) der eg manglar tre vigsler og eit mellomnamn.  Kan nokon hjelpa meg?  Kanskje avisoppslag?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sadie A Barton

 in the Chihuahua, Mexico, Civil Registration Marriages, 1861-1967

Name: Sadie A Barton
[Sadie A Amen] 
Gender: Mujer (Female)
Registration or Marriage Date: 21 abr. 1943 (21 Apr 1943)
Registration or Marriage Place: Juarez, Chihuahua, México (Mexico)
Spouse: Rabert Kornegay
Father: Bert Amen
Mother: Elizabeth Hall
Page Number: 209
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Gunnar Sigdestad skrev:

Borton/Verbena, mellomnamnet hennar er ikkje nemnt.
 

Borton Verbena.png

 

Ser ingenting angående det du nevner.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I fylgje dødsattesten var Claudia f. 20. mars 1880, døydde 20. november 1938.

Ann Mary, eg ser den ikkje eg heller... 🙂

  • Liker 1
  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven, Gunnar og Ann-Mary for interessante og nyttige innlegg!

 

So er siste vigsli til Sadie «på plass», men vigsli til Leon Goodwin frå 1907 er nok feil person...

 

So har eg òg fått korrigert dødsdatoen til Claudia, og kan henda skal fødselsåret hennar vera 1880.  Her er ho nemlig i FT1910 som farmar i Roosevelt Co., NM, 30 år gamal:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV7-96T

 

Eller kanskje ikkje...; her er ho nemlig i lag med ei skild søster i Harrison Co., TX i FT1900 oppgjevi fødd i mars 1875:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6W37-FKL

 

I 1920 var ho gift med Robert Kornegay, og alderen er oppgjeven til 38 år - d.v.s. fødd 1881:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXT-SND

 

Men endeleg fann eg huslyden i FT1880 for Murray Co., GA, og Mary C. er 4 år, d.v.s. fødd 1876:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBM-94VK

 

Her følgjer so ein oppdatert versjon av manuskriptet til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Sadie Mathilda Ausen, f. i Buffalo Co., Wis. 31.3.1892, d. i San Benito, Tx. 8.2.1977.  Sadie gifte seg første gongen

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date and place of her 1st marriage? – «about Feb. 1, 1910»)

 

     med Leon Clair Goodwin, f. i Hinds Co., Miss. 27.6.1886.  Leon var butikkmann («shoe store clerk»), og han og Sadie budde først i Indianola, Sunflower Co., Miss., men flytte kring 1915 til El Paso, El Paso Co., Tx. og i 1917 vidare til Phoenix, Maricopa Co., Az. der Leon d. 2.4.1918.  So gifte Sadie seg 30.9.1921 att i Los Angeles, Cal. med Edward William Borton, f. i Lyon Co., Ks. 21.9.1890.  Edward gifte seg første gongen i Kansas City, Mo. 27.5.1912 med Verbena V.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name? – buried Gate of Heaven cemetery, Hawthorne, Westchester Co., NY from the Church of St. Thomas More, NY)

 

     Williams, f. i Adair Co., Mo. 1.11.1892.  Edward var ei tid oljearbeidar («oil company pipefitter»), og han og Verbena budde mellom anna i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. og i Taft, Kern Co., Cal. til Edward i 1918 reiste ut i krigen (WW1 soldier«).  Dei vart skilde i 1919, og Verbena, som sidan var attgift to gonger og lenge budde i Beverly Hills, Los Angeles Co., Cal., d. i New York City, N.Y. 9.6.1977.  Edward vart sidan skodespelar («motion pictures character man») og  budde med Sadie i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. der han d. 25.7.1928.  Sadie gifte seg so tredje gongen i Juárez, Chihuahua, Mexico 21.4.1943 med enkjemannen Robert Lee, kjend som Bud Kornegay.  Han var f. i Sumner Co., Ks. 6.11.1880 og gifte seg første gongen i Portales, N.Mex.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of his 1st marriage?)

 

     1911 med Claudia Mary Peeples, f. i Murray Co., Ga. 20.3.1876.  Ho d. i Tucson, Az. 20.11.1938. Bud Kornegay d. i Santa Monica, Cal. 8.2.1947.  Bud var ranchar og budde mange år i Deming, Luna Co., N.M., men flytte i 1925 til Visalia, Tulare Co., Cal. og tidleg på 1930-talet til District 2, Yuma Co., Az.  Med andre kona Sadie budde han so i Manhattan Beach, Los Angeles Co., Cal.  Sadie fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men siste mannen Robert Kornegay hadde sju born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein  ny kjempetakk for framifå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.