Gå til innhold
Arkivverket

Ole Olsen Tengesdal (Bjerga)


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Ola Olson Tengesdalen var frå plassen Hagen under Tengesdal i Sand. Han gifte seg med Kjæsti Albretsdatter Indre Selland frå plassen Fedledalen under Indre Selland  13. juni 1874. 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070104310702

I folketeljinga i 1865 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038212000366  

er Ola (nemnd Ole der) såkalla "tjenestekarl" på Tengesdal bruk nr. 1, som då var ått av Paul Torjussen Tengesdal. Han var då 17 år og ugift.

Ved folketeljinga i 1875 

https://www.digitalarkivet.no/census/rural-residence/bf01052253000471

er Ola og Kjæsti busette i Nedre Skårå på Lingvong (Linvang, Skaaren). Dei hadde ei ku og 6 sauer og sånaden var 1/2 tønne havre og 6 tønner potet. Ola er nemnd som "gaardbruger og forpakter" i folketeljinga.

Etter bygdeboka  for Sand fyrste bandet s. 670 var eigaren av Nedre Skårå, Torbjørn Knutson, på "Rosenber Sindsyge Asyl" i Bergen rundt denne tida, og Ola var paktar av garden medan han var der, kanskje ein periode på 3 år, til Ola flytte til Indre Bjerga.  Eldste sonen Svend Olaus vart fødd der i 1875. Han var siste barnet som vart født på Lingvong.

Ola og Kjæsti kom til husmannsplassen Sagstovå ved Bjerga-Sagjå under Indre Bjerga ikring 1878. Ole arbeidde som sagmeister på saga til Ole Næsheim, bonden på Indre Bjerga. Sjå Bygdeboka for Sand band 1 s. 586. 

I folketeljinga 1900 for Sand

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037280001071

er Ole Olsen busett på Bjergesagen. Han er husmann utan jord og driv med sagbruksarbeid, jord- og skogbruksarbeid der. Saman med han bur kona Kjæsti Albretsdatter og borna: Kornelius f. 1892 og Sigurd f. 1894. 

 

Det eg lurer på er kven som var far til Ole Olsen Tengesdal (Bjerga). I vigselsoppføringa 13. juni 1874, står det at far hans var Ole Knusen, dersom eg har tolka det som står rett. Men kvar var han ifrå, når var han fødd, kven var han gift med? Og kven var foreldra hans att og slektsgreina vidare bakover? Eg har gått gjennom fødselsregistra så langt bakover som det er rimeleg, men finn ingen Ole Knudsen. 

 

Når det gjeld Kjæsti Albretsdatter , kona til Ole Olsen Tangesdal, seier vigselsoppføringa at ho kom frå Vegge i Lildal (Sauda?) Faren er Albret Knutson Vegge. I bygdeboka står det at ho kom frå plassen Fedledalen under Indre Selland. I dåpsoppføringa  https://www.digitalarkivet.no/kb20070627620724     er foreldra nemnde som Albret og Aase Vegge. Mora, Aasa Johannesdatter Lunde vart fødd 20. februar 1829 og døypt 29. mars same år. Foreldre var Johannes Thordsson Lunde og Sigrid Holgersdatter Underbakke, frå Suldal.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070627620274       Om desse to har eg ikkje funne meir informasjon. Kven var dei og kvar ætta dei frå?

Far til Kjæsti,  Albret Knudson Veka vart fødd 25. desember 1829 til foreldre Knud Larsson Veka og Kiersti Josephsdatter Vegge. Han vart døypt 10. februar 1830.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070627620273   Desse har eg heller ikkje funne meir informasjon om. Eg er takksam om nokon kan hjelpe meg med desse spørsmåla.

 

MVH

Helge

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Synes det står Ole Svendsen på faren til Ole ved vielsen 13 juni 1874.

Brudgommen f 6/1-49.

 

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.