Gå til innhold
Arkivverket

Stavekontroll - kvifor i all verdi har nokon finne på noko slikt? - korleia kan ein sjølv styra denne?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg veit ikkje om eg er åleine med å ergra meg over den sokalla stavekontrollen, som ligg inne i ulike versjonar av Word.  Eg har so ofte opplevd å senda e-postar der eg i ettertid les eit heilt anna innhald enn det eg skreiv - kan henda p.g.a. bruk av nynorsk eller kanskje har eg sjølv stava ordet feil, med det resultat at stavekontrollen automatisk er komen med eit heilt anna ord som ikkje høver i det heile!

 

I mange tilfelle (men ikkje alltid!) vert ein liten åleineståande «i» i eit Word-dokument automatisk konvertert til ein stor «I», so eg lyt gå attende for manuelt å endra på dette, dersom eg oppdagar det!

 

Eg har freista «googla» på stavekontroll, men finn ikkje noko vettugt svar på denne problemstillingi!  Alt vert sagt på ein altfor «teknisk» måte at me vanlege folk har vanskar med å forstå...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

prøve "hjelp" i Word?

 

Kva for versjon av Word har du?  Det er fleire av dei, men det sikkert nokon her som har den same .

(Klikk på "Fil(e)", og så på "hjelp"/"Help" i  menyen du får då. -

Hjå meg står det "About Microsoft Word" over ein del informasjon, inkludert versjonsnamn/nummer)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegg!

 

Eg freista «help»-knappen på tastaturet (eg har eit amerikansk tastatur), men vart ikkje klok på svaret

 

Trykker eg på «About Microsoft Word», får eg opp:

 

«Microsoft Word:Mac 2011»

 

Microsoft Word for Mac 2011 - Version 14.5.9 (151119)

Latest Installed Update 14.5.9

 

2010 Microsoft Corporation.  All rights reserved

 

Er dette til hjelp?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

 

Prøv dette for å skru av,  Klikk Fil > Alternativer > Korrektur, fjern merket i boksen Fortløpende stavekontroll, og klikk OK

 

MVH  MK

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Margun for siste meldingi frå i går.

 

Når eg studerer skjermen min under Word, har eg berre ein «flik» som heiter file, men den har ikkje noki underfil med namn alternatives eller liknande, so for meg høyrest dette ut som ein annan versjon av Word..?

 

Dette er sikkert eit «dumt» spørsmål, men eg finn framleis ikkje ut av det...

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg fant også den forklaringen du fikk av Margun, men også en annen, hvor det vises til Verktøy-menyen:

 

 

Turn off AutoCorrect

On the Tools menu, click AutoCorrect.

Clear the 'Replace text as you type' check box.

 

https://support.office.com/en-us/article/Add-edit-or-turn-off-automatic-corrections-BD555E34-7863-4A9D-B15E-A9FDD24B8B16

Endret av Anne-Lise Hansen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for siste innlegget!  Verkty-menyen var løysingi for meg!  No har eg sjølv kontroll over stavekontrollen!

 

So enkelt og likevel so vanskeleg å finna...

  • Liker 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.