Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Desember 30, 2018 Del Skrevet Desember 30, 2018 Eg kom over denne fødsla i kyrkjeboka frå Leikanger i 1827 og byrja tenkja på om dette kan vera Peder frå Luster som det har vore skrive mykje om her på forumet. https://media.digitalarkivet.no/view/11569/168 Unk. Peder Fresvigaasen og Pige Marthe Olsdr. ibm. Hendes første Leiermaal, og hans første her i Menigheden Ole Giertsen i Grønli er nemd og mora til Abelone Pedersdtr. er Marthe. Ole Giertsen hadde ei dotter Maria som vart gift med Erik Jorgenson Skjerven. Om Peder står det at det er hans første leiermål her i menigheden, altså at han truleg er tilflyttar. Svært begrensa kor mange som budde på Fresvikåsen i den tida, så ingen Peder passar inn. Kva tenkjer du om dette? Anne Marie B Øyri Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet Januar 12, 2019 Del Skrevet Januar 12, 2019 Hjarteleg takk til Anne Marie for dette innlegget som har lege utan svar i snart to veker. Eg har ikkje gløymt denne saki, men har nytta tidi til å spekulera på kven denne Peder verkeleg kunne vera! Du spekulerer på om Peder Christopherson Qvale frå Luster (1799-1857) som i 1828 og 1830 fekk to born med Ingeborg Olsdotter frå Grønlien under Hauglum (1802-1845) kan vera den same som Peder Fresvigaasen, barnefaren frå 1827. Eg ser at både Martha og mannen som melde fødsli, Ole Gjertson, òg budde i Fresvikåsen, so dette er vel same Ole Gjertson som sidan budde i Grønlien under Hauglum? Men so var det namnet Martha? Eg tolkar meldingi di slik at Martha Olsdotter må vera identisk med Maria Olsdotter Grønlien som sidan gifte seg i Bergen med Erik Jørgenson Skjerven? Har du andre kjelder som kan stadfesta at Maria og Martha er same person? Peder Christopherson Qvale hadde vel ingen born fødde på Leikanger før 1828(?), men i Luster hadde han denne dotteri: * Kirsti Pedersdotter, barnemor Christi Monsdotter Rønnei, f. 16.6.1821: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/129 Kirsti døydde kort etter fødsli. Men Peder synest heilt klart ha hatt «samband» med huslyden til Ole Gjertson, so eg er ikkje framand til tanken om at Peder Qvale og Peder Fresvigaasen er same person, og eit ekstra argument for at dette kan vera tilfelle finn me her: Peder Qvale voks opp hjå besteforeldri sine på Kvale i Luster, Ole Dyreson (1736-1825) og Abelona Pederdotter (1746-1824), og dette Abelona-namnet får meg til å stussa. Hadde Martha/Maria nokon annan grunn til å kalla dotter si for Abelona om det ikkje var oppkalling etter fostermori til barnefaren? Du får tyggja litt på dette, Anne Marie, men som nemnt, eg trur ikkje me ligg si langt frå sanningi... Eg er spent på kva du eventuelt kan supplera av detaljar om barnemori... Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Januar 12, 2019 Forfatter Del Skrevet Januar 12, 2019 Eg kan vel ikkje tilføra så mykje, men dette er einaste gongen eg har komme over Abelone-namnet i Fresvik. Kona til Ole Gjertsen heitte Anna Nagel Monsdtr. Ramsøy, men var det oppattkalling etter henne var det vel meir naturleg med namnet Anna som var rimeleg vanleg. Ein annan ting er at det var ikkje mange som budde i Fresvikåsen på den tida. Husmannen Ole Gjertsen med kone og born budde i Grønli. Ein annan gard var Svea der husmannen Sjur Ivarson Bøtun (1751-1830) og kona Seselia Olsdtr. Skau (1763-1861) budde. Dei var barnlause. Neste brukar i Svea var Ivar Olson Hov (1796-1878) og kona Ingrid Ivarsdtr. Bøtun (1794-1876),dei var gifte i 1822. Så i Svea var det ingen Marthe Olsdtr som er aktuell. Totalt var det berre to husmannsplassar i Fresvikåsen og ingen Peder som me kjenner til. Han må difor ha vore tilreisande. Ole Gjertsen og familie som var rimeleg mykje på farten rundt i Sogn både med tigging og andre ting. Så Peder har vel mest sannsynleg hatt kontakt med den familien og Ole Gjertsen melde også inn fødsla. Kan det vera feilskriving i kyrkjeboka der Maria har vorte til Marthe? Og kva skjedde med Abelone? Døydde ho tidleg sidan me ikkje høyrer noko meir om henne? Systera Ingeborg Olsdtr. skulle også ha to born som døydde nyfødde. Desse har eg heller ikkje klart å finna i kyrkjebøkene. Mange spennande ting her, men kanskje ikkje så lett å finna svar! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Januar 12, 2019 Forfatter Del Skrevet Januar 12, 2019 Her var eg litt rask. I kyrkjeboka står det at Abelone er død. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet Januar 14, 2019 Del Skrevet Januar 14, 2019 Hei igjen, Anne Marie! Jo meir eg tenkjer på denne Peder i Fresvikåsen, jo meir overtydd vert eg om at det må vera «vår» Peder Christopherson Qvale, særleg med bakgrunn i Abelona-namnet... Men Anne Marie, tolkar eg deg rett når du seier at Grønli-plassen låg/ligg i Fresvikåsen? Eg har før trudd at denne plassen var ein del av Hauglum (Holum) i Fresvik... Elles veit me jo at Marie Olsdotter Grønli flytte til Bergen, men dersom ho og Martha er same person, kan ho ha hatt fleire «uekte» born i Fresvik før ho flytte til by'n? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Januar 15, 2019 Forfatter Del Skrevet Januar 15, 2019 Grønli ligg på Fresvikåsen og var husmannsplass . Noko innvikla eigedomstilhøve her i bygda på den tida. Mange av bruka i Fresvik høyrde til godseigaren på Holum, nokre vart sjølveigarar alt før 1800 men dei fleste kjøpte seg ut etter 1840. Grønli vart skilt ut som eige bruk i 1859 og det vart redusert skyld frå fleire gardar,. sidan plassen var under Holum som no var delt opp i mange sjølveigarbruk. https://media.digitalarkivet.no/view/12798/68 Bruket fekk gardsnr til Bjørnetun, utan at eg veit kvifor. Blei også sagt at husmannsplassen var under Bøtun då han vart rydda rundt 1780. Ein annan ting som gjer det meir komplisert er at Ole Gjertsen og familien var rimeleg mykje på farten, og eventuelle born kan ha blitt døypte andre stader enn i Fresvik. Eldste dottera til Ingeborg Olsdtr vart fødd i Aurland i 1828 medan broren Peder er døypt i Fresvik i 1830 og mor til Ingeborg, Anna, døydde hos broren på Osland på Kyrkjebø i 1841. Dei budde i Fresvik iallfall frå 1813, men har nok farta på ein god del. Eg er einig med deg i at det er mykje som talar for at Peder Kvale er ein sannsynleg kandidat her. Innkje minst sidan namnet Abelone er ukjent i Fresvik og at det står at det er hans første leiermål her. Altså er han truleg tilreisande. Og han kan skjølvsagt ha endå fleire born me ikkje veit om. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Januar 25, 2019 Forfatter Del Skrevet Januar 25, 2019 Har funne ut at Ole Gjertsen og kona hadde 6 born: Gjert f 1800-1821 Bergen Mons 1801-1801 Ingeborg 1802-1845 Fresvik Maria 1804-1879 Bergen Marte f ca 1808 Mons 1810-1894 Hafslo Dermed har vi ei forklaring på kvifor presten skreiv at Marthe Olsdtr var mor til Abelone. Men fortsatt er Peder Kvale ein sannsynleg far til Abelone. Maria er difor utanfor mistanke om at ho er mora. Marthe Olsdtr finn eg ikkje seinare, truleg er ho død ein gong etter 1827. Men sidan familien var på vandring i heile Sogn og ikkje minst rundt Aurland og i Ytre Sogn Osland/Kyrkjebø, så kan dødsfallet vera registrert utanom Leikanger. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Karin Knutsen Heggem Skrevet Mai 21, 2020 Del Skrevet Mai 21, 2020 Hei har kome over på ei gjesteside på forumet at Lars Erik Øyane har skrevet litt om Komplislekta frå Etnedal. Eg er og ei ane derifrå. Finn Lars E.Øyane ikkje på nett med tlf.nr anna enn i Geilo med post restante. I Geilolia. Reknar med det att det er hytte Lars E.eig der. Er det nokon som kjenner han og kan sette meg i forbindelse med han om han fortsatt er på denne jord. Med helsing Anne Karin Knutsen Heggem. Er frå Kluftigarden i Bøvarstogo krets i Etnedal. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet Mai 21, 2020 Del Skrevet Mai 21, 2020 Hei Anne Karin! Jau, eg framleis på denne jord, men det var ikkje mykje om å gjera i fjor... Eg bur i Tyskland, og e-postadressa me er attgjevi i alle innleggi eg skriv! Eg veit ikkje på kva vis eg kan hjelpa deg, men for å stå best mogdeleg rusta, so kan det vedra lurft å senda med ein «link» til den gjestesida som du syner til! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne-Lise Hansen Skrevet Mai 21, 2020 Del Skrevet Mai 21, 2020 @Anne Karin Knutsen Heggem (Det er bare du som ‘følger’ emnet, Lars. Håper at tagging av Anne Karin gjør at hun ser svaret ditt når hun eventuelt logger inn på forumet igjen.) Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå