Gå til innhold
Arkivverket

Lindås MINI A19 1878-1912 - Kyrkjesokn manglar frå 1886


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Eg leita etter ei mogeleg vigsle i 1904 i Austrheim i Hordaland, og slo då opp i Lindås Mini A19.

https://media.digitalarkivet.no/kb/contents/7033

Der fann eg inga vigsle, så eg rekna med at den måtte ha gått føre seg ein annan stad. Deretter prøvde eg eit søk i "Enkelt personsøk", og der kom vigsla opp i klokkarboka for Austrheim. Ved nærmare ettersyn fann eg ingen av vigslene frå 1904 i ministerialboka.

 

For meg ser det ut som at dei fleste av listene i ministerialboka inneheld berre hovudsoknet Lindås frå og med 1886. (Dagsregisteret ser likevel ut til å nemne andre sokn også etter 1886). Eg vil då tru at det finst eigne ministerialbøker for dei andre sokna frå og med 1886, og at desse enten ikkje er avleverte eller så er dei ikkje skanna.

 

Dette er ikkje så greit når ein leitar i eit område der ein ikkje er lokalkjend, og eg meiner at det her bør setjast inn ein merknad om at den aktuelle kyrkjeboka berre inneheld hovudsoknet Lindås frå og med 1886. For min del var det denne gongen det at eg tilfeldigvis prøvde eit personsøk samt at kyrkjeboka tilfeldigvis var transkribert som gjorde at eg ikkje enda opp utan å finne denne vigsla.

 

(Ved nærmare ettersyn ser eg no at det også finst ei eiga ministerialbok for Austrheim 1886-1896).

https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?parishes[]=1264S2&start_year=&end_year=&text=

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 12.1.2019 den 23.25, Torbjørn Igelkjøn skrev:

For meg ser det ut som at dei fleste av listene i ministerialboka inneheld berre hovudsoknet Lindås frå og med 1886. (Dagsregisteret ser likevel ut til å nemne andre sokn også etter 1886). Eg vil då tru at det finst eigne ministerialbøker for dei andre sokna frå og med 1886, og at desse enten ikkje er avleverte eller så er dei ikkje skanna.

 

Det ser ut til at man fra 1886 førte egne ministerialbøker for hvert sokn, mens A 19 fortsatte med konfirmerte, gifte og døde i Lindås sokn: https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?parishes[]=1264S2&parishes[]=1265S2&parishes[]=1263S1&parishes[]=1257S2&parishes[]=1263S2&source_types[]=MINI&start_year=1886&end_year=1886&text=

 

I A 19 har jeg lagt inn merknad: https://media.digitalarkivet.no/kb/contents/7033

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.