Gå til innhold
Arkivverket

S. & Fj. Naustdal sokn (Førde pr.gj.): Marthe Olsdtr. f. 1831 på Liabøen. Hennar lagnad. Oppslag i bygdebok


Torbjørn Henrik Hillersøy
 Del

Recommended Posts

Marthe fødd på Liabøen: https://media.digitalarkivet.no/view/11407/80 (nr.60)

Foreldre Ole Olson og Janicke Andersdtr.

Familien var seinare busett på garden Helle og deretter på ein husmannsplass under garden Horsevik.

 

Prøver å finne ut om Marthe vart gift.

Her er ein kandidat: https://media.digitalarkivet.no/view/11638/395 gift 1853 med Rognald Olson. Dei vart busett på garden Friborg.

Her i 1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038267004434

Far til brura er oppgitt til å vere Ole Olson Helle. Men står det noko under Friborg i bygdebok før Naustdal om henvisning til bruk, husmannsplass på Helle?

Eller kanskje Friborg ligg i Førde sokn?

Rognald var frå Myklebust (fleire gardar med det namnet i Sunnfjord), men oppheldt seg i Øvre Redal (Naustdal sokn) då han vart gift med Marthe.

Kanskje budde dei på Helle eller i Øvre Redal ei tid før dei flytta til Friborg?

 

Mvh Torbjørn

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdebøkene for Naustdal skal vere tilgjengelege på nb.no. Det same gjeld Førde.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Friborg låg i Naustdal i 1950, men ser ut til å ha vore i den delen av Naustdal som låg på sørsida av fjorden, og som i 1964 blei overført til Førde. På side 607 i Førde BB2 finn eg:

 

"Rognald Olson f. 1827 på Myklebust i Jølster. Gift 1. før 1851 med Marta Iverise Olsdotter Kvamme f. 1827 i Naustdal".

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for svar, Torbjørn!

Dersom det er same paret som eg har funne giftermålet til, så vart dei gift i 1853. Rognald Olsen er i alle fall oppgitt med Myklebust som heimgard.

 

Eg finn ei Marthe Iverise Olsdtr. som konfirmant i 1850: https://media.digitalarkivet.no/view/11638/281, fødd i 1834 av foreldra Ole Thomasson og Hnrikke Hnriksdtr. Solheim.

(Det vart døypt ei Marthe Iverise i 1827 https://media.digitalarkivet.no/view/11407/53 av same foreldra, men altså også i 1834  (nr. 32): https://media.digitalarkivet.no/view/11407/108

Ei Marthe Olsdtr. Solheim vert gravlagd i 1830 (2 år) https://media.digitalarkivet.no/view/11407/342 (nr 22) )

 

Spørsmålet er om Rognald Olsen frå Myklebust (busett på Friborg) vart gift med Marthe Olsdtr. dotter av Ole Olsen Helle eller dotter av Ole Thomasson Solheim (Kvamme)

 

Kyrkjeboka oppgir Ole Olson Helle som far til Marthe. Dersom det er rett og vi snakker om same Rognald Olsen som busette seg på Friborg, var då Marthe dotter til Ole Olsen og Janicke Andersdtr. ?

Var det fleire som heitte Ole Olson Helle? 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser i bygdebok for Naustdal at det kun er ein aktuell Ole Olson Helle på den garden.  Ola Henrik Olson som han heiter er gift med Janicke Andersdtr.

Dei får iflg. bygdeboka dottera Marthe i 1831.

Ved giftermålet til Marthe Olsdtr. Helle i 1853 er hennar alder oppgitt til 23, og det stemmer godt med alderen til dotter til Ola og Janicke.

 

Har leita igjennom vigde i krk.bok for Førde i tidsrommet 1845 til 1860. Det einaste paret med namn Rognald Olson og Marthe Olsdtr. i det tidsrommer er dei som vart

gift i 1853. Der er Rognald oppgitt til å komme frå Myklebust.(oppheldt seg på garden Øvre Redal då han vart gift).

 

Då er det vel svært truleg at paret som buset seg på garden Friborg er nettopp dei som vart gift i 1853 og at Marthe er dotter til Ole Olson og Janicke Andersdtr. Helle (seinare Horsevik). Med mindre eit anna par med namn Rognald Olson og Marthe Olsdtr. vart gift i eit anna prestegjeld (Jølster?)

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ingen andre par med de navnene som dukker opp som gifte på FamilySearch mellom 1845 og 1860. Og som du nevner er hun oppført med Helle som gårdsnavn ved vielsen og faren het Ole Olsson Helle.

Jeg finner det sannsynlig at det er rette foreldre du har funnet til Marthe.

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.