Gå til innhold
Arkivverket

Kriminallova kap 2, par 3 og avretting


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Ingeborg Olsdtr Grønlien blei halshoggen i 1845 i Fresvik i Sogn. Presten Thorne skreiv ein lang rapport om dei siste månadane hennar. Ei veke før ho vart avretta vart ho svært utav seg då ho blei opplyst om ein forholdsregel i Kriminallova kap 2 paragraf 3. 

Kva er det eigentleg denne forholdsregelen går ut på? Har prøvd å leita i Kriminallova utan at eg finn noko som er relevant og årsak til at ho vart så opphissa.  Flott viss nokon kan hjelpa. 

Mvh

Anne Marie B Øyri

994156568_Kriminallovenkap2par3.thumb.png.68a6e0dd0a7474cf9585b0b341e6081a.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg var inne og las på kap 2 paragraf 3 men skjønte ikkje at dette kunne ha noko med den forholdsregelen som presten snakkar om og som gjorde at ho flippa ut.

Ho vart dømd etter lova som verka inntil 1842, sidan ho drap far sin 14 dagar før den nye lova tredde i kraft.  Kan det vera forrige lov presten viser til?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veldig rart med denne beskjeden frå lensmann og fogd som verka så avskrekkande.

Ho hadde sete i arrest truleg over eit år og det var berre att ei veke tiil ho skulle fraktast til Fresvik der ho skulle avrettast, så eg trudde det måtte ha noko med transport eller forholda under avrettinga. Ho var ikkje så glad i fogden og lensmannen etter som eg har forstått men hadde opparbeidd seg eit godt forhold til presten.

Paragraf 3 viser til gravide. No hadde ho rett nok 3 døde spebarn under uklare omstende, men dette passar likevel ikkje.

Kan presten ha skrive feil paragraf?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein trykkfeil er sannsynleg, men vi kan vel ikkje sjå bort frå at det "antoges nødvendig" å undersøkje om ho var gravid, og at presten meinte ei slik undersøking ville "gjøre et høist forstyrrende indtryk paa et saa hæftig gemyt"?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja forklaringa til Knut er nok sannsynleg.  Ho hadde jo vore borti både det eine og det andre opp gjennom åra og ho sat nok ikkje i isolat den tida ho var i arresten. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.