Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Februar 9, 2019 Del Skrevet Februar 9, 2019 (endret) https://media.digitalarkivet.no/view/12442/27?indexing= Har eg forstått det rett at dette er eit sal av garden Øyri frå Knut Larson til presten Samuel Bugge? Kjenner ein Knut Anderson som var brukar iallfall i 1723, og Peder Mattisson som var eigr på byrjinga av 1700-talet. Men Lnut Larson er eit nytt namn for meg. Anne Marie B Øyri Endret Februar 9, 2019 av Anne Marie Bøtun Øyri Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Februar 9, 2019 Del Skrevet Februar 9, 2019 Ja, det ser sånn ut. - dvs. så langt eg kan sjå, stend det ikkje her at Samuel Bugge er prest. det er "Een half løb Smør" i "Øhren" for "Rede Penge Tredive og Sex Rixdr." Seljaren er kalla "Knud Larsøn" i innleiinga og "Knud Larsøn Øren" i underskrifta. Datert 20. nov. 1727. I margen står det "udj Ting-Protocollen andraget fol. 252"; det kan vere at det står fleire opplysningar i tingboka (t.d. kva tid Knut kjøpte bruket) Anne Marie Bøtun Øyri reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Carl-Henry Geschwind Skrevet Februar 9, 2019 Del Skrevet Februar 9, 2019 17 minutes ago, Ivar S. Ertesvåg said: det kan vere at det står fleire opplysningar i tingboka Tingbok: https://www.digitalarkivet.no/rg20090331650681 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Februar 9, 2019 Del Skrevet Februar 9, 2019 ja... tilsynelatande ikkje noko nytt der. Men det er to innførsler rett etter kvarandre, det eine datert 20 No 1727, det andre "Samme Datt. ovenstaaende Dok." Begge gjeld skøyte frå Knud Larsøn til Samuel Bugge på 1/2 laup Smør i "Øren". Dateringa av den andre, med tilvising til den første, tyder på at det ikkje er først dobbelt ved ein feil - men eg kan ikkje sjå meir enn eitt dokument i panteboka... Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Februar 9, 2019 Forfatter Del Skrevet Februar 9, 2019 https://media.digitalarkivet.no/view/39184/273?indexing= Her er matrikkelen i 1723, og det står vel noko om skattleggjing, men om dette kan samanliknast med 1/2 laup smør? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Carl-Henry Geschwind Skrevet Februar 9, 2019 Del Skrevet Februar 9, 2019 48 minutes ago, Anne Marie Bøtun Øyri said: Her er matrikkelen i 1723, og det står vel noko om skattleggjing, men om dette kan samanliknast med 1/2 laup smør? Please forgive me for replying in English - I can read Norwegian, but not write it. Yes. 1 pd = 24 mrk, and 1 laup = 72 mrk; therefore 1 pd 12 mrk (which is what Peder owned in 1723, see fourth column) = 36 mrk = 1/2 laup smør Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Februar 10, 2019 Forfatter Del Skrevet Februar 10, 2019 Takk for oppklaringa, då var det heile garden som blei selt til Samuel Bugge. Det som undrar meg er at Samuel Bugge var prest på Leikanger og såleis sannsynleg at han nytta høvet til å kjøpa sidan prestane eigde mykje av gardane i Fresvik. Men Samuel Bugge døydde i 1718 og sonen Samuel var fødd i 1712 og såleis berre 15 år i 1727. Andre som heitte Samuel Bugge finn eg ikkje. Kan garden likevel ha blitt selt til den 15 år gamle sonen? Kona til presten heitte Anne Sophie Randulf men om ho overtok så hadde vel namnet hennar stått? Veit ikkje dødsår på henne. I 1728 skulle Øyri høyra til prestegodset som Ivar Ivarson Leganger hadde etter at mora Ane Finde døydde i 1727. Ivar Ivarson var gift i 1708 med eldste dottera til Samuel Bugge, så her kan sjølvsagt vera ei overtaking, sal eller gåve frå Samuel Bugge til Ivar Ivarson i 1727 eller 1728 utan at eg har funne noko meir om det. Eller er det den avdøde presten Samuel Bugge som er kjøpar og så er garden straks overlevert til arvingar (svigerson Ivar Ivarson Leganger og eldste dottera Mette Dorothea Samuelsdtr)? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Februar 10, 2019 Del Skrevet Februar 10, 2019 (endret) Skøytet seier svært lite om kjøparen, utanom namnet og at han har betalt. Til dømes signerer ikkje kjøparen skøytet - det er det seljaren som gjer (og to vitne). Det er vel ikkje noko i vegen for at kjøparen er 15 år (eller 1 år). Det ville vere ein formyndar som stod for kjøpet - men det er ei sak som ikkje treng kome fram i skøytet. På den andre sida ville det vere vanleg skikk å omtale ein prest som "Hr." - og ein avdød (om døde kan stå som kjøpar) som "Sal." Elles... "prestegods" er vel helst gods som ligg til embetet (kalla mensalgods, prestebordsgods, benefisert godst, ....) I dette tilfellet meiner du vel godset til presten som privatperson. For å finne eigedomsoverføring, må du nesten finlese alle referata frå Tjugum i tingboka. Er det ein streng og ryddig sorenskrivar, kjem alle eigedomssaker samla for kvar tingsamling. Men dei kan kome spreidde over heile tingsamlinga, innimellom kunngjeringar, sivilsaker, straffesaker, skatterestansar osv. Endret Februar 10, 2019 av Ivar S. Ertesvåg Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Februar 10, 2019 Forfatter Del Skrevet Februar 10, 2019 Ja eg meinte presten som privatperson. Er det det som ofte blir kalla prestebolet? Då meiner du det er mest sannsynleg at det er sonen til presten som er ny eigar? I tilfelle så har vel systera og mannen Ivar Ivarson overteke på eitt eller anna tidspunkt. Eg har lese (Soga um Fresvikgodset) at Ivar Ivarson fekk skøyta i 1728 etter mora Ane Finde og eigde 18 bruk i Fresvik. Men no ser det ut som det er gjennom svigerbroren han har fått Øyri og kanskje etter 1728. Samuel Bugge var sorenskrivar i Finnmark, men kva tid han flytte frå Leikanger veit eg ikkje. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Februar 10, 2019 Del Skrevet Februar 10, 2019 (endret) "prestebol" er eit anna ord for "mensalgods" osv. Kan opphaveleg vere ei mistyding av "prestebord" ("mensalis" = bord) Ja, mest truleg Samuel d.y. Det kan hende han hadde arva pengar; og eigedom var den tryggaste "banken" å setje dei i. Det var ikkje alle eigedomsoverdragingar som vart tinglyste. Det kan t.d. ha vore eit makeskifte mellom vérbrørne, og då var det ikkje sikkert dei tok seg bryet/utgifta med tinglysing, sidan skøytet framleis var innafor familien. Endret Februar 10, 2019 av Ivar S. Ertesvåg Anne Marie Bøtun Øyri reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå