Gå til innhold
Arkivverket

Sunnfjord - Er denne Johannes Hansen og Mads Haldorsen nevnt i bygdebøkene ?


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Om nokon greier å tyde skrifta, så er iallefall skiftet på høgre sida:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 7a (1756-1761), Skifteprotokollside, Side 95b-96a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126650098

 

Eg slit med å tyde skrifta, men det som eg får ut av skiftet er at broren eller sønene ikkje var mogelege å finne, og dermed er det rekna opp ei lang liste med avdøde syskenborn og borna deira som dermed fekk utdelt arven. Slike skifte som dette vil vere interessante og kan kaste lys over slektslinjer bakover i tid der ein elles har få kjelder.
 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjertrud finn du på side 251 i bygdebok for Naustdal, bind 1.

 

"(...) I skiftet etter henne er det opplyst at ho har ein son, Mads Haldorsson f. kr. 1714, som oppheldt seg i København."

 

Venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 6 (1752-1767), Skifteprotokollside, Side 250b-251a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126640937
 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Torbjørn og takk skal du ha.

Virker som det er en bra jobb som er gjort i bygdebøkene fra området da.

 

Har prøvd å finne denne Mads i Danmark uten å lykkes så langt.

 

Mvh

Ivar

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er også ett intressant skifte med forgreninger fra Askøy og utover hele vestlandet og vel så det. 

 

De til Forsendelse med Posten allene privilegerede Kiøbenhavnske Tidender (1762-1808)

22. oktober 1779

image.png.cdf6afb2f6c32638c8c5488464f3707a.png

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftet byrjar på høgre side:

Bergen, Hordaland, Sogn og Fjordane fylke, Nordhordland, Skifteprotokoll nr. A 6b (1779-1783), Skifteprotokollside, Side 646b-647a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081114700174
 

Systersonen i Korssundet må vere Christian Thomassen Rue:

https://vestraat.net/TNG/getperson.php?personID=I34254&tree=IEA

 

Eg har ikkje inngåande kunnskap om desse slektene, men meiner å hugse at Nitterane heldt til i Luster i Sogn. (Så desse har nok L. E. Øyane godt greie på). Iallefall er det forgreining til Fjaler i Sunnfjord (Henrik og Kristen T. Nitter, nemnde i skiftet) med mykje etterslekt m.a. i Dale.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars E. Øyane spurte i 2013 om Nitterane i Fjaler, i samband med utgjeving av neste bindet av bygdeboka:

 

Det er forresten mange trådar i forumet som omhandlar Nitter-slekt. Det finst dessutan slektsbøker i nb.no:

https://www.nb.no/search?q=nitterslekten 400 år

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karen Kristine og "slektsstemnet" (skiftet) på Strusshamn er omtalt på side 94 (side 189 i den skanna versjonen):

Nitterslekten i Norge gjennom 400 år : 1568-1968. 1 : Slektens avstamming: slektene i Sogn og Nordland

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2015102308013

 

I følgje slektsboka er ektemannen Samuel Ovesen Bugge, og ein kan slå fast at ho her har ein annan ektemann enn den som ligg på Geni. Det er vel truleg det som ligg på Geni som er feil.

 

Redigert: Lagt til lenke til den feilaktige ektemannen på Geni.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I annonsen står det to gonger at brordottera til Samuel, Barbra Bugge heldt til i Sogndal, men i skiftet står det Stavanger. Det er nesten så eg byrjar å tenkje på uttrykket "Med sognamaol vil du koma deg heilt til Konstantinopel". Kanskje det er der ein må leite for å finne den skinndøde sogningen som er nemnd i ein annan tråd her i forumet?

 

Mi tolking av skiftet:

 

Skifte 8/6 1779 på garden Strusshamn i Herdla skipreide etter den same stad med døden avgåtte Frue Karen Christine Nitter, som var enkje etter Løytnant Bugge. Arven skulle delast mellom deira etterlatne arvingar. På løytnanten si side: 2 brorsøner, 1 systerson og ei brordotter i København som ingen visste om var død eller ikkje. På frua si side: 5 brorsøner og 4 brordøtre:

  • 1. Eldste brorson, Christen Nitter, myndig og bur i ytre Sogn.
  • 2. Brorsonen, Hendrich Nitter, myndig og oppheld seg i Sogn.
  • 3. Brorsonen, Christopher Nitter, myndig og oppheld seg i Sogn.
  • 4. Brorsonen, Fridrich Nitter, myndig og bur i Sunnfjord. (Det må her vere snakk om Christen T. Nitter, sjå nedanfor).
  • 5. Hendrich Nitter, myndig og bur på garden Tysse i Sunnfjord.
  • 6. Eldste brordotter, Karen Chierstine Nitter, busett i Sogn.
  • 7. Birthe Nitter, busett i Sogn.
  • 8. Dorthea Nitter, er gift og bur i Sogn.
  • 9. Yngste brordotter, Karen Nitter, 22 år.
  • 10. Systerdottera, Ingebor Nitter, var gift og er død. Har etterlate seg 1 son og 1 dotter:
    • Arne Andreasson og dottera
    • Birthe Andreasdtr.

Etter ein del brevskriving og annonsering i diverse aviser kjem ein fram til at løyntnanten sine arvingar er 3 brorsøner, 2 brordøtre, 1 systerson og 2 systerdøtre:

  • 1. Eldste brorson, Hans Bugge, som levde i Bechervigen (Bekkjarvik?), er død og har etterlate seg 2 søner og ei dotter:
    • Eldste son, Natanael Bugge, 20 år.
    • Andre son, Søren Bugge, 15 år.
    • Dottera, Inger M. Bugge, 16 år. (I utlodninga kalla Malene Bugge).
  • 2. Brorsonen, Daniel Bugge, myndig og tilstades.
  • 3. Brorsonen, Ludvig Bugge, myndig men ikkje tilstades. (Det er nemnt i skiftet at han budde i Egersund).
  • 4. Brordottera, Barbro Bugge, enkje og oppheld seg i Stavanger, myndig og tilstades.
  • 5. Ei brordotter som skal ha opphalde seg i København, men som ein ikkje har fått noko underretning om kvar er.
  • 6. Systersonen, Christian Rue (i utlodninga kalla Christian Tomesen Rue), er død og har etterlate seg 3 døtre:
    • Eldste dottera, Pernelie Rue, 29 år.
    • Andre dottera, Barbro Rue, 28 år. (I utlodninga kalla Barbroe Sofie Rue).
    • Yngste dottera, Christine Rue, 26 år. (Det er nemnt i skiftet at stefaren deira var Hr. Holterman i Korssund).
  • 7. Systerdottera, Barbara Rue, enkje, ikkje tilstades. (I utlodninga kalla Barbro Tollefsdtr).
  • 8. Maren Tollefsdtr., myndig og tilstades.

Revidert liste over frua sine arvingar: 6 brorsøner, 4 brordøtre og 4 systerdøtre:

  • 1. Brorsonen, Christen Larsson Nitter, myndig og tilstades.
  • 2. Christoper Larsen Nitter, myndig men ikkje tilstades.
  • 3. Christen Nitter, myndig og tilstades. (Kalla Ludvig Nitter i utlodninga).
  • 4. Hendrich L. Nitter, myndig og tilstades.
  • 5. Christen T. Nitter, myndig og tilstades.
  • 6. Hendrich T. Nitter, myndig og tilstades.
  • 7. Brordottera, Berthe Malene Nitter, myndig og tilstades.
  • 8. Karen N., myndig og tilstades. (I utlodninga kalla Karen C. Nitter).
  • 9. Dorthe N., myndig og tilstades.
  • 10. Karen Chierstine Nitter, 22 år, oppheld seg i stervbohuset.
  • 11. Ingebor Nitter, er død og har etterlate seg 1 son og 1 dotter:
    • Sonen, Arne Andersson Dahl, 18 år.
    • Dottera, Bertha Andersdtr. Dahl, 21 år. (Faren, murmester Anders Dahl er nemnd i skiftet).
  • 12. Systerdottera, Sophie, er død og har etterlate seg 1 dotter:
    • Ellen Halvorsdtr., er gift, ikkje(?) tilstades.
  • 13. Maren Monsdtr., myndig og tilstades. (Kalla Marthe Monsdtr. i utlodninga).
  • 14. Barbro Monsdtr., myndig og tilstades.

https://www.geni.com/people/Karen-Nitter/6000000001169254717

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Torbjørn og hjertelig takk.

 

Jeg har en Niels Christiansen Bugge - skriver i Stavanger og gift i 1746 med Maren Edvardsdatter Vahl. Jeg får prøve å finne ut om han passer inn.

 

Mvh

Ivar

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.