Gå til innhold
Arkivverket

Informasjon om Steinar Knutsson Brune som i 1843 kjøpte gn.79 i Volda


Stein Høydalsvik
 Del

Recommended Posts

Jeg jobber med historien til gn. 79 Høydalsvik i Volda kommune og trenger hjelp til informasjon om en Steinar Knutsson Brune som står som eier i en kort periode.

I Volda-soga III (Aarviknes) s. 129 står det:

I 1699 var Johan Frimann eigar av garden, og garden var i Frimannætta til eit skifte i 1820 då kaptein Jakob G. Meidel vart eigar. Han selde til Steinar Knutsson Brune i 1843 for 130 spdl. Brune selde i 1854 til Anders Knutsson Årsæter for 100 spdl.

Det siste stemmer vel ikke helt. Tror det skal være at Knut Gullikson Høydalsvik kjøpte halve bruket av Steinar K. Brune for 120 spdl. i 1843 og at Anders K. Årsæter kjøpte av Knut Gullikson Høydalsvik for 100 spdl. i 1854.

Jeg finner noe om dette i SAT, Søre Sunnmøre sorenskriveri, 2/2Aa/L0017: Panteregister nr. 17, 1849-1940, s. 342-343: Starter med skjøte fra Steinar Brune(?) til Knut Gullikson Høydalsvik, men sliter med videre tolkning ned til skjøte fra Anders K. Aarsæter til Gullik Knutsen Høydalsvik for 290 sp. i 1872.

 

Jeg er ute etter mer informasjon om Steinar Knutsson Brune, men finner ikke noe, hverken hvor han bodde, om han var stor jordeier i området, alder, etc., og ikke minst om han hadde noen tilknytning til området eller gården. Takknemlig for alle forslag som kan lede meg på vei til noe mer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Stein Høydalsvik skrev:

 Tror det skal være at Knut Gullikson Høydalsvik kjøpte halve bruket av Steinar K. Brune for 120 spdl. i 1843

og

at Anders K. Årsæter kjøpte av Knut Gullikson Høydalsvik for 100 spdl. i 1854.

"Skiøde fra Stener Brune til Knud Gulliksen paa

denne Eiendom for 130 Spd. dat 1ste August

1843, thinglæst 1ste November s: a:"  [det ser ut til å vere heile eigedomen]

Så kjem eit kårbrev til Brit Ellingsd. 1843 ..., dinest

"Obligation fra Knud Gulliksen til Anders Knudsen
Aarsæter med 1ste Prioritet for 100 Spd

dateret 1ste Juli 1843 thinglæst 1ste Novbr.s.a."
i margen "Udslættet ifl s. 16/6 81"

så kjem ei forlik om gjerdehald m.m. 1842 mellom Vike og Håvik

og så forlik om grenselinja 1846.

"Skjøde fra Knud Gulliksen til Anders Knudsen Aar

seter for 100 Sp af 17. juni 1854. Thingl. 1 Aug s.A."

"Bygselbrev fra Anders Knudsen Aarsæter til Knud Gulliksen

og Hustru Oline Jacobsdatter af 30 Septber 1854, thinglæst

2 October s.A."

 

 

Det står ikkje noko meir om Steinar Brune her.  Det kan hende det står noko meir i skøytet som

er ført inn i panteboka. Dersom du finn fram i det eldre registeret, kan det hende du finn kva tid Steinar

kjøpte eigedomen - og også kvar i panteboka dette skøytet står.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for hjelp til å forstå teksten om dette! Når det gjelder mer om Steinar Knutsson Brune så er jeg usikker på hva du mener med det eldre registeret.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Antar at svar på mitt siste spørsmål kom før jeg rakk å skrive det ferdig?

Men det jeg håper på er muligheten til å finne han i en folketelling, kirkebok, etc.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du finn ikkje Steinar i "Volda-soga" (Aarviknes) fordi Brune ligg i Dalsfjord, som hadde eiga bygdebok.

Men "Busetnadssoga"  bd.1 (Kjelland m.fl. 2005) er om Dalsfjord, og du finn Steinar s. 548.

Han tok over bruket etter far sin, Knut Steinarson, i 1803 og let det vidare til sonen Knut i 1840.

Du bør kunne finne honom i 1801, men det kan tenkjast at han oppheldt seg ein annan stad enn heime hjå foreldra.

Han skal vere f. 1775, gift 1808, fekk born 1809-1825 og d. i 1848 (skifte i 1849).

 

"Det gamle registeret" er panteregister for Søre Sunnmøre. 

https://www.digitalarkivet.no/tl10041101030225

(du må bla litt...)

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart litt meir å bla enn eg tenkte; Høydalsvik står under "W" for  "Wiige" i registeret:

https://www.digitalarkivet.no/tl10041101030270

Steinar fekk skøyte på 1 vog 4 1/2 mk frå Meidell i 1842, datert 21 .sept.

Så selde han 1 dr 5 sk (skyld)  til Knut Gulliksen, dat 1.aug 1843 og

like mykje til Jacob Gulliksen Wige same dagen.

 

Frå matrikkelen 1838 https://www.digitalarkivet.no/ma10061006093595

ser vi at det Steinar kjøpte var halve garden (gammal skyld 2 v 9 1/2 mk fisk, ny skyld 4 dr 20 sk).

 

I "Busetnadssoga" (B.2 s. 92) les vi at Jakob Gullikson formelt tok over bruket (Hansgarden) etter mora

(Brite, som fekk kårbrev, sjå ovanfor) i 1843 (faren Gullik Jakobson død 9 år før); og at han var gift 1837 med Berte Hansine, dotter til Steinar Brune.

 

Den andre kjøparen, Knut, var bror til Jakob, og fekk frådelt eit nytt bruk (Knutegarden, s.99), halvparten av det foreldra hadde hatt.

Etter dette var det fire like store bruk på garden.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk igjen for dette. Nå har jeg fått mye og for meg ny informasjon om Steinar Brune og forholda rundt eierskapet til gården.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 3/6/2019 at 9:58 AM, Ivar S. Ertesvåg said:

 

Frå matrikkelen 1838 https://www.digitalarkivet.no/ma10061006093595

ser vi at det Steinar kjøpte var halve garden (gammal skyld 2 v 9 1/2 mk fisk, ny skyld 4 dr 20 sk).

 

I "Busetnadssoga" (B.2 s. 92) les vi at Jakob Gullikson formelt tok over bruket (Hansgarden) etter mora

(Brite, som fekk kårbrev, sjå ovanfor) i 1843 (faren Gullik Jakobson død 9 år før); og at han var gift 1837 med Berte Hansine, dotter til Steinar Brune.

 

Den andre kjøparen, Knut, var bror til Jakob, og fekk frådelt eit nytt bruk (Knutegarden, s.99), halvparten av det foreldra hadde hatt.

Etter dette var det fire like store bruk på garden.

 

 

Etter å ha tenkt litt mer på denne informasjonen så sitter jeg igjen med et stort og litt fundamentalt spørsmål.

Hva var det som gjorde at Steinar Brune kunne gå fra å være leilending på bruk 4 under gården Brune i Dalsfjord til å bli jordeier i Voldaområdet?

Jeg antar at dette vil forbli spekulasjoner og at det er vanskelig å finne belegg for hvordan dette har utvikla seg, men kan en tenke litt høgt rundt hvordan en slik utvikling kunne ha skjedd?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Stein Høydalsvik skrev:

Etter å ha tenkt litt mer på denne informasjonen så sitter jeg igjen med et stort og litt fundamentalt spørsmål.

Hva var det som gjorde at Steinar Brune kunne gå fra å være leilending på bruk 4 under gården Brune i Dalsfjord til å bli jordeier i Voldaområdet?

Jeg antar at dette vil forbli spekulasjoner og at det er vanskelig å finne belegg for hvordan dette har utvikla seg, men kan en tenke litt høgt rundt hvordan en slik utvikling kunne ha skjedd?

 

Eg trur ikkje dette er noko stort mysterium. Fast eigedom var, utanom kisteboten, den einaste måten å plassere sparepengar.

Steinar må ha tent pengar. Han kan ha vore med på fyrbyggingsarbeid, men var kanskje litt for gammal då dette vart vanleg i Dalsfjord.

Det mest trulege er fiske; gjerne oppsparte midlar over fleire år.

Det bruket Steinar tok over etter foreldra var tydlegvis ikkje til sals. (Dei høyrde til ei slekt i Bjørkedalen, som hadde det i fleire ættled.)

Når Meidell sin halvpart i Høydalsvika, der dottera budde, kom på marknaden, har Steinar opna kista si.

 

Det er neppe rekneskapsført noko om dette, utanom gardkjøp og evt. arv i offentlege skifte (dei fleste skifta var då som no private, utan sorenskrivaren).

Dersom han var med og bygde fyr, kan det hende at han finst i ei mannskapsliste.

Det kan vere vanskeleg å finne om Steinar hadde andre eigedomar, sidan registera er ordna etter gardar og ikkje etter eigarar. Men du kan freiste å søkje

etter namnet hans i dei digitale utgåvene av "Volda-soga" (som ligg på nb.no). Han vart så gammal at han kan ha fordelt mykje av arven i levande live - så skiftet

treng ikkje fortelje alt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det høres truverdig ut. Og endelig så falt også forbindelsen mellom Steinar Brune og gården Høydalsvik på plass i puslespillet. Så da er jeg klar for å skifte fokus til andre sider ved gårdshistoria. 

Nok en gang takk for hjelpa. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.