Jump to content
Arkivverket

Eiendomsdokumenter som er mest tinglyste


Odd Tjelta

Recommended Posts

Jeg har prøvd å lete i gamle tinglyste dokumenter fra slekta i bygselsedler, skjøte, skifte, kjøpekontrakter og pantedokumenter. Jeg har funnet de relevante skjøtene antar jeg og vel de siste kjøpekontraktene, men ser at jeg har funnet minst på bygselsedler og skifte. Er derfor litt usikker på hvor mye energi jeg skal legge ned for å få hentet ut informasjon om skifter. Jeg antar vel at det foreldra hadde av gods og gull var i gården og det gjekk i arv til sønnen. Resten av ungene fikk ikke så mye av verdier i skiftet, men det er mulig jeg tar feil. Er det noen som har erfaring på hva man finner mest av informasjon av slekta si i tinglyste dokumenter? Slekta min hadde bygsla gård fram til 1842 så jeg har god oversikt over det som har skjedd etter 1848, men mindre før 1848. 

Link to comment
Share on other sites

Det er vanskelig å komme med et eksakt svar på det du spør om. Jeg anbefaler at du leser litt om emnene skifte, tinglysing og bygsel i Historisk leksikon:

 

Tinglysing: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Leksikon:Tinglysing

Skifte: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Leksikon:Skifte

Bygsel: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Leksikon:Bygsel

 

9 timer siden, Odd Tjelta skrev:

 Jeg antar vel at det foreldra hadde av gods og gull var i gården og det gjekk i arv til sønnen. Resten av ungene fikk ikke så mye av verdier i skiftet, men det er mulig jeg tar feil. 

Historisk leksikon har også et avsnitt om arv: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Leksikon:Arv

Link to comment
Share on other sites

Skifte står vel stort sett i skifteprotokollane, og det er vel berre i enkelte tilfelle at det er referert frå desse i pantebøkene.

 

Det var vel som regel berre når nokon av arvingane var umyndige at det var offentleg skifte, og det var heller ikkje alltid at det var noko å skifte i det heile. Difor vil ein i mange tilfelle ikkje finne noko skifte i skifteprotokollane.

Link to comment
Share on other sites

Skifta pleier å gje nøyaktige opplysningar om arvingar og slektsforhold, og dette er svært nyttig når ein skal spore eller verifisere slektslinjer bakover i ei tid der andre kjelder er få eller mangelfulle. Dersom ein finn skifte etter barnlause folk kan desse gje opplysningar om slektsforhold langt bakover i tid, og ein kan i enkelte tilfelle finne opplysningar om syskenborn osv. Slike skifte kan vere som geneologiske skattkammer, men ein skal nok også vere klar over at det blir fleire feil di fjernare slektsforhold som blir skildra.

Link to comment
Share on other sites

Elles listar skifta opp det som fanst av verdiar i buet, dvs. evt. jordegods (sjølve garden, dette føreset at dei var sjølveigarar), husdyr, reiskapar, kjerald, kle osv. i tillegg til gjeld og det som buet har til gode frå andre. Eg må innrømme at eg ikkje forstår så mykje av dette på grunn av skrifta, men om ein greier å tolke eit skifte vil ein jo få vite om alt det som den avdøde eigde og hadde.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

13 timer siden, Odd Tjelta skrev:

Resten av ungene fikk ikke så mye av verdier i skiftet, men det er mulig jeg tar feil.

 

Verdiane skal jo (dersom det ikkje finst eit testament) fordelast likt mellom syskena, og dersom den eldste sonen skulle ta over garden måtte dei andre kjøpast ut, på same måten som det er i våre dagar.

 

Elles var det slik til langt ut på 1800-talet at jentene arva halvparten av gutane, og ved utlodninga (utdelinga) vil ein då finne uttrykka "broderlodd" og "søsterlodd" i skifta.

Link to comment
Share on other sites

7 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Skifte står vel stort sett i skifteprotokollane, og det er vel berre i enkelte tilfelle at det er referert frå desse i pantebøkene.

 

Det var vel som regel berre når nokon av arvingane var umyndige at det var offentleg skifte, og det var heller ikkje alltid at det var noko å skifte i det heile. Difor vil ein i mange tilfelle ikkje finne noko skifte i skifteprotokollane.

 

Samfrendeskifte (privat skifte) som førte til at nokon tok over ein eigedom kan vere førte inn som del av skøytet i panteboka.

 

Det skulle også vere offentleg skifte dersom det var fråverande arvingar; dersom arvingane ikkje vart samde, eller dei ikkje greidde å ordne opp på eiga hand (t.d. med kreditorar).

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.