Gå til innhold
Arkivverket

Foreldra til (Peder) Odin Langø frå Straumsnes som kom bort på D/S Aslak i Vestisen påska 1917


Sigurd Eliassen
 Del

Recommended Posts

(Peder) Odin Langø kom bort på D/S Aslak i Vestisen påska 1917 i ein orkan der seks skuter vart borte. Eg prøver å registrere foreldre , syskjen, ektefelle og born for dei som vart borte.

 

Eg manglar nokre opplysningar om foreldra hans, og kanskje er det nokon der ute som veit noko om det.

 

Odin vart fødd  utanfor ekteskap i Straumsnes 9.2.1885, lekkje: https://www.digitalarkivet.no/kb20070326680090

Han vart konfirmert i Straumsnes, lekkje: https://www.digitalarkivet.no/kb20050412020882

Han vart registrert i folketeljingane 1891, 1903 og 1910 saman med morforeldra. Mora og faren var fråverande.

Han er å finne i Gards- og ættesoge for Straumsnes. B. 2. Side 370 på denne lekkja:

https://www.nb.no/items/97ec704a9f946f05fc0096747720c26c?page=373

 

Mora er etter dette Anne Peder/Maritsdotter Langø fødd 3.10.1851. Siste sporet etter henne er dåpen til Odin.

 

Faren er etter det som kjem fram på lekkjene ovanfor, Johan Oluf Kristenson Skjæret fødd ca. 1863. Dette er einaste sporet eg har etter han. Etter merknadsfeltet i ministerialboka i innføringa for Peder Odin, står det at Johan skal ha eit barn på Tustna.

 

Opplysningane eg er ute etter er kvar det vart av foreldra til Odin, og om han kan ha syskjen.

 

For dei som er interesserte i katastrofen i Vestisen i 1917, er det informasjon på mellom anna desse lekkjene:

Trondhjems Adresseavis 20de september 1917
https://www.nb.no/items/6e60518e82f79b144efa698f3db5f3eb?page=3

Trondhjems Folkeblad 22de september 1917
www.nb.no/items/577b631f48f764982858cb5073cd7370?page=1

Ishavsskuter av Johan Ottesen:
https://www.nb.no/items/a6983e17e8481e334f59a09a50a84cf6?page=64

Ishavsskutenes historie III av Odd Magnus Hansen:
www.nb.no/items/f73c71d7ed2bcada505588244d05e3ee?page=51

Polhav: om personligheter i skruisen av Leo Oterhals
https://www.nb.no/items/6c03c24524f844cfa910443c480c5453?page=168

Isflaket. Polarmagasin frå Ishavsmuseet. Nr. 1-2017:
https://www.ishavsmuseet.no/polarmagasin?command=article.getAttachment&articleId=145176&file=isflaket_1-2017.pdf


Lekkjer til kyrkjebokinnføringar for omkomne i Vestisen påska 1917:

Hareid: https://www.digitalarkivet.no/kb10041107070180
Herøy: https://www.digitalarkivet.no/kb20051024040129
Hjørundfjord: https://www.digitalarkivet.no/kb10051107121176
Sande: https://www.digitalarkivet.no/kb20060523070165
Skjerstad: https://www.digitalarkivet.no/kb10051208072153
Stordal: https://www.digitalarkivet.no/kb20050613050282
Straumsnes: https://www.digitalarkivet.no/kb20060523080404
Strinda: https://www.digitalarkivet.no/kb20051024030748
Ulstein: https://www.digitalarkivet.no/kb20050418030689
Vanylven: https://www.digitalarkivet.no/kb20060127020050
Ørsta: https://www.digitalarkivet.no/kb20050418020707
Ålesund: https://www.digitalarkivet.no/kb20070328650687

Mange av dei som kom vekk frå Romsdal og Sunnmøre, er opplista soknvis i boka: Folk ved havet: fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal. Band III. 1983: https://www.nb.no/items/146078288a545548b15e06c38c5d93e5?page=327

Endret av Sigurd Eliassen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Sigurd Eliassen skrev:

Etter merknadsfeltet i ministerialboka i innføringa for Peder Odin, står det at Johan skal ha eit barn på Tustna.

 

Kvindekjønn nr. 19: Inger Anna f. 17.9.1883

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 577/L0896: Ministerialbok nr. 577A03, 1880-1898, s. 25
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070308700695
 

Det ser ut til at Johan Oluf gifta seg med mora til Inger Anna, Kristine Hansdotter, her i 1891:

https://www.digitalarkivet.no/pf01053071000455

Og så langt er her 3 halvsøsken til Odin: Inger Anna, Ane og Kristen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 minutter siden, Richard Johan Natvig skrev:

Johan Oluf gifta seg med mora til Inger Anna, Kristine Hansdotter

 

Par nr. 4, her, i 1887:

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 577/L0896: Ministerialbok nr. 577A03, 1880-1898, s. 175
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070309610134

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?Johan Olufs dåp i Kristiansund 1863, rett far men med ei anna mor enn ho som er oppført i folketellinga 1865

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 572/L0846: Ministerialbok nr. 572A09, 1855-1865, s. 134
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20071016620336
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Odins mor Anne med familien hennar i 1865

https://www.digitalarkivet.no/pf01038302003953

 

Annes konfirmasjon

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 587/L0999: Ministerialbok nr. 587A01, 1864-1886, s. 99
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070326680101
 

Finn ikkje dåpen hennar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk Richard. Då skal eg sjå om eg klarer å finne kva tid Johan Oluf og halvsyskjena til Odin døydde.

 

Så spørst det kvar Anne vart av . Utvandring kan vere eit alternativ.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er det eg har per no:

 

(Peder) Odin Langø fødd 9.2.1885 på Langø i Straumsnes, døypt 13.4.1885 og konfirmert 7.10.1900 i Straumsnes. I folketeljingane 1.1.1891 budde han saman med morforeldra, og 3.12.1900 og 1.12.1910 er han registrert saman med mormora på Langø.

 

Han var fangstmann i 1917 på D/S Aslak og kom vekk 8. eller 9. april 1917 i Vestisen.

 

Foreldre (ugifte):
Anne Peder/Maritsdotter Langø (3.10.1851 – ukjend dødsdato)
Johan Oluf Anne/Kristenson Skjærseth (12.3.1863 – 12.4.1943)

 

Halvsyskjen med felles far og mor Kristine Hans/Ingersdotter Langholm (10.1.1855 – 3.3.1918):

Inger Anna (17.9.1883 – )
Anne Kristine (27.10.1887 – )
Kristen  (27.8.1889 – 1903)
Anna Pauline  (8.7.1891 – 2.2.1978)
Hans Nikolai  (16.1.1894 – 14.9.1913)
Oline Kristine  (24.6.1895 – 20.7.1929)
Johanne  (3.5.1897 – 4.6.1951)

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Min oldemors yngste bror Odin (!) Kristoffer Løset, født på Strandebø i Rovde 15. august 1893 bosatt på Brandal, ble tilfeldigvis med på ei selskute da en av karene måtte melde avbud pga. sykdom. (Han hadde vært med  den samme skipperen før) skuta het "Admiralen" og forulykket i Vestisen (skruis) 8. eller 9. april 1917. Odin omkom, se Hareid klokkerbok nr. 3 (1900-1922) folio 172. Her får du navn på de omkomne og skutene de var på.

Med vennlig hilsen Erik Lie, Namsos.

Endret av Erik Lie
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Erik Lie skrev:

Odin omkom, se Hareid klokkerbok nr. 3 (1900-1922) folio 172. Her får du navn på de omkomne og skutene de var på.

 

 

Eg er ferdig med registreringa av den næraste slekta til alle som kom vekk med D/S Admiralen - i alt 109 personar inkludert dei omkomne.

 

Eg hugsar godt Olivia, kona til Odin. Ho budde her i Brandal og hadde mjølkeutsal i min barndom.

 

mvh

Sigurd Eliassen, Brandal

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.