Gå til innhold
Arkivverket

Fiskebåt rekvirert av Wehrmacht under 2. verdskrigen


Daniel Kvernøy
 Del

Recommended Posts

Hei Arkivverket,

 

Oldefaren min (m.fl.) eigde ein fiskebåt som blei rekvirert av Wehrmacht under krigen, dette går fram av "Fortegnelse over merkepliktige norske fiskefarkoster". I den same fortegnelsen så ser eg at dette var 1 av 2 merkepliktige fiskebåtar som var rekvirert/chartra av Wehrmacht i Sogn og Fjordane.  Namnet på båten var "Sandholm", kallesignalet var "LKLG".

 

I samband med at det lokale historielaget som eg er medlem i skal gje ut eit nytt historiehefte i år, så ynskjer eg å undersøkje historia til denne båten og å skrive ein artikkel om kva den gjorde i tysk teneste.

 

 I 1942, 1943 og 1944 står det følgjande om båten i "Fortegnelse over merkepliktige norske fiskefarkoster":


Fiskerinummer: SF - 257 - G
Namn: Sandholm
Type: Motorkutter
Materiale: Tre
Byggeår: 1936
Lengde: 55.0
Bredde: 16.0
Dypde: 8.2
Motor: Wichmann
HK: 40
Eier: Ivar B Birknes m. fl., Byrknesøy

 

I registeret for 1948 står det at Sandholm blei ombygd i 1947. Ny lengde er 65.0 og ny bredde er 17.5. 

 

 

På kartotekkortet hos Sjøfartsdirektoratet ( https://media.digitalarkivet.no/view/38631/63?fbclid=IwAR2Y_vkrRtd2krHbvOPGr3LBCh8ttz2npGyI8DVazQ1avzfHFQglhbWiuis ) står det  "Går under tysk flag med tysk besetning". På same kortet står det nederst til høgre noko om mappenummer. Er dette Sjøfartsdirektoratet sine dokument i Riksarkivet?

 

Det eg ynskjer hjelp til, er sjølvsagt å finne ut meir informasjon om båten under tysk tjeneste. Har de moglegheit til å finne det tyske nummeret som vart brukt på båten under krigen? 

Har de eventuelt dei mappene/filene som dei referansane på kartotekkortet henviser til? 

 

All informasjon blir tatt imot med takk!

 

Ser fram til å høyre attende frå Dykk!

 

Mvh

Daniel Kvernøy

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei igjen Anita,

 

Kan du sjekke korleis det ligg an med den førespurnaden som eg sendte inn?


Det har gått nesten to månader no, og eg har ikkje fått noko svar. Kan du sjå om førespurnaden har blitt motteke?

 

Mvh

Daniel Kvernøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.