Gå til innhold
Arkivverket

Sogn og Fj, Vik, Mini, 1831-45


Jon Sværen
 Del

Recommended Posts

Ei side her er borte vekk !  Det er side 15.

 På side 14 ser ein døypte nr 26 den 26.1.1834.

 

Blar ein over på neste side, 16, startar ein med nr 45 som er døypt 16.3.1834.

Her er side 14, sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070523650307

Billet lekkja:  http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070523650307.jpg

 

Er dette ein glipp, eller det ein Lakune ?

 

Med helsing

 

Jon Sværen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sidan venstre og høgre side korresponderer må det vere eit manglande oppslag ved skanninga. Hadde det vore eit ark som mangla ville ein ha sett at venstre og høgre side ikkje høyrde saman.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er i tvil her, Torbjørn, då både venstre og høgre sida har same sidetalet.

 

Kristian kjem kanskje på jobb på mandag morgon. Mogelig han er eining med meg: Side 15 er borte vekk !

Ein lakune, eller ein glipp då skanning vart gjort.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I den originale kyrkjeboka er det nok slik at det er folio (dvs. ark) nummer12, 13, 14, 15, 16 osv., og kvart ark vil ha ei framside og ei bakside. I oppslaget ser ein "baksida" av ark nummer 13 til venstre og "framsida" av ark nummer 14 til høgre. (Ein ser at årstalet 1834 står på tvers av boka, og at det står 14 i øvste høgre hjørnet i boka). Altså ser ein høvesvis folio 13b og 14a.

 

Dersom det er manglande oppslag ved skanninga vil neste oppslag vise folio 15b og 16a. Manglar det derimot eit ark i den originale boka er det folio 14b og 16a ein ser, og ein skulle kunne sjå dette ved at innførslene på venstre og høgre delen av det skanna oppslaget ikkje høyrer saman fordi det manglar eit ark mellom desse. Men då ville også nummereringa på venstre side ha starta med #27, og når den startar med #45 er det garantert at feilen er eit manglande oppslag ved skanninga.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er riktig analysert av Torbjørn Igelkjøn; det må her mangle et oppslag (side 15 - som også kan betegnes folio 14b-15a) med dåp nr. 27-44.

 

Noe bilde av oppslaget finnes heller ikke på mikrofilmen, så det er vedkommende som i sin tid mikrofilmet kirkeboka, som har vært uheldig og bladd over et oppslag.

 

Vi har ikke denne mangelen registrert fra før, så dermed føyer jeg den til på lista over kjente mangler i SAB-kirkebøkene. Lista omfatter nå 322 mangler, så det er en del å ta tak i her. Jeg kan foreløpig ikke si når vi kan få utført denne etterskanninga. Skanning av manglene vil i seg selv kreve en del tid, men etterarbeidet med å legge inn bildene på rett plass i indekseringstabellene i Digitalarkivets database er nok det aller mest tidkrevende.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er mogeleg at eg har nemnt det før, men det ville ha vore ein fordel dersom desse mangellistene kunne publiserast i ei eller anna form, slik at det vart enklare for oss å vite kva for manglar som er vits i å melde frå om eller ikkje.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for innfo frå både Kristian og Torbjørn ! Då veit eg det.

 

Det som Torbjørn nevner i # 6: Er det noko som er komplisert / vanskelig å gjera på kort tid ?

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Det er mogeleg at eg har nemnt det før, men det ville ha vore ein fordel dersom desse mangellistene kunne publiserast i ei eller anna form, slik at det vart enklare for oss å vite kva for manglar som er vits i å melde frå om eller ikkje.

 

2 timer siden, Jon Sværen skrev:

Det som Torbjørn nevner i # 6: Er det noko som er komplisert / vanskelig å gjera på kort tid ?

 

Vi har ett excel-ark med kjente (til dels antatte) mangler for hvert statsarkiv. Oppsett og informasjon er ikke beregnet på et eksternt publikum, så jeg vil nøle litt med å legge dem ut på Internett. Dessuten er jeg usikker på hvor lett det vil være å gjøre enhver oppmerksom på dem. Jeg frykter at brukere flest vil overse dem og rapportere inn manglende sider uten å sjekke disse listene.

 

Skal det være håp om at brukere flest får øye på informasjon om kjente mangler, tror jeg den beste løsningen vil være å legge inn merknad på hver enkelt kirkebok, slik at mangelen vises i merknadsfeltet, slik som dette: https://media.digitalarkivet.no/kb/contents/11758

 

Dette er i og for seg ikke komplisert eller vanskelig, men det vil ta sin tid å formulere slike merknader for kanskje 2000 kirkebøker med mangler. Jeg har ikke mulighet til å prioritere det selv; jeg skal i stedet gjøre oppmerksom på muligheten internt, men jeg er nok i tvil om det er noe som vil nå tilstrekkelig høyt opp på prioriteringslista for seksjonen som jeg tilhører.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott, Kristian. Dersom dette blir gjort fortløpande kvar gong de blir gjort merksame på manglar vil dette på sikt gjere utlegging av excel-filene overflødig.

 

Samstundes er det også fort gjort for den vanlege brukar å oversjå merknadane på kvar enkelt skanna kyrkjebok. Eg må vel innrømme at heller ikkje eg alltid har tenkt over at ein bør sjekke kjeldeinformasjonen for slikt. Dersom innhaldet i excel-filene blir lagt ut ville i det minste erfarne brukarar vite om desse.

 

No veit ikkje eg korleis oppsettet på filene er, og kva slags informasjon som evt. finst utover dei konkrete manglane i dei skanna kyrkjebøkene. Ein skulle vel iallefall tru at det i utgangspunktet ikkje skal vere klausulert informasjon i lister over feil/manglar i kyrkjebøkene eller andre kjelder, og at det i alle høve vil vere raskt å sjekke desse listene for dette i forhold til å gå inn og endre kjeldeinformasjonen for kvar enkelt kyrkjebok. Med forbehold om oppsett og innhald meiner eg at det beste kanskje ville ha vore å ta ein rask gjennomgang av desse listene for så å publisere dei ein gong for alle, og så leggje inn nye merknader fortløpande i kjeldeinformasjonen til kvar enkelt kyrkjebok.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.