Gå til innhold
Arkivverket

Emigrerte barn etter Nils og Synneva Hagen, Kintserdal


Renate Hagen
 Del

Recommended Posts

3 timer siden, Renate Hagen skrev:

Nr. 2 Jacob.

Egils post #5 er en avisartikkel utgitt 2/11-72 (en torsdag) hvor det stod at han døde mandag, altså 30/10. I linken jeg legger ved her står det 24/10-72. Vet ikke hvilken som er mest riktig. I alle artiklene om gullbryllupet i 1967 bor de i Fredericksburg, rett ved New Hampton. 

 

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Jacob Urness er ein av dei eg har jobba mykje med, men då eg konfronterte etterkomarane med at Stella skulle vera adoptert, vart dette avvist som feil - eg veit ikkje riktig kva eg skal tru...

 

Under "Iowa Deaths" står Jacob nevnt i avisen utgitt 28. oktober......

 

Des Moines Tribune (Des Moines, Iowa) 28 Oct 1972, Saturday, Page 6

Des Moines Tribune (Des Moines, Iowa) 28 Oct 1972, Saturday, Page 6_ii.jpg

Des Moines Tribune (Des Moines, Iowa) 28 Oct 1972, Saturday, Page 6.jpg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Renate Hagen skrev:

Det finnes en kandidat som kan ha blitt feilaktig innført, men det er umulig å vite uten å grave i om det faktisk finnes en Anna Nilsdatter Næsset født 1882 i Hafslo

 

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000714484

 

Denne kandidaten skulle til sin onkel, Johannes Helleren, Benson, MN.......

 

The New York, Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957
Name:    Anna Nilsen Neset
Arrival Date:    16 Aug 1906
Birth Date:    abt 1882
Age:    24
Gender:    Female
Ethnicity/ Nationality:    Scandinavian
Port of Departure:    Liverpool, England
Port of Arrival:    New York, New York
Ship Name:    Cedric

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger inn denne for Bernard Helgerud - sier noe om hvor han befant seg årene 1917-1919....

 

The U.S., Adjutant General Military Records, 1631-1976
Name:    Bernard Helgerud
Report Year:    1917-1918
Service State:    North Dakota

Bernard Helgerud WW 1.jpg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande innlegg!

 

Så har me fått ein dødsdato for Jacob Urness, om han verkeleg døydde same dagen som dødsfallet vart meldt...(?)

 

Men Anna Nilsdotter Nesset er derimot ei anna, omskrivi hjå meg under gsrden Heggestad:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Anna Nilsdotter Næset, f. 27.10.1882,

Anna N. Neset utvandra til Amerika i 1906 og fór då til Benson, Swift Co., Minn., men gifte seg i Glasgow, Mont. 11.3.1908 med Peter Edward Hilleren, son av husmann Johannes Johannesson frå Venjeplassen under Venjo (1849-1927).  Han var f. i Swift Co., Minn. 26.10.1882.  Peter var jarn-banearbeidar (“railroad maintenance worker”), og han og Anna vart buande i Tioga, Williams Co., N.D. levetidi ut.  Peter d. i Tioga, N.D. 10.12.1958, medan Anna Hilleren d. same staden 4.11.1961.  Dei var barnlause, men fostra opp eldste dotteri til Nels Neset, bror hennar (sjå ovanfor).

 

~~~~~~~~~~~~

 

Men me kjem nærare og nærare målet om eit komplett manuskript, og eg takkar på ny!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2e. Lloyd Beines mellomnavn er Leroy på registreringskortet for militærtjeneste under ww2. Det er samme mellomnavn som sønnen har. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der var fleire interessante og nyttige detaljar på plass, hjarteleg takk til Renate!

 

Eg følgjer konsekvent alle huslydane til og med første generasjon fødd etter utflytting frå Luster kommune, og kva eg no manglar i denne huslyden, er følgjande:

 

* Skilsmålet til Lorraine og Harold Robbins?

 

* Utvandringi til Anna Nilsdotter?

 

* Vigsli til Anna Urness og Ben Helgerud i 1919?

 

* Vigsli til Helen Urness og John Bateson i 1946?

 

Slett ikkje so dårleg!  Ein ny kjempetakk!  Oppdatert manuskript følgjer til erstatning for manuskriptet i innlegg #43 på føregåande side!

 

~~~~~~~~~~~~~

 

 1. Inga Nilsdotter Hagen, f. i Årdal 30.11.1879,

Inga Urness utvandra til Amerika i 1903 og gifte seg i Chickasaw Co., Ia. 15.11.1906 med Peder Olai Ellendson Sæbø frå Sæbø i Lærdal, i Amerika kjend som Peder E. Sabo.  Han var son av husmann Ellend Pederson på Gjelli under Ekrene, Sæbø, opphavleg frå Hagen under Sandnes, og kona Olina Larsdotter frå Ekrene, Sæbø og f. i Lærdal 6.10.1878.  Han utvandra òg til Amerika i 1903.  Peder og Inga farma først nokre år i Utica township, Chickasaw Co., Ia., men flytte i 1914 til ein farm i Clover Leaf township, Pennington Co., Minn.  I 1929 flytte dei til ein farm i Keystone township, Polk Co., Minn. og kort etter vidare til ein farm i Angus township, Polk Co., Minn., men frå 1940 farma dei i Viking township, Marshall Co., Minn.  Peder d. i Thief River Falls, Minn. 3.4.1958, medan Inga Sabo d. same staden 5.4.1979.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Emil Norman Sabo, f. i Howard Co., Ia. 6.3.1908, d. i McAllen, Tx. 11.3.1975.  Han gifte seg i Pennington Co., Minn. 21.10.1931 med Mary Irene Laymon, f. i Putnam Co., Ill. 26.1.1913.  Ho d. i Belton, Tx. 2.12.1996.  Emil og Mary farma først nær Goodridge, Pennington Co., Minn., men var sidan restauranteigarar («restaurant owners and operators») i Thief River Falls, Pennington Co., Minn. til dei i 1957 tok pensjon og flytte til Pharr, Hidalgo Co., Tx.  Dei fekk fem born i lag.

b. Olga Isabelle Sabo, f. i Chickasaw Co., Ia. 28.11.1910, d. i Pennington Co., Minn. 21.5.1919.

c. Signe Johanna Sabo, f. i Chickasaw Co., Ia. 1.9.1912, d. i Marshall Co., Minn. 11.11.1983.  Ho gifte seg i Wylie, Red Lake Co., Minn. 15.11.1934 med Russell Grant Nelson, f. i Pembina Co., N.D. 12.9.1910.  Han d. i Thief River Falls, Minn. 21.7.1997.  Russell gifte seg som enkjemann att i Thief River Falls Minn. 11.1.1985 med enkja Fern Ann Knutson, f. Lenhart, f. i Marshall Co., Minn. 8.1.1925.  Ho d. i Thief River Falls, Minn. 13.4.2007.  Russell Nelson farma frå 1938 i New Solum township, Marshall Co., Minn., men livnærte seg òg som tankbilførar («oil truck driver»).  Han budde på farmen til han i 1984 busette seg i Thief River Falls, Pennington Co., Minn.  Russell fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Signe Sabo, men Fern hadde òg to døtrer frå første ekteskapet sitt.

d. Nels Frederick Sabo, f. i Pennington Co., Minn. 31.7.1914, d. i Waterloo, Ia. 18.9.1987.  Han gifte seg i Warren, Minn. 27.10.1938 med Helen Katherine Leader, f. i Marshall Co., Minn. 14.10.1916.  Ho d. i Waterloo, Ia. 14.11.1986.  Nels og Helen farma først i Angus township, Polk Co., Minn., men flytte i 1950 til Waterloo, Black hawk Co., Ia. der Nels var bygnings- og fabrikkarbeidar («construction and factory worker»).  Dei fekk fem døtrer i lag, men vart skilde i 1966.

e. Gladys Evelyn Sabo, f. i Pennington Co., Minn. 16.3.1916, d. i Waterloo, Ia. 2.6.1983.  Gladys gifte seg i Grand Forks, N.D. 9.12.1939 med Andrew Christopher Hagness, ein soneson av husmannssonen Christopher Torgerson frå Ekrene under Haganes i Luster (1848-1930).  Andrew var f. i Grand Forks Co., N.D. 6.5.1917 og d. i Oakland, Cal. 2.9.1971.  Andrew var salsagent («salesman»), og han og Gladys budde i Thief River Falls, Pennington Co., Minn., men vart skilde kring 1944, og medan Andrew flytte til Oakland, Alameda Co., Cal. og gifte seg att, flytte Gladys i 1949 til Waterloo, Black hawk Co., Ia. der ho i mange år arbeidde som kontordame («office clerk»).  Andrew og Gladys fekk to døtrer i lag.

f. Harold Jerome Sabo, f. i Pennington Co., Minn. 23.4.1918, d. i Fargo,, N.D. 12.12.2013.  Han gifte seg i Warren, Minn. 14.6.1939 med Doris Sarah Hove, f. i Marshall Co., Minn. 1.2.1920.  Ho d. i Warroad, Minn. 4.3.1999.  Harold og Doris flytte i 1940 til Chico, Kitsap Co., Wash. der Harold livnærte seg som verftsarbeidar («shipyard worker») til dei i 1947 slo seg ned som farmarar nær Thief River Falls, Pennington Co., Minn.  I 1972 flytte dei på ny til ein farm nær Gonvick, Clearwater Co., Minn., men som pensjonistar budde dei frå 1996 nær Warroad, Roseau Co., Minn.  Dei fekk sju born i lag.

g. Oscar Sovereign Sabo, f. i Pennington Co., Minn. 30.3.1921, d. i Thief River Falls, Minn. 4.11.1967.  Han gifte seg i Mavie, Pennington Co., Minn. 15.10.1941 med Mardella Myra Myrom, f. i Pennington Co., Minn. 7.3.1923.  Ho d. i Thief River Falls, Minn. 22.5.2009.  Oscar var bygningsarbeidar («construction worker»), og han og Mardella budde for det meste i Thief River Falls, Pennington Co., Minn.  Dei fekk ti born i lag.

h. Olga Isabelle Sabo, f. i Pennington Co., Minn. 11.2.1924, d. i Pennington Co., Minn. 23.2.1960.  Olga gifte seg i Thief River Falls, Minn. 16.12.1944 med Arthur Johan Larson, f. i Pennington Co., Minn. 22.9.1925.  Han d. ved eit ulukkeshende i Pennington Co., Minn. 13.9.1960.  Arthur og Olga farma først i Smiley township, Pennington Co., Minn., men flytte i 1950 til Renton, King Co., Wash. der Arthur var verftsarbeidar («shipyard worker») til dei i 1954 flytte attende til ein farm i North township, Pennington Co., Minn.  Dei fekk tre born i lag.

 2. Jacob Nilsson Hagen, f. i Årdal 22.9.1881,

Jacob Urness utvandra til Amerika i 1901 og gifte seg i Chickasaw Co., Ia. 11.7.1907 med Jørgina Johnsdotter Øvstetun frå Øvstetun i Årdal, i Amerika kjend som Georgina Ofstethun.  Ho var dotter av innerst og husmannsson John Pederson frå ein plass under Øvstetun og kona Britha Anfindsdotter frå ein plass under Nundal og f. i Årdal 23.7.1887, men utvandra til Amerika med foreldri i 1892.  Jacob og Georgina slo seg ned som farmarar i Jacksonville township, Chickasaw Co., Ia., men flytte som pensjonistar til New Hampton, Chickasaw Co., Ia. der Jacob d. 28.10.1972.  Georgina Urness d. same staden 12.10.1981.  Dei fekk seks born i lag, men adopterte dessutan ei dotter:

a. Brita Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 27.1.1908, d. i Chickasaw Co., Ia. 1.2.1908.

b. Stella Benora Urness, adoptivdotteri, f. i Chickasaw Co., Ia. 14.1.1912, d. i Truth Or Consequences, N.M. 1.9.2006.  Stella gifte seg første gongen i Waterloo, Ia. 1.1.1930 med William Peter Praska, som hadde vore gift før.  Han var f. i Chickasaw Co., Ia. 13.3.1904 og d. i Chicago, Ill. 19.2.1956.  William var fabrikkarbeidar («packing plant worker»), og han og Stella budde i Waterloo, Black hawk Co., Ia., men vart skilde i 1942.  William vart sidan jarnbanearbeidar og lastebilførar («railroad worker and truck driver») og busette seg i Chicago, Cook Co., Ill.  Stella gifte seg 4.9.1950 att i Charles City, Ia. med Simonidis Konstantinos (Σιμωνίδης Κωνσταντίνος) frå Thouria, Messinia (Θουρία, Μεσσηνία), Hellas, i Amerika kjend som Sam Tgiros.  Han var f. i Thouria (Θουρία), Hellas 17.3.1900, men utvandra til Amerika i 1913 og d. i Elephant Butte, N.M. 26.8.1983.  Sam og Stella var restauranteigarar («restaurant owners and operators») og budde i Charles City, Ia., men flytte i 1982 som pensjonistar til Elephant Butte, Sierra Co., N.M.  Stella fekk ein son, som var frå første ekteskapet, men første mannen William Praska hadde òg ein son frå første ekteskapet sitt.

c. Gertrude Ingeborg Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 1.6.1913, d. i Fredericksburg, Ia. 2.6.2001.  Gertrude gifte seg første gongen i Waterloo, Ia. 12.1.1934 med Garold Harold Bishop.  Han var f. i Chickasaw Co., Ia. 22.8.1906 og d. i Waterloo, Ia. 3.1.1954.  Garold var maskinarbeidar («machinist»), og han og Gertrude budde først i Fredericksburg, Chickasaw Co., Mia., men flytte i 1942 til Waterloo, Black hawk Co., Ia.  Gertrude gifte seg so att i Waterloo, Ia. 8.3.1956 med Clifford Gale Holman.  Han var f. i Black hawk Co., Ia. 25.10.1907 og d. i Fredericksburg, Ia. 19.8.1990.  Clifford var krohaldar («tavern owner and operator»), og han og Gertrude budde i Fredericksburg, Chickasaw Co., Ia.  Gertrude fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet, men andre mannen Clifford hadde òg ei dotter frå eit tidlegare ekteskap.

d. Neil Joseph Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 9.11.1915, d. i New Hampton, Ia. 7.9.1974.  Han gifte seg i Charles City, Ia. 1.9.1943 med Bridget Lorraine, kjend som Lorraine B. Tobin, f. i Sherburne Co., Minn. 22.3.1919.  Ho d. i New Hampton, Ia. 19.9.1994.  Neil var arbeidar («laborer»), og han og Lorraine budde i Fredericksburg, Chickasaw Co., Ia.  Dei fekk fire born i lag.

e. Agnes Jeanette Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 16.1.1918, d. i St. Paul, Minn. 1.8.1988.  Ho gifte seg i Austin, Minn. 8.4.1939 med Lloyd Leroy Beine.  Han var f. i Floyd Co., Ia. 4.6.1914 og d. i St. Paul, Minn. 5.7.1980.  Lloyd og Agnes budde først i Charles City, Floyd Co., Ia., men flytte sidan til Blairstown, Benton Co., Ia. der dei starta opp med kosmetikkforretning («beauty shop owners and operators»), ei verksemd som dei sidan flytte til St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Dei fekk ein son i lag.

f. Olga Bernice Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 29.5.1921, d. i Charles City, Ia. 23.5.1996.  Ho gifte seg i Charles City, Ia. 2.5.1942 med Orland Carl Bluhm.  Han var f. i Floyd Co., Ia. 25.6.1919 og d. i Des Moines, Ia. 4.10.1975.  Orland var bilmekanikar («auto mechanic»), og han og Olga budde i Charles City, Floyd Co., Ia.  Dei fekk fem born i lag.

g. Lorraine Eldora Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 8.9.1923, d. i Waterloo, Ia. 7.7.2001.  Lorraine gifte seg i Chickasaw Co., Ia. 11.7.1942 med Harold Leroy Robbins.  Han var f. i Fayette Co., Ia. 12.10.1920 og d. i Waterloo, Ia. 3.12.1999.  Harold var arbeidar («laborer»), medan Lorraine i mange år var heimesjukepleiar («home nurse»).  Dei budde i Waterloo, Black hawk Co., Ia., men vart tidleg skilde. 

 

 

     ¤¤¤¤¤ (year of divorce? – sons David and Jack, both in Waterloo, IA)

 

 

     Dei fekk to søner i lag.

 3. Anna Nilsdotter Hagen, f. 6.10.1883,

Anna Urness utvandra til Amerika i 1906

 

 

¤¤¤¤¤ (year of her emigration to be verified?)

 

 

og busette seg i Lawler, Chickasaw Co., Ia. der ho livnærte seg som hushaldar («housekeeper»).  Ho var heime på vitjing i 1914, men fór attende til Amerika same året og gifte seg

    

¤¤¤¤¤ (exact date and place of her marriage? – he then lived at Ambrose, ND! – no record Divide or Williams Co., ND)

 

 

 

.11.1919 med Bernhard Hansson Helgerud frå Sæter i Nordre Land, i Amerika kjend som Ben Helgerud.  Han var son av husmann Hans Olson på Helgerud under Sæter, opphavleg frå Smehaugen under Åmodt, og kona Aletta Olsdotter frå Tollerud under Sæter og f. i Nordre Land 18.6.1888.  Han utvandra til Amerika i 1909.  Bernhard Helgerud tok «homestead» i Twin Butte township, Divide Co., N.D. der han d. 15.6.1932.  Anna Helgerud flytte som enkje til Salem, Marion Co., Ore. der ho d. 29.6.1972.  Dei var barnlause.

 4. Jens Nilsson Hagen (1885-1966), vart gardbrukar på Øvrebø.

 5. Johannes Nilsson Hagen, f. 7.2.1888,

John N. Urness utvandra til Amerika i 1903 og fór då til Lawler, Chickasaw Co., Ia., men gifte seg i Devils Lake, N.D. 25.8.1920 med Helen Estelle Fowler, f. i Nelson Co., N.D. 7.12.1894.  John var i fleire år lærar («school teacher»), mellom anna i Mayville, Traill Co., N.D. og i Mohall, Renville Co., N.D., men vart kring 1924 skuleinspektør («superintendant of schools») i Williston, Williams Co., N.D.  I 1953 tok John pensjon, og parfolket flytte til Dallas, Polk Co., Ore. der John d. 23.10.1957.  Helen Urness flytte som enkje til San Rafael, Marin Co., Cal. der ho d. 20.3.1994.  Dei fekk to døtrer i lag:

a. Helen Almeda Urness, f. i Renville Co., N.D. 17.6.1922, d. i Walnut Creek, Cal. 5.9.2017.  Helen gifte seg

 

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of her marriage? – license issued Berkeley, Alameda Co., CA Feb. 1946)

 

 

     med John Bateson frå Congleton, Cheshire, England.  Han var son av Mathew Harold Bateson i Congleton, Cheshire, opphavleg frå Leyland i Lancashire, og kona Margaret May Woodcock frå Goostrey, Cheshire og f. i Congleton, Cheshire, England 17.5.1919.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1925 og d. i San Rafael, Cal. 23.9.1993.  John tok siviløkonomutdanning («business administration graduate») og arbeidde sidan som bokhaldar og bankstyrar («certified public accountant and bank vice president»).  Han og Helen budde frå 1955 i Terra Linda, Marin Co., Cal. og fekk fire born i lag.

b. Sybil Norma Urness, f. i Renville Co., N.D. 31.8.1923, d. i  Antioch, Cal. 3.5.1991.  Ho gifte seg i Minot, N.D. 15.4.1946 med Donal William Brislain.  Han var f. i Detroit, Mich. 21.8.1922 og d. i Antioch, Cal. 24.12.2018.  Donal var lærar («school teacher»), og han og Sybil budde i Vancouver, Clark Co., Wash. og sidan i Antioch, Contra Costa Co., Cal.  Som enkjemann gifte Donal seg att to gongar og budde på ny mange år i Vancouver, Wash. før han kring 2005 flytte attende til Antioch, Cal.  Han fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet med Sybil.

 6. Anders Nilsson Hagen, f. 18.3.1890,

Andrew Urness utvandra til Amerika i 1909 og fór då til skyldfolk i New Hampton, Chickasaw Co., Ia., men gifte seg i Lawler, Ia. 16.9.1919 med Sigrid Georgina, kjend som Sadie Johnson, ei sonedotter av husmannssonen John Olson frå Teigen under Myklemyr i Jostedalen (1838-1895).  Ho var f. i Chickasaw Co., Ia. 15.4.1898.  Andrew og Sadie slo seg ned som farmarar i Utica township, Chickasaw Co., Ia., men flytte i 1941 til New Hampton, Chickasaw Co., Ia. der Andrew ei tid var vegarbeidar («counrty highway department worker»).  Sidan var han fabrikkarbeidar («factory worker») I Waterloo, Ia, og pendla dit, men han d. i Fredericksburg, Ia. 4.11.1977.  Sadie Urness d. same staden 12.1.1989.  Dei fekk seks born i lag:

a. Hazel Arlene Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 14.4.1920, d. i Waterloo, Ia. 1.10.2011.  Ho gifte seg i Lawler, Ia. 4.6.1940 med Glenn Leslie Buehler.  Han var f. i Wright Co., Ia. 4.6.1913 og d. i Waterloo, Ia. 22.7.1990.  Hazel var syerske («seamstress»), medan Glenn var fabrikkarbeidar («factory worker»).  Dei budde i Waterloo, Black hawk Co., Ia. og fekk fire born i lag.

b. Alice Signora Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 1.10.1921, d. i Waterloo, Ia. 4.3.2005.  Alice gifte seg i New Hampton, Ia. 24.8.1947 med Carl Gene Daily.  Han var f. i Cerro Gordo Co., Ia. 8.11.1917 og d. i Waterloo, Ia. 23.6.1967.  Alice var lærar («school teacher»), medan Carl var postfunksjonær («post office employee»).  Dei budde òg i Waterloo, Black hawk Co., Ia. og fekk tre døtrer i lag.

c. Norma Jean Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 10.12.1923, d. i Waterloo, Ia. 30.5.2009.  Norma gifte seg New Hampton, Ia. 4.10.1942 med Vernon Lee Kerr.  Han var f. i Chickasaw Co., Ia. 25.9.1920 og d. i Sumner, Ia. 1.12.2005.  Vernon var bensinstasjonseigar og sidan kommunearbeidar («filling station owner and operator and later a city worker»), og han og Norma budde i Fredericksburg, Chickasaw Co., Ia.  Dei fekk tre born i lag.

d. Lois Melba Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 14.6.1926, d. i Waterloo, Ia. 15.2.2004.  Lois gifte seg i New Hampton, Ia. 3.4.1949 med Clare Jarvis Anderson.  Han var f. i Chickasaw Co., Ia. 2.5.1926 og d. i Waterloo, Ia. 4.3.1989.  Lois var servitør («waitress»), medan Clare var snikkar («carpenter»).  Dei budde i Waterloo, Black hawk Co., Ia. og fekk tre born i lag.

e. Donna Mae Urness, f. i Chickasaw Co., Ia. 13.4.1928, gifte seg i New Hampton, Ia. 10.6.1947 med Darold Joseph Waltz.  Han var f. i Chickasaw Co., Ia. 19.7.1924 og d. i Waterloo, Ia. 29.8.1981.  Donna har vore syerske («seamstress»), medan Darold var fabrikkarbeidar («factory worker»).  Dei budde først i New Hampton, Chickasaw Co., Ia., men flytte sidan til Waterloo, Black hawk Co., Ia.  Dei fekk tre døtrer i lag.

f. Andrew Urness, Jr., f. i Chickasaw Co., Ia. 25.9.1930, gifte seg i Waterloo, Ia. 3.7.1954 med Jane Ann Yearling, f. i Chickasaw Co., Ia. 15.4.1934.  Andrew har vore produksjonsingeniør («production engineer»), medan Jan har vore apotekfunksjonær («pharmacy employee»).  Dei bur i St. Paul, Ramsey Co., Minn. og har fire born i lag.

 7. Nils Nilsson Hagen, f. 3.5.1892,

Nels Urness utvandra til Amerika i 1908 og reiste då til ein svoger i Lawler, Chickasaw Co., Ia.  I 1910 flytte han til Divide Co., N.D. der han slo seg ned som farmar i Westby township, Divide Co., N.D.  Han gifte seg i Crosby, N.D. 6.12.1920 med Clare Lillian Everson, f. i Pope Co., Minn. 15.7.1888.  Clare var lærar («school teacher»), og i 1923 busette Nels og Clare seg i sjølve Alkabo, Divide Co., N.D.  Nels heldt fram med farmingi i Westby township, Divide Co., N.D. til ut i 1960-åri, medan Clare i mange år var postmeister («post mistress») i Alkabo.  Ho d. i Crosby, N.D. 20.12.1973, medan Nels Urness d. i Crosby, N.D. 5.2.1986.  Dei fekk tre born i lag:

a. Newton Irving Urness, f. i Ward Co., N.D. 25.4.1922, d. i Bellevue, Wash. 19.10.1976.  Han gifte seg i Seattle, Wash. 14.8.1943 med June Elizabeth Parker, f. i Fergus Co., Mont. 17.3.1920.  Ho d. i Bellevue, Wash. 13.5.1991.  Newton var bokhaldar og revisor («bookkeeper and auditor»), medan June ei tid hadde arbeid som firmabilførar («company driver»).  Dei budde i Bellevue, King Co., Wash., men var barnlause.

b. Curtis Dean, kjend som Dean Urness, f. i Williams Co., N.D. 10.9.1925, d. i Chisago City, Minn. 22.6.1988.  Dean gifte seg i St. Paul, Minn. 27.8.1949 med Beverly Frances Eckstrom, f. i Ramsey Co., Minn. 26.8.1925.  Beverly har vore lærar («school teacher»), medan Dean var lærar og skulestyrar («school teacher and principal»).  Dei budde i Willow River, Pine Co., Minn., i Carlton, Carlston Co., Minn. og i Little Falls, Morrison Co., Minn., men flytte sidan til Isle, Mille lacs Co., Minn. og i 1972 vidare til North Branch, Chisago Co., Minn. der Dean var skuleinspektør («school superintendant»).  Dei fekk tre born i lag.

c. Daryl Boyd Lindy Urness, f.  Divide Co., N.D. 29.11.1927, d. i Princeton, N.J. 12.11.1997.  Han gifte seg i Williston, N.D. 25.10.1952 med Donna Mae Richardson.  Ho var f. i Williams Co., N.D. 20.4.1936.  Daryl og Donna var båe lærarar og budde i Alkabo, Divide Co., N.D., i Grenora, Williams Co., N.D. og i Westby, Sheridan Co., Minn., men Daryl fekk so arbeid som industrileiar («corporation administrator»), og parfolket budde i Spokane, Spokane Co., Wash., i Portland, Multnomah Co., Ore. og i White Plains, Westchester Co., N.Y. til dei kring 1967 busette seg i Cranbury, Middlesex Co., N.J.  Dei fekk tre born i lag.

d. Gloria Clarene Urness, f. i Divide Co., N.D. 6.1.1931, d. i Lubbock, Tx. 29.12.2013.  Gloria gifte seg i Divide Co., N.D. 28.8.1955 med Junior Thomas, kjend som Thomas J. Myhra, f. i Divide Co., N.D. 15.5.1929.  Gloria var sjukepleiar og lærar («registered nurse and school teacher»), medan Thomas har vore lærar og sidan skulekontorfunksjonær («school teacher and a school administration employee»).  Dei budde korte periodar i Velva, McHenry Co., N.D. og i Racine, Racine Co., Wis., men flytte 1963 til Fridley, Anoka Co., Minn.  Dei fekk tre born i lag.

 8. Ole Nilsson Hagen, f. 7.4.1894,

Ole Urness utvandra til Amerika i 1913 og for óg til skyldfolk i Lawler, Chickasaw Co., Ia. der han livnærte seg som farmarbedar («farm laborer») til han i mai 1918 gjekk inn som soldat i første verdskrigen («WW1 soldier»).  Han tok idel i kampane nær Romagne-sous-Montfaucon, Meuse i Frankrike der han d. av sjukom 23.10.1918, ugift.

 9. Britha Nilsdotter Hagen, f. 3.8.1897,

Bertha Urness utvandra til Amerika i 1914 då ho var i følgje med søsteri Anna til Lawler, Chickasaw Co., Ia. der ein onkel av dei var busett på den tidi.  Ho gifte seg i Griggs Co., N.D. 23.7.1919 med Halvard Ferdinand Janson Johannesson frå Grønhaug i Skåre, Haugesund, i Amerika kjend som Halvor F. Johnson.  Han var son av gardbrukar og båtsmann Jan Johannesson på Grønhaug, opphavleg frå Gård, og kona Anna Cathrine Gudmundsdotter frå Grønhaug og f. i Skåre 9.11.1895.  Halvor utvandra òg til Amerika i 1914.  Halvor og Bertha farma først ei tid i Lenora township, Griggs Co., N.D., men flytte snart til ein farm i Romness township, Griggs Co., N.D.  I 1943 flytte parfolket til Lyons, Linn Co., Ore. der dei farma til dei i 1945 busette seg i Dallas, Polk Co., Ore.  Halvor var der nokre år eigedomsseljar («realestate salesman») til dei kring 1950 busette seg i Salem, Marion Co., Ore.  Halvor d. i Salem, Ore. 11.4.1981, medan Bertha Johnson d. same staden 13.2.1983.  Dei fekk fem born i lag:

a. Kenneth Helmer Johnson, f. i Griggs Co., N.D. 25.5.1920, d. i Cooperstown, N.D. 20.1.2003.  Kenneth gifte seg i Wimbledon, N.D. 17.6.1943 med Shirley Theresa VenHuizen, f. i Stutsman Co., N.D. 4.8.1922.  Kenneth var butikkmann («implement store employee»), og han og Shirley budde i Wimbledon, Barnes Co., N.D. til dei i 1952 busette seg i Cooperstown, Griggs Co., N.D.  I perioden frå 1960 til 1978 var Kenneth lensmann («County Sheriff») i Griggs Co., N.D.  Dei fekk fire born i lag.

b. Norman Johan Johnson, f. i Griggs Co., N.D. 19.3.1925, gifte seg i Sutton, N.D. 15.6.1944 med Eileen Ruth Smith, f. i Stutsman Co., N.D. 30.4.1924.  Norman og Eileen farma i mange år i Dover township, Griggs Co., N.D., men flytte i 1963 til Salem, Marion Co., Ore. der Norman har vore snikkar og bygningsrådgjevar («finish carpenter and rehabilitation counselor for urban renewal»).  Han og Eileen har fire born i lag.

c. Donald Ferdinand Johnson, f. i Griggs Co., N.D. 14.9.1930, d. i Salem, Ore. 1.1.2011.  Donald flytte i 1943 med foreldri sine til Oregon og var farmar nær Salem, Marion Co., Ore., ugift.

d. Leon Bernard Johnson, f. i Griggs Co., N.D. 12.5.1938, flytte òg med foreldri i 1943 til Oregon og har likeins vore farmar nær Salem, Marion Co., Ore., likeins ugift.

e. Helen Burnett Johnson, f. i Griggs Co., N.D. 12.8.1943, flytte med foreldri til Oregon i 1943, men gifte seg i Montreal, Qué. 17.6.1967 med Alex Elias Haddad, f. i Haifa, Palestina 25.4.1925.  Han d. i Salem, Ore. 11.11.2010.  Helen har vore sjukepleiar («registered nurse»), medan Alex var eigar av ei maskinverksemd («machine manufacturing company owner»).  Dei budde i Salem, Marion Co., Ore. og fekk ein son i lag.

10. Samuel Nilsson Hagen (1899-1980), tok over heimeplassen i Hagen etter foreldri sine, men vart sjølveigar, sjå Hagen II, Urnes (bnr. 38).

11. Hans Nilsson Hagen, f. 23.2.1902,

Hans Hagen gjekk folkehøgskulen i Sogndal i 1919 og tok lærarskuleeksamen på Elverum i 1923.  Same år vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar til Flåm i Aurland, og der gifte han seg 26.4.1926 med Solveig Pedersdotter Fodnes frå Fodnes i Lærdal.  Ho var dotter av gardbrukar Peder Nilsson på Fodnes og kona Siri Olsdotter frå Sandnes og f. i Lærdal 25.3.1903.  Hans og Solveig vart buande i Flåm til Hans i 1936 vart fabrikkarbeidar i Askim, og dei flytte dit.  Men frå 1946 var Hans Hagen lærar på Åbogen i Eidskog.  Han d. på Kongsvinger 8.9.1970, medan Solveig Hagen d. på Åbogen i Eidskog 1.12.1979.  Dei fekk elleve born i lag og tok dessutan til seg ei dotterdotter:

a. Nelly Sofia Hansdotter Hagen, f. i Aurland 18.9.1926, d. i Norrköping, Sverige 22.1.2006.  Nelly flytte i 1946 til Stockholm i Sverige der ho 20.7.1957 gifte seg med Erik Ingemar, kjend som Ingemar Svensson Lindblom frå Stockholm, f. i Stockholm, Sverige 28.2.1931.  Nelly var butikkdame, medan Ingmar har vore maskinkøyrar.  Dei budde i Stockholm i Sverige, men flytte i 1977 til Norrköping i Sverige.  Dei fekk tre born i lag, men Nelly hadde òg ei dotter frå før, som voks opp hjå foreldri hennar på Åbogen i Eidskog (sjå nedanfor).

b. Sverre Peder Hansson Hagen, f. i Aurland 22.3.1928, d. i Halden 9.11.1977.  Sverre gifte seg i Eidskog 23.8.1952 med Aud Johnette Ragnvaldsdotter Gravlien frå Fjellskogen i Eidskog, f. i Eidskog 22.1.1933.  Sverre var tollbetjent, medan Aud har vore fabrikkarbeidar.  Dei budde først i Austmarka i Vinger, men flytte tidleg på 1960-talet til Halden.  Dei fekk tre born i lag.

c. Odmar Hansson Hagen, f. i Aurland 26.3.1930, d. i Sandefjord 9.9.1996.  Han gifte seg i Oslo 21.9.1958 med Aud Sigurdsdotter Hansen Steiglie frå Merlie i Sørum, f. i Bergen 26.2.1936.  Odmar var butikkmann, og dei budde først på Kongsvinger, men flytte i 1969 til Sandefjord.  Dei fekk to søner i lag.

d. Helga Hansdotter Hagen, f. i Aurland 16.1.1932, d. i Oslo 28.8.2008.  Helga gifte seg i Oslo 11.4.1959 med Karl Bernhardson Holt frå Flendalen i Trysil, f. i Trysil 17.6.1927.  Han d. i Oslo 9.2.1984.  Helga var hushaldar, medan Karl var skipstransportør.  Dei budde i Oslo og fekk to born i lag.

e. Ansgar Hansson Hagen, f. i Aurland 9.4.1934, gifte seg på Kongsvinger 28.4.1951 med Anne Marie Emilsdotter Sørensen frå Granli i Vinger, f. i Vinger 27.4.1934.  Ansgar har vore vaktmeister, medan Anne har vore hjelpepleiar.  Dei bur på Granli i Vinger, no ein del av Kongsvinger, og har to søner i lag.

f. Holger Hansson Hagen, f. i Askim 16.1.1937, d. på Kongsvinger 7.5.1996.  Holger var sjømann, maskinsjef og skogsarbeidar og budde på Åbogen i Eidskog, ugift.

g. Sonja Rigmor Hansdotter Hagen, f. i Askim 7.5.1939, d. på Kongsvinger 31.12.1995.  Sonja gifte seg i Eidskog 23.6.1961 med Thorleif Rolfson Bjørklund frå Granli i Vinger, f. i Vinger 27.8.1932.  Han d. på Kongsvinger 17.4.2007.  Sonja var postfunksjonær, medan Thorleif var jarnbanekonduktør.  Dei budde på Granli i Vinger, no ein del av Kongsvinger, og fekk ei dotter i lag.

h. Karsten Egil Hansson Hagen, f. i Askim 14.2.1942, gifte seg i Brandval kyrkje 1.4.1961 med Anne Lise, kjend som Lise Erlingsdotter Seterbakken frå Hokkåsen i Brandval, f. i Brandval 7.2.1940.  Ho d. på Ḱongsvinger 22.10.2002.  Karsten har vore lastebilførar, medan Lise var kokke.  Dei budde på Hokkåsen i Brandval, no ein del av Kongsvinger, og fekk tre døtrer i lag.

i. Ottar Hansson Hagen, f. i Askim 21.4.1944, gifte seg Torshov kyrkje i Oslo 24.10.1970 med Gro Isaksdotter Larsen frå Oslo, f. i Oslo 11.1.1946.  Ottar har vore butikkmann, medan Gro er sjukepleiar.  Dei bur på Rasta i Lørenskog.  Ingen born.

j. Arild Hansson Hagen, f. i Eidskog 17.8.1947, d. på pleieheimen i Våler 28.3.2016.  Arild var styrmann til sjøs, men budde på Kongsvinger, ugift.

k. Evelyn Hansdotter Hagen, f. i Eidskog 7.8.1950, gifte seg første gongen i Eidskog 21.9.1966 med Tormod Bredeson Stangnes frå Tobøl i Eidskog, f. i Eidskog 5.1.1944.  Tormod har vore butikkmann, og han og Evelyn budde på Åbogen i Eidskog, men vart skilde i 1989, og Evelyn flytte til Oslo.  Ho gifte seg so att på Tenerife, Spania 5.11.2004 med Ole Sveinar Amundson Verket frå Skarnes i Sør-Odal, f. i Sør-Odal 1.8.1954.  Evelyn er hjelpepleiar, medan Ole er telemontør.  Dei budde på Skarnes i Sør-Odal, men flytte frå kvarandre i 2014.  Evelyn har to born, som båe er frå første ekteskapet.

l. Siv Elisabeth Hagen, adoptivdotteri, var f. i Stockholm 15.2.1950, men voks opp i Eidskog.  Ho gifte seg i Matrand kyrkje i Eidskog 23.5.1970 med Sigurd Charles Haavold, f. i Drammen 9.3.1950.  Siv er hjelpepleiar, medan Sigurd har vore bilmekanikar og drosjebileigar.  Dei bur i Oslo, men vart skilde i 1975.  Dei fekk ein son i lag, men Siv har òg fått ei dotter seinare.

 

~~~~~~~~~~~~~

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

35 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

* Vigsli til Helen Urness og John Bateson i 1946?

 

Oakland Tribune (Oakland, California) 12 Feb 1946, Tuesday, Page 11

Oakland Tribune (Oakland, California) 12 Feb 1946, Tuesday, Page 11.png

 

 

San Francisco Chronicle Wednesday, Feb 13, 1946 San Francisco, CA Page, 13

San Francisco Chronicle Wednesday, Feb 13, 1946 San Francisco, CA Page, 13.jpg

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Det dukker opp, litt etter kvart, no ogso vigsli til Bernhard Helgerud og Anna Urness:

 

Name: Bernhard Helgerud
Marriage Date: 16 Nov 1919
Marriage Place: Pennington, Minnesota, USA
Spouse: Anna Urness
Certificate Number: 2-311

 

Me kan vel då gå utifrå at dei gifte seg i eller nær Thief River Falls, MN der eldste søsteri hennar Inga Sabo budde på den tidi!

 

Men framleis manglar me ein vigselsdato for John Bateson og Helen Urness i Berkeley, CA...

 

Eller har nokon greidd å finna denne?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men framleis manglar me ein vigselsdato for John Bateson og Helen Urness i Berkeley, CA...

 

San Francisco Chronicle, Wednesday, Feb 13, 1946, San Francisco, CA, Page 13

San_Francisco_Chronicle_1946-02-13_13.png

 

EDIT: Jeg hadde visst postet denne i nr. 60......🙄

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Paret fekk «marriage license» i Oakland, CA 12.2.1946, og som regel gjekk det ikkje so mange dagane frå dette skjedde til sjølve vigsli fann stad!  Eg vil tru det berre kan vera snakk om kort tid (etter Corona) at ogso sjølve vigselsregisteret kjem på nettet, ein eller annan stad...  Uansett er det ikkje so mykje feil å nytta denne datoen i mangel av noko betre...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.