Jump to content
Arkivverket

Ole Andersen Levdal/Leivdal/lefdalsnes fødd kring 1734 Eid-Davik, Sogn og Fjordane


Lasse Lesto

Recommended Posts

Dette er ein mann eg har stått fast på ei tid. Noko av årsaka kan vere at Leivdal/Lefdal finnast både på Eid og i Davik kommuner, og at skrivemåten har variert opp gjennom åra. Det kan sjå ut som han har budd begge stadar, først på Leival - Eid og seinare budd på Lefdal/Lefdalsnes i Davik. Ut frå navna på faddere til barna er det uråd for meg å lese kven av dei som kjem frå hhv Levdal Eid og Lefdal Davik. Eg legg inn lenker til opplysningar eg har og set stor pris på informasjon som kan leie meg nærare opphavet hans.

 

Han gifta seg med Eli Knutsdatter Espe på Eid i 26. juni 1761 (Forlova 14. juni 1761) SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 2, 1741-1769, s. 125 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620614 Forlovere Anders Nesbakke (EID) og Mogns Smørdal (EID)  

 

Han døyr i 1800 på Lefdalsnes, og vert gravlagt 15. oktober i Davik: SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 354 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640218 Han er då oppgitt å vere 66 år gamal. Kona Eli døyr i 1810 og vert gravlagt i Davik 11. oktober SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 359 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640223

 

Han er nevnt i bygdboka for Davik https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012032024010?paoppgitge=323&page=325

 

Dei får ei rekke born døypte i Davik:

Anders 8. november 1762:         SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 108, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630506

Eli 12. mars 1764:                         SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 111, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630509

Knud 2. juli 1766:                          SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 119, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630517

Ole 6. januar 1769:                       SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 129, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630527

Guri jan. 1770:                               SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 133, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630531

Ole og Eli mars 1773:                    SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 141, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640009

Christen 15. oktober 1774:          SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 145, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640013

Torgils 10. desember 1779:         SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 158, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640031

Ole 11. juli 1782:                            SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 165, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640038

 

Det døyr ein Anders Olssen på Lefdalsnes i juli 1792, gravlagt 11. juli, 85 år gamal. SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 351 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640215 Kronologisk kan han høve som far, men eg har ingen haldpunkt, skifter eller anna på dette. Kan han vere flytta med sonen frå Eid ?

Link to comment
Share on other sites

Jeg ser at forrige bruker på Lefdalsnes var en Jon Nesbakk. En av forloverne til Ole Andersen, var en Anders Nesbakk. En mulig sammenheng?

Link to comment
Share on other sites

  • 3 weeks later...

Hei, og takk for innspel. Det er mange Anders’ar i omløp i Eid- og Daviks-området denne tida. På Nesbakke (gnr 27, som er den som ligg nærast dei andre gardane som er nevnt, finn eg ein Anders. Han er nevnt under Mons Nilsson på side 258 i BB for Eid. Mons fekk i 1788 bygsle halve bruket som denne Anders «hadde late ein annan bruke uløyves». På Nesbakke bnr 3 finn eg imidlertid Daniel Olsson som ifølgje BB er fødd ca 1666 og døydde før 1722. Han kan høve som far til den Jon Danielson Nesbakke som var tidlegare eigar av Lefdalsnes. Ein annan Daniel Olsson på Nesbakk garden var frå Løkja, han er truleg for ung til å vere denne Jon sin far, fødd ca 1684. (Jon Danielsson på Lefdalsnes var fødd kring 1700). Her er nokre registreringar på Anders Nesbakke. men om det er på gnr 3 eller 27 har eg ikkje klart å skilje:

 

Eg ser ikkje vekk frå at det er flytte mellom gardar, slik at Andersane eg referer til kan vere same person. Nr. 3 ser eg på som aktuell. Kan han ha flytta til Davik og Lefdal/Lefdalsneset etter 1752, og kan han ha vore innom ein annan gard på vegen dit ? Det kan også ha vore fleire Anders i omløp som er blanda inn.

1.      Anders Lefdal (Levdal) er å finne i kyrkjeboka på Eid. Han er ikkje nevnt med patronym, så det kan vere Anders Halldorson på bnr 6. Han døyr 80 år gamal i 1766.

 

 2.           Anders Lefdalsnes(Lefdal) , han er å finne i kyrkjeboka for Davik:

 

3.            Anders Olson Kvalheim/Hjelle, er nevnt i ein anna diskusjon på forumet her, kan han også vere nr 2 ? Link

                Dette kan vere ei kobling til den Anders Dalset som er fadder på Eli i 1764.

 

Anders og hans 2. kone flytta frå garden Hjelle ca 1752 då andre eigarar overtok. Tidsmessig kan det stemme med ein Anders kjem til Davik. Dei er ikkje funne gravlagte i Eid så langt, men det passar med registreringar i Davik, og også staden Lefdalsnes.

 

Anders Olsen døyr på Lefdalnes 85 år gamal i 1792 https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640215

Mari Olsdatter dør på Lefdalsnes 80 år gamal i 1785: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001128354

 

Ut frå oppkallinga av barna kan det også stemme då døtrene som er døypt Eli både er oppkalla etter mor og farmor.

MEN dåpen til ein Ole Andersen Hjelle har eg enno ikkje funne.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.