Robert Haugen Skrevet April 10, 2019 Del Skrevet April 10, 2019 Hei. Ønsker innspel på korleis eg skal tolke følgande informasjon i skiftet på side 234: Sitat Chrestopher Smogge paa egne og samptlige medarvingers veigne for- drede som hans vergebroder Sl. Rasmus Larsøn, paa sin mødrens og fædrens arf, schall for uden det som er bekommed Rester som sterf boen tilsvarer.....................10....6 [Eg er usikker om "bekommed Rester" er korrekt transkribering. ] Korleis skal ein tyde dette siterte avsnittet - er Chrestopher svoger til Rasmus eller er han svoger til arvelatar Knut? Knut var gift to gongar, og hadde barn med begge konene. Den første kona er ukjent, den andre er Helga Pedersdotter Uksnøy, 1687-1742. Eg gjekk ut ifrå at denne informasjonen sa at Rasmus Larsen var far til arvelatar Knut Rasmussen, og at Rasmus hadde eit bruk på Brunvoll. Men det har ikkje kjeldene eg granska stadfesta. Det er imidlertid ein Rasmus Jensen som var brukar på Brunvoll. Eg har ikkje funne Rasmus Larsen. Det er ingen informasjon i skiftet elles om Rasmus Larsøn.Chrestopher Smogge er i MT1701 brukar på Smoge på Gossen i Aukra prestegjeld, og er barnefar. Kjelde: SAT, Romsdal sorenskriveri, 3/3A/L0004: Skifteprotokoll, 1702-1706, s. 233b-234a Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090129630352 Robert Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet April 10, 2019 Del Skrevet April 10, 2019 Det står vel "vergbroder" og "mødrene og fædrene arv". Kva det første skal vere er eg ikkje sikker på, men eg kan tenkje meg vérbror. Den enkle delen av tolkinga er at Krestoffer er ein av fleire arvingar etter Rasmus, som hadde fars- og mors-arv til gode i skiftet. Resten er litt meir uviss: Dersom "vergbroder" skal vere "verbroder", er det gjerne kona til Krestoffer som er slektning til og arving etter Rasmus. (Eg finn korkje vergbror eller vergebror i noko ordbok eller ordsamling.) Kven denne Rasmus er, kan ein kanskje finne ved å granske slekta til (kona til) Krestoffer Smoge - dersom tilstrekkeleg med opplysningar finst. Kvifor buet etter Knut inneheldt arv som høyrde denne Rasmus til, nærmar seg vel spekulasjon. Men Knut kan ha vore oppnemnd som verje for Rasmus i skiftet etter foreldra hans. Då skulle han forvalte arven til arvingen vart myndig. Normalt ville det vere skifte etter Rasmus, der arvingane hans fordelt det han hadde. Dette har tydelegvis ikkje skjedd (kanskje for kort tid?) Det kan verke som om Rasmus, eller arvingane hans, har fått noko frå Knut, men at ein rest står att. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet April 10, 2019 Del Skrevet April 10, 2019 Tilhøyrande tema: http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=151846 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå