Gå til innhold
Arkivverket

Maren Rasmusdatter Muri/Krohn


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

For litt sidan kom eg over ei forvitneleg sak som eg i utgangspunktet set store spørsmålstein ved. Det gjeld Maren Rasmusdatter Muri, fødd i 1769 og Johan Jakob Krohn fødd i 1766, begge døypte i Innvik av presten Ludolph Krohn. Av ein eller annan grunn som eg ikkje veit, har desse to blitt kopla saman og skal i fylgje nokre Geni-innføringar eg har kome over vere gifte og foreldre til ein Frederik Christoffer Krohn, kjent dansk bilethoggar og medaljør, og besteforeldre til barnebokforfattaren Johan Jakob Krohn, som har skrive den kjende julesongen: Du grønne glitrende tre. Dei skal også vere besteforeldre til den kjende danske grafikaren Pietro Købke Krohn. 

Ifølgje Wikipedia var Ludolph Krohn residerande kapellan i Innvik 1763 - 72. Han hadde sonen Johan Jakob Krohn f. 1766, men det står ikkje der at han var gift med Maren Rasmusdatter. Johan Krohn skal derimot vere gift med ei Anne Marie Selmer. Han skal vere far til Peder Anker Krohn og skal m.a. ha leidd arbeidet med den nye kongevegen mellom Christiania og Bergen. 

 

Såvidt eg forstår må det her vere "ugler i mosen". Er det nokon som veit noko om dette? Kven var Maren Rasmusdatter Muri gift med? Om eg trur rett var det ikkje med Johan Jakob Krohn.

 

Dette skal vere bilete av Maren Rasmusdatter krohn: http://www.kb.dk/images/billed/2010/okt/billeder/object463444/da/

Her er Geni-oppføringa om Maren: https://www.geni.com/people/Maren-Rasmusdatter-adopteret-Nielsen/6000000014030625915

Her er Wikipediaoppslaget om Johan Jakob Krohn: https://no.wikipedia.org/wiki/Johan_Jørgen_Krohn_(offiser)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det slektstreet opplyser at en av døtrene til Maren Rasmusdatter , "adoptert Nielsen" og Krohn, Rebekka Cornelia Louise Krohn er født  i Danmark i 1799, men Maren/Mari Rasmusdatter Muri født ca 1769 er ugift på Muri i 1801tellingen. Hennes eldre søster hadde samme navn ,- Mari og Maren er ikke alltid to ulike navn..hun er nok oppkalt etter den første født i 1762 og som dør 3 mnd gammel, begraves i 1762 ifølge kirkeboken.

Ft1801

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058410003491

Jeg tror det må være en annen Maren Rasmusdatter i Danmark, eventuelt Maren Nielsen..skjønner ikke helt det der "adoptert Nielsen".

Mvh

Linda

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for respons. Det kan nok sjå ut, som eg eigentleg hadde venta, at det ikkje er snakk om Maren Rasmusdatter Muri. Det kunne ha vore det, for Johan og Maren var fødde i same distriktet i Nordfjord, men sidan dei var frå forskjellig stand er det vel ikkje sikkert at dei hadde noko å gjere med kvarandre. 

 

Originalen av vigselen i kyrkjeboka frå Roskilde er ikkje så lett å tyde, men det er snakk om ei Marie Nielsen og ikkje ei Marie Rasmussen. Heilt til slutt er vel sponsorane opplista. Der kan eg tyde Ludolph Johan Krohn, som var far til brudgommen. Så er det snakk om ein Abraham Hesselberg og den siste er ein som er sponsor på Nielsens vegne, slik ser det ut. Det må vel tyde på at brura sine foreldre er døde. Dette med at ho er adoptert Nielsen kan vel bety at ho er fostra opp av andre, kanskje av denne Abraham Hesselberg? Eg berre spør.

Men det ser nok ut til at koblinga med Muri er feil, om ikkje då Johan gifte seg oppatt seinare med Maren Rasmusdatter.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Inge. Der kom svaret på spørsmålet. Mari Rasmusdatter var ikkje gift med Johan Jakob Krohn, son til kapellanen i Innvik Ludolph Johan Krohn. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.