Gå til innhold
Arkivverket

Hjelp med tyding av begravelsen til Michael Pristrop .


Berit Knudsen
 Del

Recommended Posts

På 29.5.2019 den 23.37, Berit Knudsen skrev:

problemet starter vel ved: ex Apol........

 

"Parentation ex Apol 14w 13" skal nok bety at minnetalen blei halden med utgangspunkt i tekststykket "Apol 14w 13" i Bibelen. Problemet er at  "Apol 14w 13" ikkje gir meining, Apol. er inga kjend forkorting for noka "bok" i Bibelen, verken Det nye eller Det gamle testamentet, eller ein apokryf. Eg mistenker at Apol kan vera feilskriving for Apoc., Apocalypsis Ioannis, Johannes Openberring. Kap. 14, vers 13:

"Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: 'Skriv: Sæle er dei døde som heretter døyr i Herren. Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira følgjer med dei.' "

- ein høveleg bibeltekst for ein gravferdstale. 

Eg kan ta feil, men eg ser ingen andre mulege forklaringar.

 

På 30.5.2019 den 9.31, Ivar S. Ertesvåg skrev:

d 7 anter(???) mortuies(??)"

 

er det muleg å lesa det siste ordet som mortualis el.likn? Mortualis tyder klagesongar over ein avdød, og det kunne passa her. Berre ein tanke ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Richard Johan Natvig skrev:

 

"Parentation ex Apol 14w 13" skal nok bety at minnetalen blei halden med utgangspunkt i tekststykket "Apol 14w 13" i Bibelen. Problemet er at  "Apol 14w 13" ikkje gir meining, Apol. er inga kjend forkorting for noka "bok" i Bibelen,

 

i går oppfatta eg oppfatta "Apokalypsen" som så opplagt at eg ikkje tok det med...

 

i den siste linja kan det vere "ante", som  tyder før, tidlegare

"mortualis " får eg det ikkje til å verte....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.