Gå til innhold
Arkivverket

Andreas Otterson Brækken, fødd på Lesja 1851 - utvandringsåret hans og kvar vart det av han i Amerika etter at kona døydde i 1889? Opphavi til foreldri?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Sven og Grethe for mange nye interessante innlegg om denne huslyden!

 

So er altso Charles og Tilda dukka opp i ymse kjelder, og eg har utifrå dei nye opplysningane oppdatert manuskriptet mitt frå innlegg #13 som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Petra Pedersdotter {Quale}, f. {i Luster} 8.2.1857,

Petra Peterson utvandra med foreldri til Amerika i 1862 og gifte seg i Worth Co., Ia. 21.1.1874 med Andreas Otterson frå Rånå på Lesja, i Amerika kjend som Andrew Brakken.  Han var son av husmann Otter Olson på Rånåbrekka under Rånå og kona Anna Bjertesdotter frå Rånå nedre og f. på Lesja 24.4.1851, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1869.  Andrew og Petra slo seg ned som farmarar i Albert Lea township, Freeborn Co., Minn., men dei budde òg periodevis i Astoria, Clatsop Co., Ore.  Petra vart sjuk og flytte i 1884 til Rochester, Olmsted Co., Minn. der ho d. 7.4.1889.  Andrew Brakken flytte sidan til ei søster i Rome precinct, Whatcom Co., Wash. der han livnærte seg som farmarbeidar («farm laborer»), men han d. i Ferndale, Whatcom Co., Wash. 25.11.1920.  Andrew og Petra fekk fire born i lag:

a. Otto Aneus Brakken, f. i Freeborn Co., Minn. 28.1.1875, voks opp hjå mosteri Bertha i Estherville, Emmet Co., Ia. der han d. ugift 5.7.1900.

b. Petra Caroline Brakken, f. i Freeborn Co., Minn. 6.8.1876, d. i Astoria, Ore. 26.4.1878.

c. Tilla, kjend som Tilda Brakken, f. i Freeborn Co., Minn. 29.12.1877, d. i Los Angeles, Cal. 4.3.1956.  Tilla voks opp hjå mosteri Bertha i Estherville, Emmet Co., Ia. der ho 29.12.1898 gifte seg med Charles Arthur Brown, f. i Cerro Gordo Co., Ia. 20.7.1877.  Han d. i Los Angeles, Cal. 29.7.1965. 

 

     ##### (places of death to be verified!?)

 

     Charles Brown var manufakturhandlar («clothing merchant»), og han og Tilda budde korte periodar i Garner, Hancock Co., Ia. og i Mason City, Cerro Gordo Co., Ia., men flytte kring 1912 til Ft. Dodge, Webster Co., Ia.  Derifrå flytte dei so sist på 1930-talet som pensjonistar til Montebello, Los Angeles Co., Cal.  Dei fekk to born i lag.

d. Hanna, kjend som Hannah Brakken, f. i Freeborn Co., Minn. 7.9.1880, d. i Estherville, la. 11.5.1965.  Hannah vart òg oppali hjå mosteri Bertha i Estherville, Emmet Co., la., og der gifte ho seg 24.3.1902 med William Norman Draper, f. i Van Buren Co., Ia. 25.3.1877.  Han d. i Cherokee, Ia. 17.11.1945.  William var frisør og sidan salsagent («barber and salesman»), og parfolket budde i Estherville, Emmet Co., la.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Det er berre dei nøyaktige dødsstadene til Charles og Tilda som no manglar, men eg er kjempenøgd med resultatet so langt og takkar på ny for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Egil for nye interessante innlegg!

 

Det er nok diverre ikkje alltid so lett å finna obituaries i Los Angeles, CA, men det som òg er merkeleg, er at Charles og Tilda heller ikkje finst i nokon av folketeljingane for 1920, 1930 eller 1940.  I 1910 var dei i Mason City, Cerro Gordo Co., IA, men kva tid flytte dei til California?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

 

Det er korrekt, derfor søkte jeg også i Iowa siden de bodde der ihvertfall til 1935, men resultatløst.

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis du skal vite hvor i LA hun døde ser det vel ut som du må bestille dødsattesten.

 

The California, Death Index, 1940-1997  - Lenke Ancestry
Name:    Matilda Brakken Brown
Gender:    Female
Birth Date:    29 Dec 1877
Birth Place:    Minnesota
Death Date:    4 Mar 1956
Death Place:    Los Angeles
Father's Surname:    Brakken

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QGKK-XXZJ  -  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VGRQ-NBS

 

------------------------------------------------

 

The California, Death Index, 1940-1997 - Lenke Ancestry
Name:    Charles A Brown
Social Security #:    548462414
Gender:    Male
Birth Date:    20 Jul 1877
Death Date:    29 Jul 1965
Death Place:    Los Angeles

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VP4F-BTD

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.