Gå til innhold
Arkivverket

Anna Larsdotter Gjerseggen (1773) frå Luster - gift 1802 med Endre Olson (1770) og busett på Brensdal i Hyllestad - kven var Endre, og kvar vart det av Anna og borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei «gamal» utfordring frå garden Gjerseggi i Luster som eg første gongen arbeidde med for 35 år sidan, men som eg studerte på ny for eit år eller to sidan.  Eg trudde huslyden var teken opp til drøfting i Brukarforum før, men kan ikkje finna referansar til dei, so utfordring må vera «ny» for lesarane i Brukarforum.

 

Anna Larsdotter var fødd i Luster i 1773, men flytte i ung alder til ytre Sogn, gifte seg der og fekk i alle fall fire born, men som me ser av manuskriptet mitt, manglar eg ein del detaljar som eg vonar nokon kan hjelpa meg kasta ljos over:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  På 7.8.2019 den 12.09, Lars E. Øyane skrev:

Anna Larsdotter flytte i ung alder til ytre Sogn og gifte seg i Hyllestad 25.7.1802 med Endre Olson frå Nordstrand i Lavik.  Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og vart døypt i Gulen 23.11.1770.  Endre og Anna busette seg som husmannsfolk på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Brendsdal i Hyllestad der Endre d. 28.4.1832. Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1832!)

Expand  

Plassen heter Fjellet, jf bygdeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  På 7.8.2019 den 12.09, Lars E. Øyane skrev:

c. Ole Endreson, døypt i Hyllestad 20.11.1811,

 

     ##### (lagnaden hans? – truleg d. før 1815!)

Expand  

I følge bygdeboka var Ole født 1801, moren var Barbro Olsdtr. Ole født 1811 er ikke nevnt i bygdeboka.

Her er Ole døpt i Gulen 13. februar 1801 https://media.digitalarkivet.no/view/11448/79

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  På 7.8.2019 den 12.09, Lars E. Øyane skrev:

a. Kari Endresdotter, døypt i Hyllestad 29.5.1803, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – kring 1882?)

 

     Kari gifte seg i Hyllestad 22.7.1838 med Hans Nilsson frå Hjelmeland i Lavik, døypt i Lavik 15.4.1809,  Han d. i Hyllestad 31.3.1863.  Kari og Hans vart husmannsfolk på Askevold under Bråstad i Hyllestad og fekk ein son i lag.

Expand  

 

Da er vel dette Kari i folketellingen 1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038251003186

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1413&kenr=007&bnr=0059&lnr=000

 

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Hyllestad
  • Kommunenummer: 1413
  • Navn på bosted: Askevold

Antall personer registrert på bostedet: 9. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Anders Rognaldsen Husfader g Husmand med Jord 1821 Ladviks Prgj.  
  Aliis Pedersdatter hans Kone g   1833 Evindviks Prgj.  
  Hans Anderssen deres Søn ug   1859 Hyllestads Prgj.  
  Rognald Anderssen deres Søn ug   1862 Hyllestads Prgj.  
  Lassine Hansdatter deres Pleiedatter ug   1864 Ladviks Prgj.  
  Eline Pedersdatter   ug Tjenestepige 1854 Ladviks Prgj.  
  Kari Endresdatter   e Føderaadskone 1803 Hyllestads Prgj.  
  Niels Hansen hendes Søn ug Skolelærer 1840 Hyllestads Prgj.  
  Ingeborg Lassesdatter Logerende e Føderaadskone 1798 Ladviks Prgj.

 

Sønnen Nils Hansen giftet seg i alle fall i Lavik i 1869 - det står vel fødested/oppholdssted Bråstad på brudgommen, og han er kirkesanger: 

Sogn og Fjordane fylke, Lavik, Kyrkjebø i Lavik, Ministerialbok nr. A 4 (1864-1881), Viede 1869, Side 231
https://media.digitalarkivet.no/view/6905/187

 

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1432&kenr=014&bnr=0037&lnr=00

 

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Førde
  • Kommunenummer: 1432
  • Navn på bosted: Kvammen

Antall personer registrert på bostedet: 7. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Nils H. Braastad hf g Kirkesanger, Skolelærer og Gaardbruger 1840 Bø Sogn, Hyllestad  
  Haldis O. Braastad Hans Kone g   1841 Ladvigs Sogn, Ladvig  
  Oline Braastad d     1871 Vefrings Sogn Førde  
  Karen Berentine Braastad d     1873 Vefrings Sogn Førde  
  Hans Olai Braastad s     1875 Vefrings Sogn Førde  
  Marthe Thorstensdatter Tjenestepige ug Steller i Kjøkkenet 1842 Bergen  
  Katrine Kristiansdatter Hendes d     1867 Vefrings Sogn Førde

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 7

Orlaug Endresdatter Birkeland  døde 25. mars 1907

 

Sogn og Fjordane fylke, Hyllestad i Hyllestad, Klokkerbok nr. A 3 (1906-1925), Døde og begravede 1906-1908, Side 113
Permanent bilde-ID: kb20060815050538
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060815050538
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060815050538.jpg
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette vere dødsfallet til Kari Endresdtr. registrert i krk.bok (nr. 2 i 1872): https://media.digitalarkivet.no/view/11505/112 ?

Usikker på kva som står under opphaldsstad...Sagnes??

 

Ved søk på ugift tenestejente Anne/Anna Larsdtr. i Sogn og Fjordane i 1801 finn eg god ingen kandidat i Ytre Sogn.

Dei tre beste kandidatane er i Indre Sogn: På garden Feigum i Luster, på garden Hylland i Aurland og på gardane Tang og Øvre Jordanger i Hafslo.

 

Endre Olsson var truleg dreng på Indre Hjelmeland (i Lavikdalen) i Eivindvik pr.gj. (!) i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391003294

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  På 7.8.2019 den 21.26, Torbjørn Henrik Hillersøy skrev:

an dette vere dødsfallet til Kari Endresdtr. registrert i krk.bok (nr. 2 i 1872): https://media.digitalarkivet.no/view/11505/112 ?

Usikker på kva som står under opphaldsstad...Sagnes?? 

Expand  

Dette er nok en annen Kari Endresdtr https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038251002679

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  På 7.8.2019 den 21.26, Torbjørn Henrik Hillersøy skrev:

Usikker på kva som står under opphaldsstad...Sagnes??

Expand  

 

Kan det være Saagnes? Jf. matrikkelen 1890:

https://www.digitalarkivet.no/view/117/gm00000000020724

 

Oluf Ryghs Norske Gaardnavne:

 

Gårdsnr Gård        Sogn  Herred    Amt

81          Saagnes   Bø     Hyllestad Nordre Bergenhus amt

Listen over gårder er hentet fra "Norske Gaardnavne".

b.12, s.236  


81. Saagnes. Udt. s/ao/`nes (ogsaa hørt
så`nes). ― i Saaghonæsi BK. 28 b. a Saghonesi1 BK. 52 b. Sane-
nes (!) DN. XII 223 c. 1490 s. (Tillæg fra 16de Aarh.). Saffnes
1563. Saggenes 1603. Sogenes 1611. Sognes 1667. 1723.

 

 

I henhold til Hyllestad bygdebok 2. : Soga om folket, side 316, er rett skrivemåte "ikkje einfelt å fastsetje, Sånes eller Sågnes.

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014060324001

 

I samme bygdeboka, side 329 - Sågnes, finner jeg dette. Kan det være den Kari som Torbjørn har funnet?

Kari Endresdotter.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J., Grethe, Ivar, Sven og Torbjørn for interessante innlegg!

 

Då heitte altso plassen som denne huslyden hadde under Brendsdal, Fjellet.  Og Orlaug Endresdotter er kommi til rette!

 

Når det gjeld Ole Endreson fødd i 1811, er han innført i kyrkjeboki: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007159032

 

men han manglar i FT1815 der dei tre andre ektefødde borni er medtekne: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051096000350

 

so alt tyder på at Ole må vera avliden før 1815... 

 

Skiftet etter Endre syner òg berre tre born, Bendix, Kari og Orlaug: https://media.digitalarkivet.no/view/24178/412?indexing=

 

Når det gjeld opphavet til Endre, finn me han her døypt i Brekke sokn 23.11.1770, men det står berre Ole Norstrand som far: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/147

 

Det ser ut til at Endfre i alle fall hadde ei søster Johanna, innført i Gulen 11.12.1762 som døypt i Holmedal 5.11.1762, men heller ikkje her står det noko meir enn Ole Norstrand som far: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/108

 

Eit daudfødt barn Ole Nordstrand er nemnt i Lavik sokn 9.11.1765 i samband med at mori vart introdusert: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/121

 

Ein son Iver vart døypt på Møklebust 28.11.1766 av Ole Nordstrand, innført i Lavik 11.2.1767: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/124

 

Ei dotter Anna vart døypt i Hyllestad 17.11.1769 og gravlagd 20.1.1770: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/140

 

Ei dotter Martha vart døypt i Lavik sokn 4.4.1774 av Ole Nordstrand: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/170

 

Kan dette vera faren: Ein Ole Johannesson Nordstrand vart gravlagd i Lavik 27.12.1779 - 5? år gamal: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001733279

 

Det bør vel vera mogeleg å identifisera denne huslyden på Nordstrand i Lavik?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Larsdotter{Gjerseggen}, døypt {i Luster} 4.6.1773,

Anna Larsdotter flytte i ung alder til ytre Sogn og gifte seg i Hyllestad 25.7.1802 med Endre Olson frå Nordstrand i Lavik.  Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og vart døypt i Gulen 23.11.1770.  Endre og Anna busette seg som husmannsfolk på Fjellet under Brendsdal i Hyllestad der Endre d. 28.4.1832. Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1832!)

 

Dei fekk fire born i lag:

 

a. Kari Endresdotter, døypt i Hyllestad 29.5.1803, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – kring 1882?)

 

     Kari gifte seg i Hyllestad 22.7.1838 med Hans Nilsson frå Hjelmeland i Lavik, døypt i Lavik 15.4.1809,  Han d. i Hyllestad 31.3.1863.  Kari og Hans vart husmannsfolk på Askevold under Bråstad i Hyllestad og fekk ein son i lag.

b. Bendik Endreson, døypt i Hyllestad 8.4.1806, flytte i ung alder til Bergen der han livnærte seg som dagarbeidar, men sidan budde i mange år på arbeidanstalten der han d. ugift 10.10.1887.

c. Ole Endreson, døypt i Hyllestad 20.11.1811,

 

     ##### (lagnaden hans? – truleg d. før 1815!)

 

d. Orlaug Endresdotter, døypt i Hyllestad 17.12.1814, d. som kårenkje på Birkeland i Hyllestad 25.3.1907.  Orlaug gifte seg i Hyllestad 15.6.1840 med Iver Sjurson frå Værholm i Lavik, døypt i Lavik 27.10.1809.  Han d. i Hyllestad 20.2.1885.  Orlaug og Iver vart husmannsfolk på Ekrehaug under Birkeland i Hyllestad og fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

  På 8.8.2019 den 9.15, Lars Johannessen skrev:
Expand  

Ja, det er det!

 

Det var vel truleg at Kari Endredtr. følgde med sonen til Kvammen i Vevring sokn (på sørsida av Førdefjorden!) og var kårenkje der.

Her er vel dødsfallet hennar oppført i krkbok. for Førde (nr. 48): https://media.digitalarkivet.no/view/8386/68

 

Opplysningar om sonen Nils Hansson og familien fins elles i bygdebok for Askvoll (Kvammen nr. 68): https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2015091408061?page=77

Kvammen ligg i Askvoll kommune no.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for siste innlegget frå torsdag!

 

Då er dødsfallet hennar Kari på plass, og me sit att med tre store utfordringar:

 

** Opphavet til Endre Olson?

 

** Lagnaden til Anna Larsdotter?

 

Men desse vert tydeleg vanskeleg å løysa...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Larsdotter {Gjerseggen}, døypt {i Luster} 4.6.1773,

Anna Larsdotter flytte i ung alder til ytre Sogn og gifte seg i Hyllestad 25.7.1802 med Endre Olson frå Nordstrand i Lavik.  Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

og vart døypt i Gulen 23.11.1770.  Endre og Anna busette seg som husmannsfolk på Fjellet under Brendsdal i Hyllestad der Endre d. 28.4.1832. Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1832!)

 

Dei fekk fire born i lag:

a. Kari Endresdotter, døypt i Hyllestad 29.5.1803, d. som kårenkje på Kvammen i Vevring, Førde 14.4.1873.  Kari gifte seg i Hyllestad 22.7.1838 med Hans Nilsson frå Hjelmeland i Lavik, døypt i Lavik 15.4.1809,  Han d. i Hyllestad 31.3.1863.  Kari og Hans var husmannsfolk på Askevold under Bråstad i Hyllestad, men som enkje flytte Kari til son sin som budde på Kvammen i Vevring.  Ho og Hans fekk berre den eine sonen i lag.

b. Bendik Endreson, døypt i Hyllestad 8.4.1806, flytte i ung alder til Bergen der han livnærte seg som dagarbeidar, men sidan budde i mange år på arbeidanstalten der han d. ugift 10.10.1887.

c. Ole Endreson, døypt i Hyllestad 20.11.1811,

 

     ##### (lagnaden hans? – truleg d. før 1815!)

 

d. Orlaug Endresdotter, døypt i Hyllestad 17.12.1814, d. som kårenkje på Birkeland i Hyllestad 25.3.1907.  Orlaug gifte seg i Hyllestad 15.6.1840 med Iver Sjurson frå Værholm i Lavik, døypt i Lavik 27.10.1809.  Han d. i Hyllestad 20.2.1885.  Orlaug og Iver vart husmannsfolk på Ekrehaug under Birkeland i Hyllestad og fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.