Gå til innhold
Arkivverket

Ola Larsson Bruland sine forfedre


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

 

 

Dette er opplysningar henta frå Jakob Aaland si bok «Nordfjord fraa gamle dagar til no  Del 2 3 3:2», som omtalar dei einskilde gardane i Stryn og  Innvik: 

 

Ola Larsson Bruland vart fødd rundt 1648, kanskje på Bergset i Utvik, Nordfjord. Kven foreldra var er ukjent. Han var brukar på Kiparbruket i Utvik i 1690-åra. Han fekk skøyte i 1703 på odelsgods i bruket. Ola var gift med Brite Arnedatter ukjent kvar frå. Dei var velståande. Ola åtte mellom anna to bruk i Bruland, (I tillegg til Kiparbruket, Sølvbergbruket, Bruland 6), eitt bruk i Bergset (Villumsbruket, Bergset 5) og eitt bruk i Sølvberg (Bakkebruket, Sølvberg 5).  (s. 454ff.)I buet var det også m.a. brurasølv. Dottera Ane var gift med ein Aksel Kristofferson i Bergen. Ei anna dotter, Sigrid, var gift med David Rasmusson Muri. I 1701 var sonen Arne 26 år og Lars 20 år. Ingen av borna hans overtok Kiparbruket. I 1721 bygsla Jakob Nilsson Ulvedal Sølvberggarden, Bruland 6 av eigarane Lars Olson Sølvberg, son til Ola, og David Muri, svigersonen, gift med Sigrid Olsdatter.  Sonen Lars er nemnd som brukar av Bakkebruket på Sølvberg, men under namnet Lars Olson Bruland «Trondheims-Lars». Han fekk skøyte i 1710, 1716 og 1728 på bruket løyst frå Ola Bruland sine arvingar. (s. 598) Ein Peder Abrahamson Hegdal bygsla i 1707 Villumgarden på Bergset av svogeren Ole Larsson Bruland. (Han var gift med Synnøve Olsdatter Bruland, og tre av sønene deira vart gifte i Randabygda.)  Sonen til Ola, Arne Hegdal, åtte ein del av garden. (s. 604) Ola Larsson Bruland døde i 1711.

 

Skiftet etter Ola Larsson Bruland i 1711:  https://media.digitalarkivet.no/sk20081127700415 

Skifte på Bruland, Utvik, Nordfjord 10. mai 1713 etter Ole Larssen Bruland. Arvingar er den attlevande kona Brite Arnesdatter og dei seks borna: Ole Olson Bruland; Arne Olson Hegdal; Lars Olson Sølvberg; Ane Olsdatter gift med Axel Kristiansen; Sigri Olsdatter gift med David Muri og Synneve Olsdatter gift med Peder Abrahamson Hegdal.

 

Frå Geni har eg saksa fylgjande, som vel også er henta frå Jakob Aaland: "Muligens Sønn Av LAURITS OLSSON BERGSET F. Ca 1616- Død Før 1672, Og Hustru ANNE RASMUSDOTTER BERGSET (ROSET) Død 1655, Gravlagt I Kirken."  https://www.geni.com/people/Ole-Larsson-Bruland/6000000040472923168

 

Det er sagt at Ola Larsson Bruland (Bergset) var ein velhalden mann, og det ser vi av jordpartane han åtte i Bergset, Sølvberg og Bruland. Men kvar kom dette jordegodset frå? Kva ætt kom Ola frå? Kven var forfedrene hans, og korleis hadde det seg at han åtte såpass mykje jord. Han hadde også ymse sølv og deriblant brurasølv i buet, noko som vel tyder på at han kom frå ei velståande ætt. Aaland har antyda at Ola kom frå Bergset, men finst det kjelder som kan fortelje oss meir om denne mannen og ætta hans?

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje noko å bidra med (i fyrste omgang i alle fall) når det gjeld opphavet hans, men eg vil gjerne kommentere litt likevel. 

 

Sonen Ola Olsson Bruland er lagverge for enkja i 1713. Eg finn ingen annan Ola O enn den som Aaland har plassert på br nr 1, gm Agnete Rasmusdtr, men der har han eit anna forslag til far.

 

Veit du noko om denne Ola (som ikkje er under Bruland i 1701-tellinga)?  Det er ein soldat Ola Olsson 33 år på Valaker, kan det vere han?

 

RA, Manntallet 1701, nr. 9: Sunnfjord fogderi, Nordfjord fogderi og Svanø birk, 1701, s. 272-273
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051010280144

 

Eg finn ikkje andre Ola O enn han som var enkjemann etter Agnete Rasmusdtr i skifte 1734 

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0007: Skifteprotokollar, 1731-1734, s. 435b-436a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128620442

 

- og han har Aaland plassert på br nr 1 som brukar etter Oluf Olsson gm med ei Eiriksdtr Tistam; det kan vere rett, men han kan i så fall ikkje ha vore sonen. Veit du noko om dette?

 

Aksel Kristofferson i Bergen er forresten frå Sårheim i Breim, og har døypt 7 born der før han forsvinn rundt 1710. 
 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for innspelet Aase!

Diverre veit eg ikkje noko meir enn du om Ola Olson eller Oluf Olson, eller soldaten Ola Olson på Valaker.

 

Kan det vere noko i det Aaland antydar, nemleg at Ola Larsson Bruland er frå Berset, son til Lars (Laurits) Olson Bergset og Anne Rasmusdatter (Roset) på Olabruket, Berset 6?

 

Ola Larsson ser ut til å ha vore ein svært velhalden mann, i alle fall ifylgje Aaland. Han hadde odelsgods i Bruland, og han åtte 2 bruk i Bruland (Bruland var vel 3 bruk på den tida, Perbruket, Kiparbruket og Selbergsbruket), 1 bruk i Berset og 1 bruk i Selberg i tillegg til sylv, brurapynt, etc.. Kvar kan alt dette ha kome frå? Kan kona Brithe Arnedatter Velhaldne ha hatt noko av dette med seg? Kan Ola ha slått seg opp på tømmer. Så vidt eg har funne ut var det mykje furuskog og anna skog både på Bruland, Berset og på Selberg, og det var sag alle tre stader.  Under Selberg finn eg hos Aaland at Bakkebruket vart pantsett til ein Brulandsmann i det 17de århundre, men vart sidan løyst av brukaren, som var av Brulandsætta i 1728.  Dette bruket var fullt ut bondegods med bygslerett. Son til Ola Larsson Bruland, Lars Olson eller "Trondheims-Lars" tok over dette bruket, og fekk skøyte i 1710, 1716 og 1728, løyst frå medarvingane etter faren.  På Berset var det Villumsbruket som var i Ola Larsson si eige. Ein Ola Olson f. ikr. 1671 er brukar der i 1699, kanskje gift med enkja etter førre brukaren. Kan dette vere Ola Larsson Bruland sin son Ola? Aaland skriv at bruket var i Ola Larsson Bruland si eige. Svogeren til Ola Larsson Bruland, Peder Abrahamson Heggdal bygsla i 1707 ein del av garden, og sonen Arne Olson Heggdal åtte i 1718 omlag det same i garden. 

 

Eit anna skot i vilska kan vere at Lars er son til Lars Mikkelson Bruland. Onkelen til Lars var borgar i Bergen, og Lars d.y. budde på Damsgård ved Bergen. Dotter til Ola Larsson, Ane, budde også med mannen sin i Bergen. 

 

Ein annan ting eg har merka meg er at bestemor til Lars Mikkelson heitte Eufemia, eit heller sjeldent namn, namnet til Håkon den femtes tyske dronning. Eg kjenner berre ei Eufemia i slekta, og ho er også frå Nordfjord, Eufemia Niladatter Maråk f. Vereide.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.