Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Gjertrud Olsdotter Eide - fødd i Luster 1862 - gift med Ole Mathias Erlandsen i Molde - er det mogeleg å finna fleire detaljar om dette parfolket og om borni deira?


Recommended Posts

Navn Eigil Olav Julian Erlandsen
Fødsel 19. mai 1885
 
  Sandviken, Bergen
Dåp Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. B 1 (1878-1891), Fødte og døpte 1885, side 169. nr.60
 
2. aug 1885
 
  Sandviken Kirke
Konfirmasjon Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Bolsøy i Bolsøy, Ministerialbok nr. 555A09 (1887-1917), Konfirmerte 1899, side 186. nr.15
 
24. sep 1899
 
  Molde kirke
Yrke Tjener i Dvergsnes i 1900, skomakermester, fisker, fraktebåtskipper, se notater
Ekteskap Ekteskap til: Laura Erlandsen (født Nilsdtr Seterø)
 
31. des 1911
 
  Molde kirke
Død Se gravlagt
 
2. mar 1973
 
  Harøy, Sandøy, Møre og Romsdal
Begravelse Lenke til Gravminner i DIS
 
Etter 3. mar 1973
 
  Harøy, Sandøy, Møre og Romsdal
Navn Olav Erlandsen
Fødsel 21. nov 1897
 
  Hovdenak, Bolsø, Molde, Møre og Romsdal, Norway
Dåp Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Bolsøy i Bolsøy, Ministerialbok nr. 555A09 (1887-1917), Fødte og døpte 1898, side 70 nr.3
 
20. feb 1898
 
  Bolsø
Konfirmasjon Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Molde, Ministerialbok nr. 558A06 (1887-1971), Konfirmerte 1912, side 127. nr.10
 
1. des 1912
 
  Molde kirke
Yrke maskinist og billettør på langevågbåtene "Minde", "Parat" og "Sulafjell"
Ekteskap Ekteskap til: Agnes Petrine Erlandsen (født Petersen Overaa)
 
24. apr 1937
 
  Borgund kirke, Ålesund, , Møre og Romsdal
Død 14. des 1973
 
  Langevåg, Sula
Begravelse Etter 14. des 1973
 
  Langevåg Møre og Romsdal
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

f. Olav Olson Erlandsen, f. i Bolsøy 14.11.1897, d. i Langevåg 14.12.1973.  Han gifte seg i Borgund 24.4.1937 med Agnes Petrine Johannesdotter Overaa frå Overå i Ulstein, f. i Ulstein 27.3.1907.  Ho d.

 

 

 

 Agnes død

29. juni 1994
  Langevåg i Sula

Hjarteleg takk til Ivar for fleire interessante innlegg.

 

Eg har no sett meg ned for å oppdatera dette manuskriptet og samstundes lagt til opplysningar som eg har motteke om Astrid Laabs i Tyskland.  Siste versjon ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Olsdotter {Eide}, f. {i Luster} 20.8.1862,

Gjertrud Eide flytte liksom søsteri Anna til Bergen der ho 27.3.1885 gifte seg med Ole Mathias Erlandsen frå Gjetnes i Bolsøy.  Han var son av smed Erland Rasmusson på Gjetnesåsen under Gjetnes, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? - ein plass under Vigstad i Skjåk - kva for ein plass?)

 

og kona Anna Eriksdotter frå Tueplassen under Bårdsnes i Vestnes og f. i Bolsøy 1.9.1862.  Ole Erlandsen var skomakarmeistar, og han og Gjertrud budde mange år på Århaugen under Gjetnes i Bolsøy, men flytte sidan til Krybben i Molde der Ole d. 20.9.1922.  Gjertrud Erlandsen d. same staden 18.12.1940.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Egil Olaf Julian Olson Erlandsen, f. i Bergen 19.5.1885, d, på Harøya i Sandøy 3.2.1973.  Han gifte seg i Molde 31.12.1911 med Laura Nilsdotter Sæterø frå Sæterøy i Sandøy, f. i Sandøy 25.8.1887.  Ho d. på Harøya 16.5.1951. 

 

     ##### (kan me vera sikre på at dei båe døydde heime på Harøya?)

 

     Egil var ei tid skomakarmeistar, men vart sidan fiskar og fraktebåtskippar.  Han og Laura budde på Harøya i Sandøy

 

     ##### (budde dei alltid der?)

 

     og fekk tre born i lag.

b. Alfred Mathias Olson Erlandsen, f. i Bergen 29.5.1887, d. i Molde 29.5.1912.  Alfred var skomakarsvein og budde i Molde, ugift.

c. Jenny Olsdotter Erlandsen, f. i Bolsøy 20.9.1890, d. i Molde

 

     ##### (eller døydde ho i Ålesund?)

 

     28.5.1969.  Jenny var hushaldar og butikkdame og budde

 

     ##### (budde 1910 i Ålesund - kva sidan?)

 

     ugift.

d. Astrid Olsdotter Erlandsen, f. i Bolsøy 14.3.1893, d. i Gramenz, Polen 18.2.1938.  Ho gifte seg i Neustettin, Brandenburg, Tyskland 17.2.1914 med Franz Friedrich Hermann Friedrichson Laabs, f. i Lottin, Neustettin, Brandenburg 8.12.1887.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1968.  Franz Laabs var jarnbanefunksjonær, og han og Astrid budde i Ribnik, Mecklenburg i Tyskland.

 

     ##### (sjekka denne byen? – Hinrichsdorf?)

 

     Dei fekk seks born i lag.

e. Cora Olsdotter Erlandsen, f. i Bolsøy 29.9.1895, d. i Molde 22.2.1981.  Ho gifte seg i Borgund 17.3.1921 med Bernt Konrad Peterson Sortehaug frå Sortehaug i Skodje, f. i Skodje 29.5.1897.  Han d. i Ålesund 5.1.1925.  Bernt var slaktarmeistar, og han og Cora budde i Ålesund.  Dei fekk ei dotter i lag.

f. Olav Olson Erlandsen, f. i Bolsøy 14.11.1897, d. i Langevåg på Sula 14.12.1973.  Han gifte seg i Borgund 24.4.1937 med Agnes Petrine Johannesdotter Overaa frå Overå i Ulstein, f. i Ulstein 27.3.1907.  Ho d. i Langevåg på Sula 29.6.1994. 

 

     ##### (kan me vera sikre på at dei båe døydde heime i Langevåg?)

 

     Olav var motormaskinist og ferjebillettør, medan Agnes var syerske.  Dei budde i Langevåg på Sula og fekk tre born i lag.

g. Thoralf Olson Erlandsen, f. i Bolsøy 3.12.1900, d. i Bergen 3.11.1979.  Han gifte seg hjå Byfogden i Bergen 4.7.1931 med Joakime Albertine Hansen frå Slåttnes i Eidsfjord, Hadsel, f. i Hadsel 26.3.1898.  Ho d. på ein sjukeheim i Bergen 28.9.1988.  Thoralf var målar, og han og Joakime budde i Bergen.  Dei fekk tre born i lag.

h. Fridtjof Olson Erlandsen, f. i Bolsøy 27.4.1905, d. i Molde 15.8.1963.  Han gifte seg i Bolsøy 3.6.1942 med Borgny Petrine Larsdotter Fylling frå Molde, f. i Molde 8.8.1917.  Ho d. i Molde 3.8.1983.  Fridtjof var fabrikkarbeidar og sidan fabrikkstyrar.  Han og Borgny budde i Molde og fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det er ikkje so mange detaljane som no står att, og eg takkar på ny for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.