Gå til innhold
Arkivverket

Marit Olsdatter Røvighagen. Kven er kven?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Marith Olsdatter Røvigen vart fødd i Rovigen i Bolsøy litt før jul og døypt 26. desember 1804 i Bolsøy. Foreldre er Ole Røvigen og Beret Andersdatter. 

Kjelde: Ministerialbok   Protokollnr./tidsrom    nr. 555A02 /1/1795 – 1821 Møre og Romsdal fylke   Bolsøy prgj.  Bolsøy sokn  side 57   https://www.digitalarkivet.no/kb20070911630144

  

Marith Olsdatter Røvighagen gifta seg 22. juni 1828 i Kleive kyrkje med Thomas Thomassen Tolaas. Han er skriven husmann på garden. Han er ifylgje kyrkjeboka 26 år og ho er 24 år gammal. Forlovarar er Ole Olsen Kleve og Paul Kleve.  Vigsla var i Kleive kirke

Kjelde: Ministerialbok   Protokollnr./tidsrom    nr. 557A01/1818 – 1843   Møre og Romsdal fylke   Bolsøy prgj.  Kleive sokn   https://www.digitalarkivet.no/kb20070911630592

 

Marith Olsdatter Ulleland er nemnd som "husmoder" og "pladsenke med jord" på Ulleland 3 i Indre Kleive ved folketeljinga i 1865. Ho skal då vere 62 år gammal, altså vere fødd rundt 1803 i Bolsøy prestegjeld. Mannen Thomas Thomassen Ulleland er då død. Hos seg på plassen har ho desse borna: 1. Ole Tommesen, 25 år og ugift. Han arbeider som "baadsbygger". 2. Anders Tommesen, 23 år, ugift, som "hjelper moderen med Pladsens drift". 3. Ole Tommesen, 19 år og ugift, som også "hjelper moderen med Pladsens drift".

Kjelde: http://xml.arkivverket.no/folketellinger/hefter/1865/15More_og_Romsdal/f8651544_hefte.pdf   side 110

Enke Marit Olsdatter Ulleland døde 4. oktober 1890.  Kjelde: Klokkerbok Protokollnr./tidsrom nr. 557C02/1863 – 1944 Møre og Romsdal fylke Bolsøy prgj. Kleive sokn  https://www.digitalarkivet.no/kb20050613051334

 

Alt dette er greitt, men så finn eg i kyrkjeboka ei anna Marit Olsdatter Røvighagen som er gift med Tron Tronsen Dvergsnes. Ho er gift 28. juni 1829, året etter den førstnemnde Marit Olsdatter Røvighagen.  Forlovarar er Ole Olson Røvighagen og Johan Dvergsnes. Vigsla var i Bolsøy kirke. Han er 28 år og ho er 24 år.

Kjelde: Ministerialbok   Protokollnr./tidsrom    nr. 555A02 /1/1795 – 1821 Møre og Romsdal fylke   Bolsøy prgj.  Bolsøy sokn  side 385  https://www.digitalarkivet.no/kb20070911640157

 

Den første Marit vart ektevigd i 1828 i Kleive kyrkje og den andre i Bolsøy kyrkje i 1829. Det er ingen Marit Olsdatter som er døypt i Kleive i det aktuelle tidsromet. Men i Bolsøy sokn er ovannemnde Marit Olsdatter døypt 26. desember 1804. Noko anna Marit Olsdatter finn eg ikkje i kyrkjebøkene for Bolsøy heller.

 

Når det gjeld konfirmantar har eg funne to Marit Olsdatter, den eine med etternamnet Røvighagen og den andre med etternamnet Røvig.   

Marit Olsdatter Røvighagen konfirmert i 1819:  Ministerialbok Protokollnr./tidsrom  nr. 555A03/1817 – 1843 Møre og Romsdal fylke Bolsøy prgj. Bolsøy sokn,  nr. 8, side 463   https://www.digitalarkivet.no/kb20070911640172   Faren er Ole Olsen Røvighagen og mora er død, viss eg tyder presteskrifra rett. Døypt i 1804.

 

Marit Olsdatter Røvig: Konfirmert i 1820:  Ministerialbok Protokollnr./tidsrom  nr. 555A03/1817 – 1843 Møre og Romsdal fylke Bolsøy prgj. Bolsøy sokn,  nr. 9, side 467  https://www.digitalarkivet.no/kb20070911640174   Faren er Ole Josen Røvig og mora Brid Olsdatter. Jenta er 16 år, altså fødd i 1804. 

 

I fylgje bygdeboka for Vågane er Marit dotter til Ole Olsen Røvighagen og Beret Andersdatter f. Aarøe. Men ho er gift med ovannemnde Tron Tronsen Dvergsnes. 

Marit vart gift i 1828 med Trond Trondsen Dvergsnes (1801 - 88), som var småbrukar og fiskar på Nesplassen, Bolsøy 17-9, også kalla Naustneset. Dei fekk 8 born; 3. Tørri, f. 1812, ugift og busett i Røvikhagen, død 1866; og 4. John, f. 1817, gift til Røvikneset i 1848 med enkja Maria Knutsdatter (1802 - 53), gift andre gong 1854 med Ane Lassesdatter Gjeitnes (1828 - 62). Med andre kona fekk han 3 born, død 1906.   Vågane bygdebok s. 255   https://www.nb.no/nbsok/nb/a0ba3639d6f440859bc7d3cd22d10991?lang=no#258

 

Dersom dette er rett, kven er då den Marit Olsdatter Røvighagen som 22. juni 1828 gifter seg med Thomas Thomassen Tolaas? Er det nokon som veit svaret?

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er ikke et svar, men en anmodning om å bruke større tekst, miniatyrfont gir lesesperre.

Endret av Astrid K. Halleraker
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for anmodninga Astrid. Håper du kan lese dette litt lettare:

Marith Olsdatter Ulleland er nemnd som "husmoder" og "pladsenke med jord" på Ulleland 3 i Indre Kleive ved folketeljinga i 1865. Ho skal då vere 62 år gammal, altså vere fødd rundt 1803 i Bolsøy prestegjeld. Mannen Thomas Thomassen Ulleland er då død. Hos seg på plassen har ho desse borna: 1. Ole Tommesen, 25 år og ugift. Han arbeider som "baadsbygger". 2. Anders Tommesen, 23 år, ugift, som "hjelper moderen med Pladsens drift". 3. Ole Tommesen, 19 år og ugift, som også "hjelper moderen med Pladsens drift".

 

Kjelde: http://xml.arkivverket.no/folketellinger/hefter/1865/15More_og_Romsdal/f8651544_hefte.pdf   side 110

 

Enke Marit Olsdatter Ulleland døde 4. oktober 1890.  Kjelde: Klokkerbok Protokollnr./tidsrom nr. 557C02/1863 – 1944 Møre og Romsdal fylke Bolsøy prgj. Kleive sokn  https://www.digitalarkivet.no/kb20050613051334

Alt dette er greitt, men så finn eg i kyrkjeboka ei anna Marit Olsdatter Røvighagen som er gift med Tron Tronsen Dvergsnes. Ho er gift 28. juni 1829, året etter den førstnemnde Marit Olsdatter Røvighagen.  Forlovarar er Ole Olson Røvighagen og Johan Dvergsnes. Vigsla var i Bolsøy kirke. Han er 28 år og ho er 24 år.

Kjelde: Ministerialbok   Protokollnr./tidsrom    nr. 555A02 /1/1795 – 1821 Møre og Romsdal fylke   Bolsøy prgj.  Bolsøy sokn  side 385  https://www.digitalarkivet.no/kb20070911640157

 

Den første Marit vart ektevigd i 1828 i Kleive kyrkje og den andre i Bolsøy kyrkje i 1829. Det er ingen Marit Olsdatter som er døypt i Kleive i det aktuelle tidsromet. Men i Bolsøy sokn er ovannemnde Marit Olsdatter døypt 26. desember 1804. Noko anna Marit Olsdatter finn eg ikkje i kyrkjebøkene for Bolsøy heller.

 

Når det gjeld konfirmantar har eg funne to Marit Olsdatter, den eine med etternamnet Røvighagen og den andre med etternamnet Røvig.  

Marit Olsdatter Røvighagen konfirmert i 1819:  Ministerialbok Protokollnr./tidsrom  nr. 555A03/1817 – 1843 Møre og Romsdal fylke Bolsøy prgj. Bolsøy sokn,  nr. 8, side 463   https://www.digitalarkivet.no/kb20070911640172

Faren er Ole Olsen Røvighagen og mora er død, viss eg tyder presteskrifra rett. Døypt i 1804.

 

Marit Olsdatter Røvig: Konfirmert i 1820:  Ministerialbok Protokollnr./tidsrom  nr. 555A03/1817 – 1843 Møre og Romsdal fylke Bolsøy prgj. Bolsøy sokn,  nr. 9, side 467  https://www.digitalarkivet.no/kb20070911640174

Faren er Ole Josen Røvig og mora Brid Olsdatter. Jenta er 16 år, altså fødd i 1804.

 

I fylgje bygdeboka for Vågane er Marit dotter til Ole Olsen Røvighagen og Beret Andersdatter f. Aarøe. Men ho er gift med ovannemnde Tron Tronsen Dvergsnes.

Marit vart gift i 1828 med Trond Trondsen Dvergsnes (1801 - 88), som var småbrukar og fiskar på Nesplassen, Bolsøy 17-9, også kalla Naustneset. Dei fekk 8 born; 3. Tørri, f. 1812, ugift og busett i Røvikhagen, død 1866; og 4. John, f. 1817, gift til Røvikneset i 1848 med enkja Maria Knutsdatter (1802 - 53), gift andre gong 1854 med Ane Lassesdatter Gjeitnes (1828 - 62). Med andre kona fekk han 3 born, død 1906.   Vågane bygdebok s. 255   https://www.nb.no/nbsok/nb/a0ba3639d6f440859bc7d3cd22d10991?lang=no#258

 

Dersom dette er rett, kven er då den Marit Olsdatter Røvighagen som 22. juni 1828 gifter seg med Thomas Thomassen Tolaas? Er det nokon som veit svaret?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.