Gå til innhold
Arkivverket

Se dagens innlegg på NRK-beta om DNA


Dag Arne Danielsen
 Del

Recommended Posts

Hei.

 

Se dagens innlegg på NRK-beta om Jeg sendte mitt DNA til USA. Nå angrer jeg.

https://nrkbeta.no/2019/11/20/jeg-sendte-mitt-dna-til-usa-na-angrer-jeg/

 

Mange tankevekkende betraktninger !

 

Mvh Dag Arne Danielsen

Endret av Dag Arne Danielsen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

velkomen etter....

 

Snart kjem dei DNA-evangelistane her og forsikrar (igjen) at det ikkje er noko problem....

Ikkje at dei har noko innsyn i sakene, men dei har trua.

 

 

  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å sitere et innlegg fra kommentarfeltet knyttet opp mot kronikken i NRK:

"Robert Pattinson

 20. november 2019 at 22:55

Alle dere som har sendt inn DNAet deres kan angre nå. Dere vil bli klonet og byttet ut med en kopi – som i The invasion of the body snatchers (1956)". 

 

 

  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 21.11.2019 den 14.22, Anita Aamo skrev:

For å sitere et innlegg fra kommentarfeltet knyttet opp mot kronikken i NRK:

 

Det finst vel meir innsiktsfulle bidrag i dette spørsmålet, også på den "positive" sida? Eller kanskje ikkje?

 

 

Forretningsiden om å få folk til å betale for å levere inn DNA-prøver, saman med oversikt over slekta si er fantastisk,

sett frå eit industrielt/forretningsmessig synspunkt.

Det startar i det små, med (tilsynelatande, iallfall) idealistiske folk som vil hjelpe folk å finne slektningar.

Det kan supplerast med opplysningar om "etnisitet" m.m., basert på den databasen firmaet har.  Det ser spennade

og "vitskapleg" ut - jamvel om det har lite med faktisk historie å gjere.

 

Næringskjeda i biotek-industrien er at ideear vert til små firma. Anten vert dei ikkje til noko meir enn utgifter og mykej arbeid for grunderen;

eller så vert dei kjøpte opp av nokon større. Dei noko større, vert kjøpte opp av nokon endå større, osv.

No er det ein tendens til at informasjonsindustrien har "oppdaga" delar biotek-industrien; t.d. selskap som samlar informasjon frå DNA.

 

Desse slekt-DNA-firmaa byrja som små biotek-firma. Om det var kyniske eller naive folk som starta dei, er eigentleg ikkje så nøye.

Dei som har overlevt, går inn i den vanlege næringskjeden, og ter seg etter kvart som dei rovkapitalistane som står bak.

 

Kva det fører til kan vi kanskje - eller kanskje ikkje - ane.

 

Denne veka har  Forbrukarrådet engasjert seg https://www.nrk.no/norge/forbrukerradet-mener-black-friday-tilbud-er-kynisk-1.14799564

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slik eg les det siste innlegget er du motstandar av kapitalisme og/eller det å drive næringsverksemd. Det kan sikkert vere ein interessant diskusjon, men eg trur det må vere meir fornuftig å diskutere eventuelle fordeler og ulemper ved bruk av dna i slektsforsking enn for eller imot det å drive næring.

 

Når det gjeld det at ein kjøper, brukar eller reiser alt for mykje er eg einig, jf. debatten om den svarte fredagen. Men bruk av dna i slektsforsking er vel ikkje det som bidreg mest til klimaendringar og ureining av miljøet.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Slik eg les det siste innlegget er du motstandar av kapitalisme og/eller det å drive næringsverksemd. Det kan sikkert vere ein interessant diskusjon, men eg trur det må vere meir fornuftig å diskutere eventuelle fordeler og ulemper ved bruk av dna i slektsforsking enn for eller imot det å drive næring.

 

Det finst kapitalistar og det finst kapitalistar. Eg har ikkje noko i mot dei som skaper verdiar og arbeid for seg og andre.

Men eg synest det er all grunn til å vere skeptisk til dei som innrettar verksemda for å ha størst mogeleg utbetaling dei neste

12 månadane, utan noko særleg langsiktig tanke på folk og resursar.

 

Eg er litt usikker på kvar du fann koplinga til reising, klima og ureining (utanom kanskje ved nemninga "Black Friday").

Det er ikkje nemnt i noko innlegg her og ikkje i nokon av nrk-artiklane  det er lenka til (ikkje versjonen som ligg der i skrivande

stund, iallfall).  Akkurat her er det ikkje "Black Friday" Forbrukarrådet tek opp, men det aktuelle "tilbodet" som dette konkrete

firmaet kjem med.

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har nok mykje rett i dette, og eg innrømmer samstundes at eg berre hadde lese overskrifta i artikkelen som du lenka til.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ein interessant og tankevekkande artikkel, og eg likar ikkje koplinga mellom black friday og å teste seg for arvelege sjukdommar.

 

Samstundes er eg motstandar av at ein skal forby alt her i landet som ein ikkje likar. Det er vel snart berre brenning av bøker på offentleg stad som er lov, medan alt anna skal forbyast. I staden burde ein heller prøve å opplyse folk om kva slike testar inneber, og om dei seier noko om det dei i følgje reklamen skal seie noko om. Kvakksalveri er like gale, enten det kjem frå ein viss sjaman eller frå selskap som utgjev seg for å selje "vitskapelege" testar. Om det er slik at testen verkeleg kan seie noko om disponering for arvelege sjukdommar meiner eg at ein må ha tiltru til at folk er såpass oppegåande at dei er i stand til å velje å ta ein slik test, og at dei samstundes kan få hjelp til å tolke resultatet og at dei forstår konsekvensane av å ta ein slik test. Og då er det folkeopplysning som skal til, og ikkje forbod.

 

Det er forresten interessant at Nrk nemner at testane skal kunne avdekke "etnisitet". Kor ofte høyrer ein ikkje i nyheitene at den og den var "etnisk norsk" eller ikkje? Det at Nrk, media, politikarar og folk flest ikkje veit skilnaden på etnisitet/kultur og genetikk/"rase" er eit mykje større samfunnsproblem enn det desse testane er.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det største problemet med desse testane er vel kanskje at ein ikkje veit kvar opplysningane hamnar i framtida. Eg ser for meg at forsikringsselskap vil kunne ha interesse for å kartleggje folk sitt dna. Slik bruk bør vere mogeleg å forby.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Samstundes er eg motstandar av at ein skal forby alt her i landet som ein ikkje likar. Det er vel snart berre brenning av bøker på offentleg stad som er lov, medan alt anna skal forbyast. I staden burde ein heller prøve å opplyse folk om kva slike testar inneber, og om dei seier noko om det dei i følgje reklamen skal seie noko om.

 

Ein del av problemet er at ein ikkje veit kva ein slik test inneber.  Du overlet arvematerialet ditt til eit selskap, som gjer nokre testar no (som du betalar for) og kanskje nokre til (som du ikkje betalar for i første omgong, men som kan gje informasjon som grunnlag for nye tilbod). Dei kan ta vare på materialet til seinare bruk og "tilby" nye testar. Ein del av forretningsideen er å gje deg akkurat så mykje informasjon at du trur du treng éin test til (på det materialet du har sendt inn).

 

Marginalkostnaden med å gjere testane er minimale. Dei har gjort ein del investeringar i utstyr og kompetanse, og derfrå gjeld det berre å få nye kundar og nye oppdrag. Altså skape nye "behov". Det er små kostnader ved å gjere fleire testar for å kartlegge potensielle nye spørsmål du kunne få tilbod om å undersøkje.

Det er heller ikkje så mykje som hindrar dei i å samanlikne prøver frå ulike kundar og finne kven som er i nær slekt  - og så kople desse og "behova" deira.

("anonymisert" er eit rart ord i ein samanheng der ein sender frå seg den genetiske koden sin...)

 

 

22 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Om det er slik at testen verkeleg kan seie noko om disponering for arvelege sjukdommar meiner eg at ein må ha tiltru til at folk er såpass oppegåande at dei er i stand til å velje å ta ein slik test, og at dei samstundes kan få hjelp til å tolke resultatet og at dei forstår konsekvensane av å ta ein slik test. Og då er det folkeopplysning som skal til, og ikkje forbod.

 

Slike testar er sjeldan absolutte; "disponert for" er ei sanning i mange grader og jamvel fagfolk vil ha vanskar med å vite kva det inneber i eit konkret tilfelle. I norsk helsevesen er det eit prinsipp at du skal få personleg rettleiing når du tek ein eller annan genetisk test. Det er neppe rare rettleiinga ein får frå desse selskapa med "tilbod".

Folk er nok i stand til å velje - men ikkje til å vite kva dei vel. Det er ingen som veit kva du vel når du sender arvematerialet ditt til eit kommersielt selskap, særleg ikkje i utlandet.

 

22 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Det største problemet med desse testane er vel kanskje at ein ikkje veit kvar opplysningane hamnar i framtida. Eg ser for meg at forsikringsselskap vil kunne ha interesse for å kartleggje folk sitt dna. Slik bruk bør vere mogeleg å forby.

 

Slik bruk er forboden - i Noreg og land vi likar å samanlikne oss med. Men det kan vere vanskeleg å hindre, og det er svært interessant informasjon for både forsikringsselskap og andre.

 

Vi hadde eit ordskifte for ein del år sidan (her eller på Slektsforum). Ein deltakar meinte med styrke at DNA-slektsfirmaet (i USA) var trygt og viste til personvern-avtalen som inngjekk i kjøpet. Då vi ettergjekk denne avtalen, og underliggande reglar som galdt, kom det fram at det einaste dei garanterte (og ikkje hadde lov til eller amerikanske lover) var at det biologiske materialet ikkje skulle sendast ut av USA.

 

 

 

 

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det største problemet mitt med hensyn til DNA, er at det er for få som tar testen, slik at det blir for lite å sammenligne med, og derfor blir vanskelig å få sikkerhet for alle slektslinjer, som er gransket før, på vanlig måte. Fordelen med å ta testen er større, enn alle disse overdrevne ulempene. Men det som jeg ville hatt forandret på, er at disse som vi tror er i slekt med oss ut fra vanlig slektsgransking, som ikke slår ut på en test mot oss, lar seg finne på en annen måte, slik at det går an å vite hvem som har testet seg av "slektninger", også der disse ikke har fått match mot oss. 

Endret av Svein O. Tislevoll
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.