Gå til innhold
Arkivverket

Nils Andreas Volden f. 1888 - ein forsvunnen vefsning


Knut Skorpen
 Del

Recommended Posts

Nils Andreas Jakobsen Volden f. 1888

Gnr. 124 Vollen er kanskje den garden i Vefsn som i flest generasjonar gjekk i arv frå far til son. Men den siste  odelsarvingen blir borte for oss, og ingen har kunna fortelje kor det vart av han. Nokre har mumla om at alt ikkje var som det skulle med han, men om dei sikta til livsførsel eller helse, veit eg ikkje, og uansett er ikkje mumling noko å bygge på.

 

Men eg veit at guten vart fødd i 1888 og døypt som nr. 13: https://www.digitalarkivet.no/kb20060524100521

Eg finn han i folketeljingane fram til 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036906003978

Men sidan veit eg ingenting. Nokon som har høyrt han gjett?

 

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Svaret på det siste spørsmålet er nei.

 

   Det eg har skrive om familien er dette:

   1887–1918

  Jakob Kristian Volden (1849-1939), son til førre brukar. Gift 1881 med Karen Agersborg Persdtr (1851-1918), dotter til Dordi Maria Thorsdtr og Per Andreas Arnson, Storvika. Skøyte 1887. I 1915 delte han frå parsellen bnr. 5 – ei tomt han gav til avholdslaget ‘Tiltak’. – Då kona døydde, delte han frå bnr. 6 Nybrott, som «Voll-Jakob» beheldt til eigen bruk etter at hovudbruket var selt. 

   Barn:

  1. Dorthea Bech (1885-1910).

  2. Nils Andreas (1888-?). Heime i 1910, sidan ukjent.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den dødsfallprotokollen hadde eg sjekka. Men det er klart at eit skiftedokument frå 1939 (etter faren)  burde kunne gi svar. Men dei er ikkje blant det kjeldematerialet eg har tilgang til i mitt arbeid. Men takk for hjelp og gode spørsmål, Ann-Mary!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom Nils Andreas levde i 1939, ville han tydelegvis vere einearving - og myndig. Då var det neppe noko offentleg skifte.

Men nokon må vel ha teke over bnr.6 etter Jakob. Panteregisteret/grunnboka og panteboka har du vel tilgang til.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Knut Skorpen skrev:

I 1915 delte han frå parsellen bnr. 5 – ei tomt han gav til avholdslaget ‘Tiltak’.

 

Nordland fylke, Søndre Helgeland, Pantebok nr. 28 (1914-1916), Pantebokside, Side 254-255
Permanent bilde-ID: tl20080102670751
https://media.digitalarkivet.no/view/18965/129

 

Nordland fylke, Søndre Helgeland, Pantebok nr. 30 (1917-1918), Pantebokside, Side 406-407 - nr. 62:
https://media.digitalarkivet.no/view/18967/205

 

Så vidt jeg kan se, har Volden gnr. 125. 

 

Nordland fylke, Alstahaug, Pantebok nr. A13 (1948-1948), Pantebokside
https://media.digitalarkivet.no/view/32633/331

Nordland fylke, Alstahaug, Pantebok nr. A13 (1948-1948), Pantebokside

https://media.digitalarkivet.no/view/32633/332

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.