Gå til innhold
Arkivverket

LITT OM NAMNESKIKK OG NAMNEBRUK GJENNOM 400 ÅR.


Håvard Hjorteland
 Del

Recommended Posts

Denne posten er ment som en hjelp/tankevekker for nye slektsforskere, og til ettertanke for oss andre, som kanskje av og til glemmer de gamle og uoffisielle normene for oppkalling.

Teksten i linken under er forfattet av ingen ringere en :

"Ola Aurenes (født 26. februar 1883 i Time, død 1956 i Stavanger), journalist og bestyrer av Statsarkivet i Stavanger fra det ble opprettet i 1949. Han var forfatter av lokalhistorie om Rogaland."

 

Ola Aurenes skriver om Jæren i Rogaland, men det han beskriver gjelder storparten av Norge etter min erfaring.

 

Dette er bare et eksempel fra hans tekst: 

"men når ein tviheldt på dei (navnereglane) utan å ta andre omsyn, kunne det henda at oppkallinga vart til den reine karrikatur."

 "Stor-Ola, Litl-Ola, Litle Stor-Ola, Store Liti-Ola, Minst-Ola, Ola sjøl. "

 

https://www.nb.no/items/3f445001cf67f7945cd0377527e8cf95?page=3&searchText=ola aurenes

 

....................................................................

LITT OM NAMNESKIKK OG NAMNEBRUK
PÅ JÆREN GJENNOM 400 ÅR.
Av Ola Aurenes.
Det har vori skikk på Jæren frå utgamal tid å gje borna sine namn etter faste
reglar. Fyrst skulle no besteforeldra kallast opp. Var det fyrste barnet ein son
fekk han namn etter farfaren, var det ei dotter etter farmora. Sidan kom turen
til morfar og mormor og så til foreldra sjølv. Denne rekkefylgje vart nok stund-
om broten, helst når jorda høyrde til kone-folket; då skulle vanleg hennar far
og mor kallast opp fyrst. Desse reglar gav eit fast samband mellom ætt og gard,
ved at bonden på garden bar det same namnet, eller skiftande mellom to namn,
i ættled etter ættled. Der er mange prov på slike ubrotne namnerekkjer. Eitt av
desse er den kjende og vyrde Mossige-ætta i Time. Der har eigarmannen i bein
line heitt skiftevis Sven og Ingebret gjennom 9 leder, i snart 300 år.
Ein annan fast regel var, at når ein enkjemann gifta seg att, gav han fyrste
dottera namn etter fyrste kona si, om ho ikkje var oppkalla før. Og ei enkje
kalla sonen opp etter fyrste mannen. Dermed kunne det same namnet koma
til å fylgja garden, endå den fyrste ætta var utdøydd.
Det var også ein regel å kalla opp ein avliden bror eller syster åt ein av
foreldra.
Desse gamle reglar har vori av stort verd for dei som i nyare tid har drivi
med å granska dei gamle ætter. Når kyrkjebøker og andre gamle protokollar gjev
lite fullnøyande opplysningar, kan desse namnereglar koma til å løysa flokene.
Reglane var gode nok i seg sjølv, men når ein tviheldt på dei utan å ta andre
omsyn, kunne det henda at oppkallinga vart til den reine karrikatur. La oss
seia at både farfaren og morfaren heitte Ola; det er det mannsnamn som har
vori mest i bruk på Jæren både i gamal og ny tid. Både farfar og morfar skulle
kallast opp, og begge ville ha sitt eige namn att ubrigda hjå sone- eller dotter-
sonen. Så fekk dei to fyrste sønene namnet Ola. No kunne det henda, at også
faren heitte Ola og vart oppkalla, og dermed vart der i same huslyden 6 av same
Eit namn skal vera eit kjenningsmerke, for å skilja dei einskilde frå kvar-
andre, både i tiltale og i omtale, og når alle har det same namnet, må der andre
kjenningsmerke til. Det kan da verta noko liknande som det heiter i ei gamal
herming fra Jæren: Stor-Ola, Litl-Ola, Litle Stor-Ola, Store Liti-Ola, Minst-
Ola, Ola sjøl.
Når tilhøva var slik, vart nok i mange tilfelle reglane brotne, serleg i seinare
tider. Ein fann andre namn i staden; det vart rekna som oppkalling når berre
fyrstebokstaven var den same. For Ola kunne ein kalla Olaus eller Omund, for
Knut Kristian eller Kristoffer, for Lars Ludvig eller Luther.
Tida har skipla mykje i dette stykke. Mange set no til sides alle gamle nam-
nereglar og gjev borna eit namn som dei tykkjer om. Men likevel kjenner eg
fleire tilfelle, der to brør heiter Per, eller Ola, eller Lars.

Endret av Håvard Hjorteland
  • Liker 5
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har vi vel diskutert spørsmål om oppkalling her (og i Slektsforum) nokre gongar før.

Konklusjonane har vore om lag sånn:

- ja - oppkalling har vore vanleg

- men nei - "regelen" om farfar og farmor, så morfar og mormor er ingen "regel" på den måten at han gjeld eit fleirtal.

- det kan hende praksisen med oppkalling av avdød ektefelle var så vanleg praktisert at det kan vere snakk om ein regel

(men det er meir eit spørsmål enn ein konklusjon - eg trur ikkje eg har sett statistisk grunnlag for dette)

 

"reglane" er til vanleg presenterte - slik Aurenes gjer - utan noko form for statistisk underlag.

Det er naturlegvis lett å finne døme på oppkalling. Det er minst like lett å finne døme på avvik, som Aurenes også har gjort.

Dersom ein vil sjå  at "regelen" gjeld, ser ein mest på dei første døma - dei som viser oppkalling - og ser bort frå dei andre.

Det gjev ei fin historie - men soga treng ikkje vere rett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En av mine oldefedre hadde en storebror som het det samme - de var oppkalt etter henholdsvis farfar Ola og morfar Ola. Da ble det "Stor-Ola" og "Litj-Ola" og sistnevnte er da min oldefar.

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Stangvik
  • Kommunenummer: 1564
  • Navn på bosted: Bæverfjordnøst

Antall personer registrert på bostedet: 10. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Ole Thoresen Husfader e Husmd. med Jord 1769 Stangvik  
  Thore Olsen hans Søn g hjælper Faderen paa Pladsen 1823 Stangvik  
  Gjørrønd Olsdatter hans Kone g   1835 Surendalen  
  Ole Thoresen deres Søn ug   1859 Stangvik  
  Ole Thoresen deres Søn ug   1865 Stangvik  
  Ragnild Thoresdatter deres Datter ug   1863 Stangvik  
  Ingeborg Olsdatter hans Datter ug   1826 Stangvik  
  Ragnild Olsdatter hans Datter ug   1819 Stangvik  
  Ingebrigt Arntsen Logerende g simpel Arbeidsmd. 1832 Stangvik  
  Gjertru Olsdatter hans Kone g   1830 Stangvik  
 
Søsteren til to Olaene het Ragnhild. Og hun er oppkalt etter sin farmor, den avdøde kona til Ola Toresen, f. 1769. Her er dåpen og konfirmasjonen til faren Tore Olsen, f. 1822, døpt 1823, som viser at moren het Ragnhild Andersdatter: 
 
Møre og Romsdal fylke, Stangvik, Halsa i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A02 (1820-1830), Fødte og døpte 1824, Side 42-43
https://media.digitalarkivet.no/view/16135/23
 
Møre og Romsdal fylke, Stangvik i Stangvik, Ministerialbok nr. 592A03 /1 (1831-1849), Konfirmerte 1838, Side 312
https://media.digitalarkivet.no/view/16136/128
 
 
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.