Gå til innhold
Arkivverket

Giertrue Einersdtr, Povel Simensen Schar, Ole Myren Tingvoll M&R


Knut Skorpen
 Del

Recommended Posts

Pål Simenson (Povel Simensen Schar) vart i 1729 dømt til arbeid på Munkholmen, mens Gjetrud Einarsdtr vart forvist frå heimstaden (Tingvoll, Nordmøre) til teneste i fiskeleiene i Nordlandene - i dette tilfellet Vefsn. Brotsverket var blodskam, så vidt eg kan forstå. Pål var stefar til Gjertrud. Om eg forstår saka rett, hadde ho først utlagt ein Ole Myren til barnefar. Men dette forstår eg ikkje fullt ut. 

 

Gjertrud Einarsdtr kom i alle fall til Vefsn i 1729, og fødde like etter eit barn. Ho forklarte at det var same barnefar som sist, altså stefaren Pål Simenson. Dei hadde møttest mens dei var under arrest, forstår eg. Dette barnet vart fødd i dølgsmål på Risneset i Vefsn. Ho hevda barnet var dødt ved fødselen, men ho vart dømt til døden.

 

Gjertrud forklarte at ho var 30 år i 1729. Er det nokon som veit kven Pål Simenson Skar var, og kor gammal han kan ha vore?

 

Eg veit ikkje korleis det vidare gjekk med Gjertrud; vi har ikkje sett at ho vart avretta i Vefsn, så eg håper jo ho fekk nåde. Men kanskje nokon kjenner denne saka frå Tingvoll?

 

Trondheim lagting 17.2.1729 s. 143–144 https://www.digitalarkivet.no/rg20090505400390

Hausttinget 1729, Helgeland tingbok 8 s. 238. https://www.digitalarkivet.no/rg20090427350807

Nordland og Finmarks lagstol, 23.5.1730, s. 32–33, 35.  https://www.digitalarkivet.no/rg20090506330032

Helgeland sorenskriver 19.7.1730 tingbok 9 s. 15b https://www.digitalarkivet.no/rg20090427350849

 

 

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWLT-2XP

Name: Giertrud Einarsen
Gender: Female
Christening Date: 28 Dec 1695
Christening Place: TINGVOLL,MORE OG ROMSDAL,NORWAY
Father's Name: Einer Skar
 

Møre og Romsdal fylke, Frei, Tingvoll, Øre i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A02 (1664-1702), Kronologisk liste 1696
https://media.digitalarkivet.no/view/16116/214

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWH4-FHW

Name: Povel Simensen
Spouse's Name: Giertrud Olsdr
Event Date: 07 Jan 1720
Event Place: Tingvoll,More Og Romsdal,Norway

 

Møre og Romsdal fylke, Frei, Tingvoll, Øre i Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A03 (1706-1731), Kronologisk liste 1720 - venstre side:

https://media.digitalarkivet.no/view/16117/62

Gjertrud Olsdatter var enke. 

 

Gards- og ættesoge for Tingvoll, bind  3 - side 623-624, Skar - Oppistua:

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014120824002

 

Skar 1 .jpg

Skar 2 .jpg

Endret av Grethe Flood
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk, Grethe. I protkollen frå Trondheim lagting 1729 (lenkje i #1) er det drøfta om Ole Myren eller Povel Simensen Schar var rette barnefar. Ser det ut til. Eg er forstår eigentleg ikkje kva Gjertrud vart dømt for i februar 1729, det står noko om at stefaren hadde "tvunget hende at føye sin villie", men dette er også eit problem eg ikkje kan bruke all verdas tid på å finne ut av. 
Men eg er nysgjerrig på kor gammal Paul Simonson var. Sjølv om han var stefar til Grethe, kan dei jo ha vore jamaldringar. Det er vel sannsynleg at han var fødd ca. 1690, og altså 5 år eldre enn stedottera; sjå Stubø i 1701. https://www.digitalarkivet.no/ft10051010282125

 

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.