Gå til innhold
Arkivverket

LØST - Gården Volden i Sunnfjord og ekteparet Oluf Volden - Gertrud Rasmusdatter midt på 1700 tallet.


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

https://www.digitalarkivet.no/search/64/38456?fornavn=Gul*|gud*&etternavn=&stilling_stand=&kjonn=&rolle=&alder=&oppholdssted=&gard=&konstruert_adresse=&sokn=&prgjeld=&skipreide=&fodestad=&fogderi=&merknader=

 

Det finst ein god kandidat på Åsnes:

https://www.geni.com/people/Gulbrand-Ytre-Åsnes/6000000036829708242

 

Av dette treet ser ein også at det allereie er nokon som meiner at Eiliv Gulbrandson Åsnes og Eiliv Gulbrandson Rivedal er identiske.

 

Ei årsak til at eg har venta med å slå saman desse trea er at opplysningane ikkje stemmer heilt overeins. I følgje skiftet etter Marte Paulsdtr. i 1704 hadde ho og Gulbrand fellesborna Eiliv, Paul og Nils. Eiliv Gulbrandson Rivedal hadde i følgje skiftet i 1747 syskena Nils Gulbrandson Buttedal og Gulbrand Gulbrandson Ask (nemnde som formyndarar).

 

Forklaringa kan vere så enkel at Gulbrand har hatt sonen Gulbrand i eit anna ekteskap.

 

Eg skulle gjerne ha visst om fleire kjelder som kunne kaste lys over dette.

 

Eg limer inn det som står på side 357 i bygdeboka:

 

På slutten av 1500-talet var der 2 bønder på Åsnes, Hans og Rasmus. I skattemanntalet for 1590 er det sagt at Hans budde på «Yder Aasness» og Rasmus skulle då vera busett på Indre
Åsnes. Hans er i Svinesund-manntalet 1612 nemnd som utreiar. I matrikkellista til futen Busch finn ein merknad om at «en ringe liden laxeverp» høyrde til garden.

 

Av manntalet 1666 går det fram at Ytre Åsnes frå 1630 hadde vore delt i 2 bruk. Brukarane var Eiliff og Hans Hanssøner. Ved fe-teljinga 1657 hadde Eiliff 1 h., 13 storfe, 21 s., 12 g. Eiliff var 67 år i 1666. Søner: Torstein, 13 år, Knud, 8 år og Gulbrand, 6 år. Hans hadde 12 storfe, 15 s., 5 g. Hans var 64 år i 1666 og hadde fostersonen, Michel Jensen, 10 år. Skyld på kvar bruk var 2 pd. 6 m. I regimentlista for 1670 er Eiliff Hansson og Hans Hansson framleis busitjarar.

 

Stutt tid etter 1670 vart der brukarskifte på Ytre Åsnes, med di Gulbrand Eilivson hadde teke over det eine bruket og lffuer (Ivar) det andre. Gulbrand Eilivson var g. m. Marite Paulsdtr. (d. 1763). BornEliv f. 1687. Paul f. 1691. Nils f. 1693. Ein kallar heretter bruka for A og B.

----------

Gulbrand og sønene på Åsnes ytre i 1701

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.