Gå til innhold
Arkivverket

Spørsmål om patronym


Nils Harnes
 Del

Recommended Posts

Hei!

Eg har ein brukar som er registrert som Oluff på 1620-talet i Romsdal. Seinare har eg to brukarar med patronymet Olsen. Kan Oluff ha vorte til Olsen? Kan eventuelt Oluff ha vore Ole i daglegtalen? Nokon som har sett det før?

 

Mvh

Nils

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja... 

 

Det var fri flyt.  Regelfast staving av namn er eit nymotens påfunn.

Olluff, Oluf, Oelle, Olle, Ole mfl. ga  Oellsen, Oluffsen, Ollsen, Olsen osv.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Romsdalen var vel Ola den vanlege forma av dette mannsnamnet. Og det var vel vanleg å gje det att som "Oluff" i skrift. Sønene kan få patronymet skrive Oluffsøn og Olsen.

Derfor kan godt Olluff og Olle Olsen vere far og son. Men når det som her står Olluff om den eine og Olle om den andre (sjå lenkja, øvst til høgre), kan eg begynne å lure på om det har vore skilnad i uttalen av fornamnet  for desse to personane. Men forsøkjer ein å ettergå ein slik hypotese, trur eg hypotesen ryk. https://www.digitalarkivet.no/rk20080918650432

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

På 13.12.2019 den 18.58, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Regelfast staving av namn er eit nymotens påfunn.

Ein kan vel seie det så sterkt som at rettskriving i det heile er nymotens. Vi ser stadig same ordet eller same namnet med ulike skriftbilete, til og med innan same dokument. Det var rett og slett ikkje så nøye med. Eg finn det ikkje i farten, men har eit godt døme på det; trur det er ei sak frå ca 1690 - der det i fyrste setning står at Siffuer er ueinig med grannen sin om noko, og i andre setning står kva Siur faktisk hevdar. Dette er heilt normalt i gamle papir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.