Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

 Hei!

Kan nokon hjelpe meg med å tyde skattelista for 1652? Eg er interessert i det som står under Harnes (eventuelt også Haugen).

Meiner eg les Knud Harnes og Jetmund (?) Harnes som nummer tre og fire under Sund Otting. Er det rett? Men kva står framfor og etter i dei to linene? Ser "wog", men forstår ikkje talet....

 https://media.digitalarkivet.no/view/77061/297

 

Mvh

Nils Harnes

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/241695-skatt-p%C3%A5-harnes-i-1652/
Del på andre sider

Eg les det som

"Knud Harnes  ---  i [1 1/2] Wogh  ---- ij dr"

"Jetmund ibm ---  i [1 1/2] Wogh  ---- ij dr"

til venstre står kven som er bygselrådig; og teikna finn eg ikkje andre stadar; "di Ma?etie?" - men det kan kanskje vere kortform av "de majesteter" - altså kongen.

 

Haugen ser eg ikkje her.... (men det er delt opp i eigne lister for full-, halv- og øydegardar , så Haugen kjem kanskje i ei anna liste?)

Tusen takk, igjen! Reinhold von Hoven kom inn som eigar, truleg ein gong på 1650-talet, men då tydlegvis etter 1652. Kan stemme med kongen, ja. Han var eigar i 1647, og denne Reinhold von Hoven skal ha kjøpt pantsette gardar i 1654/dels betaling for militær innsats?

Endret av Nils Harnes
5 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Haugen er her, nest nedst til venstre https://www.digitalarkivet.no/rk20080915690643

 

"Elling Haugenn __ iiij pund ___ j dr"

 

" di Ma?etie?  bøxler", som for Harnes

 

Nils, Else, Ivar,

 

Randnotisen skal helst være: «Dj Marselier bøxler». Siden vi befinner oss i 1652, så er det mitt forslag at det kan være snakk om de hollandske brødrene Selius og Gabriel Marselis, storkapitalister og aktive i Norge fra senest 1643/1644.

 

https://no.wikipedia.org/wiki/Selius_Marselis

 

https://no.wikipedia.org/wiki/Gabriel_Marselis

 

Mvh Are

 

Hei, kan sjå ut som du er inne på noko der, ja. I eit årsskrift av Romsdal sogelag finn eg dette: "Kong Fredrik 3 lånte penger av et Hamburger-firma Marselis, og pantsatte på et brett 140 gårder bare her i Romsdal" https://books.google.no/books?id=tCI3AgAAQBAJ&pg=PA8&lpg=PA8&dq=Marselis+romsdal&source=bl&ots=E6xwEV5jTE&sig=ACfU3U1KuM37LnJ11-Fp24Qjq6zoAPk2iA&hl=nn&sa=X&ved=2ahUKEwj2gIy57tfmAhVE8aYKHaKdDG4Q6AEwBXoECAkQAQ#v=onepage&q=Marselis romsdal&f=false

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.