Gå til innhold
Arkivverket

Etterkomarar etter Hans Torbjørnson Bøtun f 1634 av Dahlsætta


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

I tidsskrift for historielaget for Sogn, nr 18 frå 1956 finn eg ein artikkel av Per H. Bøthun om greiner av Dahlsætta på Fimreite. I det han kallar Bøtun-greini er nemd  at Hans Torbjørnson Bøthun  f ca 1634 var son til Torbjørn Gauteson Hov Dahl f ca 1590. Hans vart brukar på ein del av Skrivargarden i Bøthun. Det stemmer med ætteboka for Leikanger, men verken kone eller evt born er med i boka.

 

I tidsskriftet står det vidare at Hans Torbjørnson hadde sonen Eirik Hansson Bøthun som overtok bygsla av skrivargarden etter faren. Eirik var gift med Kristi Olsdtr, Flete. Årstalet 1697 er oppgjeve, kanskje året dei gifte seg? Eg finn ikkje dette ekteparet i ætteboka.

Artikkelen seier vidare at sonen Hans Eirikson f 1693 vart brukar etter faren. Kona ukjend.

Deretter son hans Ivar Hansson Bøthun f ca 1720, gift med Ragnhild Sjursdtr. Hove.

 

I ætteboka for Leikanger og Fresvik står det at Ivar Hanson f 1720 som var brukar på Skrivargarden var son til Hans Jonson Orvedal f ca 1680 gift med Gjertrud Bendiksdtr. Ovrid (1681-1741) og at dei bygsla eit bruk på Hove i Vik men kom til Bøtun før 1713. Sonen Ivar Hanson gift med Ragnhild Sjursdtr, bygsla Skrivargarden. Artikkelen stemmer såleis ikkje med desse opplysningane.

 

I manntalet 1701 for Fresvik finn eg heller ikkje  Hans Eirikson Bøtun eller faren Eirik Hansson Bøtun.

Derimot finn eg Hans Jonson Orvedal i Vik:

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000626673

 

Kan dette med etterkomarane etter Hans Torbjørnson Bøthun f 1634 vera ei mistyding? Og at ætta kjem frå Orvedal i Vik? 

Er det nokon som klarer spora opp Eirik Hanson Bøthun  og kona Kristi Olsdtr, Flæte. Og sonen Hans Eirikson f 1693?

 

Anne Marie Øyri

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
På 27.12.2019 den 19.05, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

I ætteboka for Leikanger og Fresvik står det at Ivar Hanson f 1720 som var brukar på Skrivargarden var son til Hans Jonson Orvedal f ca 1680 gift med Gjertrud Bendiksdtr. Ovrid (1681-1741) og at dei bygsla eit bruk på Hove i Vik men kom til Bøtun før 1713.

 

Finner dette skiftet etter Ivar Hansen Bøtun i 1771:

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000523597

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 8b (1766-1772), Skifteprotokollside, Side 692b-693a
https://media.digitalarkivet.no/view/24166/311

 

Enken er vel Ragnhild Sjursdatter og så vidt jeg kan se har de 2 sønner og 5 døtre: Hans Iversen og Sjur Iversen, eldste datter heter Gjertrud, så følger Unni, Marthe, Syneve og Anna. Jeg regner med at det er oppkalling etter besteforeldre her. 

 

Her er skiftet etter Hans Jonsen Bøtun i 1740:

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000521044

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 6a (1740-1743), Skifteprotokollside, Side 46b-47a
https://media.digitalarkivet.no/view/24161/47

 

Enken er Gjertrud Bendiksdatter og det ser ut som de har to sønner: Jon og Iver. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Grethe.

Det du har funne fram stemmer med opplysningane i ættesoga, og Hans Jonsen Bøtun kom frå Orvedal i Vik. 

 

Hans Torbjørnson Hov Bøthun f  ca1634 har eg ikkje klart å spora opp etterkomarar etter hittil, og det verkar som det var ei ny slekt frå Orvedal i Vik som overtok på Skrivargarden i Bøthun  rundt 1710. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.