Gå til innhold
Arkivverket

Lensmann John Jørgenson Jordanger (1727-1801) - kvar vart det av svigerdotteri Aase (Møklebust) og sonen Hans Johnson? - ei «vrien» sak!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg jobba ein del med for om lag 15 år sidan, men som eg aldri greidde å komma heilt «til bonns» i.

 

Det var dette innlegget frå Ivar Moe i eit anna emne som minte meg om denne huslyden:

 

Kiøbenhavns Kongelig alene priviligerede Adresse-Contoirs Efterretninger

 

27. juni 1788 | 2. udgave

image.png.add171dc65b332ac424c7f002b3ec89b.png

 

Dei to «hovudutfordringane» vart drøfta i desse emni frå det gamle brukarforum, men utan at det kom noko meir ut av det:

 

* https://forum.arkivverket.no/topic/111311-25656-aase-nilsdotter-møklebust-frå-egersund-1753-flytte-ho-til-bergen/?tab=comments#comment-910130

 

* https://forum.arkivverket.no/topic/110880-25221-hans-johnson-fødd-hafslo-1759-busett-i-christiania-oslo-1801-lagnad/?tab=comments#comment-907106

 

Her er ei samla framstilling av denne huslyden der eg har utheva særskilt dei konkrete spørsmåli:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

John Jørgenson Jordanger, opphavleg frå Grindhaug under Marheim, vart døypt 2.11.1727 og vart gravlagd frå Jørongo 21.6.1801.  Han gifte seg første gongen kring 1753 med Elsa Hansdotter frå Kjørlog.  Ho vart døypt 15.5.1729, men vart gravlagd frå øvre Jørongo alt 29.5.1762.  John gifte seg 4.7.1763 att i Hafslo med Øllegaard Hansdotter Ørbech frå Nattvik i Årdal, ei dotter av gardbrukar Hans Andersson Ørbech i Nattviki (1675-1752), opphavleg gardbrukarson frå Talle i Luster.  Øllegaard var f. i Årdal kring 1720 og vart gravlagd frå Jørongo 3.5.1785.  John Jørgenson flytte inn på øvre Jørongo som brukar alt i 1757 og budde framleis der, då han 11.6.1771 hjå amtmann Joachim de Knagenhielm vart utnemnd til ny lensmann i Solvorn og Marifjøra skipreider etter Lars Olson på Kvam nedre i Hafslo.  Dette embetet hadde han fram til 1789.  Men alt 21.2.1785 fekk han skøyte på dette bruket på nedre Jørongo og flytte hit med huslyden sin.  Her vart John buande levetidi ut, men han let frå seg gardsdrifti alt i 1791.  John Jørgenson fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet:

 1. Kari Johnsdotter (1755-1833), vart gift med gardbrukar David Zachariasson Svabo i Kroken i Luster (1755-1825).

 2. Jørgen Johnson, f. kring 1757,

Jørgen Johnsen reiste truleg ut som matros alt i ung alder, men vart i 1783 innsett på Bergenhus slaveri på livstid for tjuveri.  Han slepte ut i 1789 og gifte seg so i Hafslo 6.6.1789 med Aase Nilsdotter, visstnok frå Møklebust i Egersund.  Ho var i so fall dotter av gardbrukar Nils Pederson på Møklebust og kona Anna Tormodsdotter og f. i Egersund 28.1.1753.  Dei busette seg i Bergen, men truleg er det han den Jørgen Johnsen som i 1800 er registrert mellom matrosane i Bergen som ikkje hadde avlagt truskapseid.  Han var ”gift og høg av vekst” og d. under ein sjøreise til Nordland 4.2.1803.  Den seinare lagnaden til Aase er ukjend. 

 

##### (lagnaden hennar?)

 

Dei var barnlause.

 3. Hans Johnson, døypt 23.9.1759,

Hans Johnsen flytte òg ut i ung alder, og etter at han i 1787 hadde stole ein hest på garden Sand nordre på Jevnaker, Hadeland, vart han året etter dømt til å sona fengselsstraff i jarn ut levetidi si på Akershus festning i Christiania (Oslo).  Han vart òg dømd til “at stryges til Kagen og brændemerkes”, men dette sleppte han unna.  Hans vart i 1791 overført til Frederiksteen festning ved Halden, men han må sidan ha vorte benåda, for ved hundreårsskiftet var han busett i Christiania (Oslo).  Den seinare lagnaden hans er diverre ukjend.

 

##### (lagnaden hans?)

 

 4. Agatha Johnsdotter (1762-1802), vart gift med gardbrukar Nils Olson på nedre Jørongo (1747-1810); dei fekk ta over heimebruket hennar.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore svært so kjekt å finna ut kvar det vart av Aase og Hans, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
På 17.1.2020 den 22.33, Lars E. Øyane skrev:

Jørgen Johnsen reiste truleg ut som matros alt i ung alder, men vart i 1783 innsett på Bergenhus slaveri på livstid for tjuveri.  Han slepte ut i 1789 og gifte seg so i Hafslo 6.6.1789 med Aase Nilsdotter,

 

På 17.1.2020 den 22.33, Lars E. Øyane skrev:

ei busette seg i Bergen, men truleg er det han den Jørgen Johnsen som i 1800 er registrert mellom matrosane i Bergen som ikkje hadde avlagt truskapseid.  Han var ”gift og høg av vekst” og d. under ein sjøreise til Nordland 4.2.1803.  Den seinare lagnaden til Aase er ukjend. 

 

Du har kanskje allerede sjekket ut denne vielsen i Korskirken i 1805?

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000433502

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 9 (1743-1861), Viede 1805, Side 118
https://media.digitalarkivet.no/view/8681/128

Vielse 1805.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men så dukker dette dødsfallet opp i 1807:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000193520

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 12 (1786-1832), Døde og begravede 1807, Side 73
https://media.digitalarkivet.no/view/8679/77

 

Hvis denne Jacob Knudsen Lie er identisk med han som giftet seg i 1805 med enken Aase Nilsdatter, som døde i 1818, 64 år gammel, ville samme Aase ha vært 53 år gammel da den avdøde Agothe, ble født...! 

 

 

Dødsfall 1807.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000794926

https://www.digitalarkivet.no/view/177/pc00000000203496

 

Nederst:

Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Ministerialbok nr. E 1 (1833-1850), Døde og begravede 1849, Side 84
https://media.digitalarkivet.no/view/8363/85

 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 2 (1847-1861), Dødsfallsprotokollside, Side 57b-58a
https://media.digitalarkivet.no/view/23996/60

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og gratulerer med nytt flott bilete!

 

Jau, eg trur du har finne den rette Aase Nilsdotter.  Eg har vore på leiting etter dåpen til denne dotteri Agatha, men finn ikkje at Jacob og Aase hadde noki slik dotter.  Derimot fann eg ei Agatha Bertine, fødd 22.11.1805.  Ho høver perfekt med alderen, men far hennar var grenader RASMUS Knutson Lie, ikkje gesell Jacob - må vera ei feilskriving?

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8676/107

 

Men greier du, eller nokon andre, å identifisera denne Jacob Knutson Lie, 75 år ved dødsfallet i 1849?  Kva seier borgarboki?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa desse kjempeutfordringane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En kandidat? - nederst til venstre:

 

Hordaland fylke, Tysnes, Onarheim, Uggdal (Opdal) i Tysnes, Ministerialbok nr. A 5 (1762-1793), Fødte og døpte 1774, Dagregister 1774, Side 41
Permanent bilde-ID: kb20070521660042
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070521660042
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070521660042.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Eg var frista til å tru at Rasmus kunne ha vore ein bror av Jacob, men det var han jo tydeleg IKKJE.

 

Men no er eg litt spent på om dei gode bygdebøkene frå Tysnes harf noko meir om Jacob og huslyden hans?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt flott innlegg!

 

Då er denne delen av problemet løyst, og me sit «berre» att med spørsmålet kring lagnaden til Hans Johnsen i Christiania...  Men den nøtti vert ikkje enkel å løysa, eller kva seier de?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.