Gå til innhold
Arkivverket

Ekteparet Johannes Eirikson og Brita Eiriksdtr gravlagde på same tid i 1770


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/11567/215

 

I kyrkjeboka er begge jordfesta på ame tid. Eg finn også skiftet etter dei

https://media.digitalarkivet.no/view/24166/312?indexing=

 

Dei etterlet seg 3 born då dei døydde (så vidt me veit) og han skulle vera husmann på Høgheim etter at han måtte selja garden Øyri i 1747.

 

Det eg lurer på er no det i skiftet står noko om dødsårsak eller andre opplysn om familien?

 

Anne Marie Øyri

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikke oppgitt noen dødsårsak i skiftet.

 

Det faktum at ekteparet ble jordfestet samme dag, behøver ikke bety at de døde samme dag; det behøver ikke engang bety at de ble begravet samme dag. Det var selve jordfestelsen som var den kirkelige handlingen som man trengte prest til, og presten kunne ha "samlet" opp jordfestelse av flere begravede til én dag han befant seg på kirkegården. Under jordfestelses-innførslene står det da også: NB - Alle disse døde udj Decembris Maaned, altså spredt over en periode på opptil 31 dager.

 

Ekteparets arvinger oppgis å være deres udi lovlig Ægteskab sammen aflede Børn, Nembl.  udi første Ægetskab med med den forlængst  bortdøde  Kone Ingebor aflet 1 Datter, og udi andet Ægteskab med den nu bortdøde Kone Brithe Erichsdatter aflet 1 Søn, Nemlig Erich Johannesen , Myndig og tilstæde, og Datteren  24re aar gl. 

(Jeg kan ikke se at denne datterens navn er oppgitt.)

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står ikkje i skiftet om dødsårsak (eller tidspunkt).

Det er tre born,

Johannes i første ekteskap med "forlengst bortdød" Ingeborg: éi dotter (utan namn)

Johannes og Brithe: ein son, Erich Johannesen, myndig og tiltades, og ei dotter, 24 år (utan namn).

 

Det ser ut til at buet er insolvent (altså eit skifte mellom kreditorar), så det har ikkje vore så nøye med arvingane.

 

Kyrkjeboka seier at "alle disse døde udj Decembr maand."  (altså 1770) - men det såg du sikkert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til dykk begge.

Det eg stussa litt på var at det var så pass mange som døydde i desember.  Men om det var spesielle årsaker til det så var det vel ikkje vanleg å skriva noko i kyrkjeboka på den tid.

 

Opplysningane eg har om familien stemmer ikkje heilt med skiftet:

1. ekteskap:

Gjertrud  fødd i 1738. Ho var altså 33 år i 1871 og er den som er utan namn i skiftet

2. ekteskap:

Ingeborg 1742-1753, så ho er "forlengst bortdød."

Erik er fødd i 1746 og levde til 1825.

Ola fødd i 1754 men skulle døy ung

 

Ola er ikkje nemd i skiftet og så er det ei ukjend dotter på 24 år, dvs fødd ca 1747.  Men ein må vel gå ut frå at opplysninge i skiftet er rett?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er Ingeborg, den første kona, som er "forlengst bortdød"  - og mor til dotter utan namn.

Det kan godt ha vore ei dotter Ingeborg i ekteskap nr. 2 - oppkalla etter avdød ektefelle.

Erik må ha vore minst 25 år (myndig) ved skiftet, altså fødd seinast april 1746.

 

Viktige opplysningar må ein rekne med er rette, t.d. myndig eller ikkje myndig. Mindre viktige opplysningingar

kan vere so som so. Til dømes gjer det ikkje nokon skilnad i skifteforretninga om ei dotter er 14, 24 eller 34 år.

 

Skrivaren rotar litt:  først kjem den vanlege formuleringa om "sammen aflede børn"   - og så kjem brått opplysninga om at eitt av

borna er frå eit første ekteskap. Dvs at "skifte og deling" er mellom tre born etter ektemannen, men berre to born etter kona.

Det ville truleg(?) vore sagt meir presist om det faktisk var nokon arv å dele på.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det som kanskje er sannsynleg då er at det er ei dotter i 2. ekteskap som er fødd rundt 1747 og som me ikkje har namn på.

 Og sonen Ola er ikkje nemd, men det kan kanskje vera at han er død nyfødd eller svært ung.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk skal du ha.

Dermed er det ikkje sikkert at Ole var son til Johannes Eirikson som budde på Øyri. Mange stranddsitjarar her der dei skreiv seg med fellesnamnet Fresvik eller Ved Søen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Dermed er det ikkje sikkert at Ole var son til Johannes Eirikson som budde på Øyri. Mange stranddsitjarar her der dei skreiv seg med fellesnamnet Fresvik eller Ved Søen.

Har du funne innleiing av mora?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.